Juryen og folket har talt – og no er Årets Nordlending 2025 kåra.
Det kom inn rundt 300 forslag og over 7000 stemmer til årets kåring av heidersprisen Årets Nordlending, som har vore delt ut av Avisa Nordland og NRK Nordland sidan 2002.
Ti finalistar blei plukka ut av juryen, og no har både folket og juryen sagt sitt for å kåre ein vinnar.
Og denne gongen er det altså ei historisk utdeling.
Juryen har for første gong valt å dele ut prisen til to mottakarar. Dei to fekk desidert flest stemmer av folket, og juryen klarte ikkje skilje dei.
Årets Nordlendinger 2025 er Odd Eidner (69) frå Bodø og Malene Elfrid Ingebrigtsen (23) frå Hadsel.
– Dei har begge vore forbilde som har tort å ta tak i vanskelege tema som psykiske lidingar og sjølvmord. Aldersmessig – og publikummet dei vender seg til – er likevel vidt ulikt, skriv juryen i grunngivinga si om dei to vinnarane.
Les grunngivinga frå juryen her:
– Nesten mållaus
Odd Eidner har i ei årrekke vore ein av dei mest folkekjære prestane i Nordland.
– Det gir masse inspirasjon, gjer meg audmjuk og nesten mållaus å skulle få ein slik pris, seier Eidner.
No har han gått av med pensjon, men han fortset arbeidet sitt for etterlatne etter sjølvmord, blant anna gjennom deltaking i filmen «Ingen å miste».
Odd Eidner er opphavleg frå Steigen, men har budd i Bodø i store delar av sitt liv. Han var i 20 år prostiprest i Bodø, der han også betente fleire andre sokn i Nordland (Meløy, Gildeskål Værøy og Røst)
Foto: Ulrik Vindsetmo Søberg / NRKNyleg vann han også Petter Dass-prisen, som går til ein person som har sameint kristen tru med folkelegheit.
– 2025 har vore eit spesielt år. Eg har slutta i jobben, samtidig vigd mi eiga dotter og blitt bestefar.
– Kvifor trur du så mange har stemt på deg?
– Ja seie det, håpar ikkje det er fordi eg har slutta som prest og dei er glade for at dei endeleg er kvitt meg, ler 69-åringen.
– Eg vel å tru det er fordi eg har farta mykje rundt. Eg har faktisk vore innom alle kommunar i fylket i løpet av karrieren min, og så lenge helsa held har eg tenkt å fortsette å reise rundt og halde foredrag. Det gir meg mykje meining å gjere noko som er større enn meg sjølv.
Odd Eidner var i 13 år fylkesleiar for organisasjonen LEVE (Landsforeininga for etterlatne etter sjølvmord)
Foto: Ulrik Vindsetmo Søberg / NRKDeler prisen
Eidner delar prisen med Malene Elfrid Ingebrigtsen frå Hadsel, som tidlegare i år blei kåra til Årets stjerneskot under influensarprisen Vixen Awards.
– Stadig fleire unge opplever press på sosiale medium. Då er det viktig at dei har forbilde som viser at ein kan vere komfortabel med å vere seg sjølv. Det gjer Malene Elfrid Ingebrigtsen, heitte det i grunngivinga for nominasjonen.
23-åringen frå Vesterålen har nærare 146.000 følgarar på TikTok.
Malene Elfrid Ingebrigtsen tok fagbrev som matros, men gjer no stor suksess som influensar. Ho er blant anna ein av finalistane til prisen som Årets Influenser for 2025.
Foto: Thomas Fure / NTBI vinter blei ho nominert til heile fire nye prisar til Vixen Awards, er ein av tre kandidatar til årets namn i Bladet Vesterålen og aktuell som deltakar i TV2-realityserien Vokteren.
Ho er også aktuell med eigen musikk.
NRK var med då vesterålingen spelte inn ein ny video heime i Stokmarknes.
Malene Elfrid speler inn dei fleste videoane heime på Stokmarknes. Ho har i skrivande stund over 145.000 følgarar på TikTok og 43.000 på Instagram.
Foto: Ine-Sofie Bruhaug / NRK– Då har eg ordna ein effekt som grip auget, ein zoom-effekt og ein svosj-lyd, forklarer Ingebrigtsen.
– Det er mykje greie som folk kanskje ikkje kjenner til frå influensarverda, smiler ho.
Vesterålingen har fagbrev som matros, og jobba på båt før ho etter kvart lever av videoane ho lagar i sosiale medium.
– Eg lagar for det meste humoristiske videoar, men så kan eg vere seriøs når eg må. Eg trur at folk liker den blandinga. Dei veit at eg kan tulle og ha det artig og berre vere meg sjølv.
Ingebrigtsen er også aktuell som deltakar i TV2-realityserien «Vokteren».
Foto: Ine-Sofie Bruhaug / NRK– Ei stor ære
No kan 23-åringen også titulere seg som ein av to Årets Nordlendinger i 2025.
– Det er jo heilt sjukt. Eg tenkte: Å, herregud, det var jo stort berre å bli nominert.
Ho synest det er ekstra stas å dele prisen med Odd Eidner, som ho omtaler som ein heidersmann.
– Det er jo ei stor ære at ein i det heile skal stå å ta imot ein pris saman med han, og vere ein del av «laget hans». Ein mann som har vigd store delar av livet sitt til å hjelpe andre og førebygge sjølvmord.
Odd Eidner, som sjølv ikkje er veldig aktiv i sosiale medium, ser også fram til å dele prisen med Ingebrigtsen.
– Det er fantastisk flott at ho er ekte og ønsker å fremje positive verdiar. Eg pleier å seie at ekte er betre enn det perfekte.
Les nokre av folkets grunngivingar her:
Publisert 16.12.2025, kl. 12.56



















English (US)