Sa opp abonnementa sine etter annonse-endring: – Heilt hårreisande

7 hours ago 1



Etter fleire tiår som abonnent av Aftenposten, er det slutt for Gunda Djupvik.

Ein dag i april sa ho opp abonnementa sine på både Aftenposten, VG, Aftonbladet og britiske The Guardian.

Frå 27. mai vil nemleg VG og Aftenposten krevja ekstra betalt for at dei ikkje skal bruka personopplysningane dine for å visa deg tilpassa reklame.

I april sende dei ein e-post til kundane sine med informasjon om endringa.

– Den e-posten opna eg 06.15 om morgonen. Det fyrste eg gjorde, før eg stod opp, var å gå inn på Schibsted og avslutta abonnementet mitt på Aftenposten og VG, seier Djupvik.

Kvinne med kort brunt hår ser alvorlig inn i kamera.

– Med ein gong eg fekk fast inntekt, byrja eg å abonnera på Aftenposten. Så det er eit langt kundeforhold som no ryk, seier Gunda Djupvik.

Foto: Alem Zebic / NRK

Aftonbladet i Sverige gjer den same endringa. The Guardian har hatt betalingsløysinga ei stund, men fyrst no vert alle brukarane tvinga til å ta eit val.

Vil ikkje dela personopplysningar

Gunda Djupvik vil ikkje at nokon – heller ikkje aviser – skal bruka personopplysningane hennar til tilpassa reklame.

– Personvernet mitt er ein del av menneskerettane mine. Det er så viktig for meg at minst mogleg av min informasjon er ute blant dei som kjøper reklame. og at eg får styra det sjølv, seier ho.

Sjølv om Djupvik skjønar at avisene er avhengige av reklameinntekter, kjøper ho ikkje forklaringa om at det er naudsynt med persontilpassa reklame.

– Eg synest det er heilt hårreisande. Det handlar om at du ikkje skal måtte betala for menneskerettane dine. Det er så enkelt som det, seier ho.

En mobilskjerm som viser en e-postinnboks, hvor alle e-postene dreier seg om oppsigelse av avisabonnementer.

I tillegg til å seia opp abonnementa på Aftenposten og VG, sa Gunda Djupvik takk og farvel til både svenske Aftonbladet og engelske The Guardian. Dei har innført same annonseendring som Schibsted i Noreg.

Foto: Alem Zebic / NRK

Fleire har sagt opp

Djupvik er heller ikkje åleine om å seia takk og farvel til abonnementa sine.

NRK har vore i kontakt med fleire som seier at dei allereie har sagt opp abonnementet sitt eller vil gjera det.

I kommentarfeltet under eit debattinnlegg i Aftenposten skriv fleire det same.

  • «Takk og farvel.»
  • «Jeg har sagt opp. Med lovnad om at jeg aldri kommer tilbake før Aftenposten snur og beklager at de i det hele tatt forsøkte seg på dette, og viser at de har forstått hvorfor det er uholdbart.»
  • «Jeg sa opp. Det får være grenser.»
  • «Abonnementet ble sagt opp sist uke. Synd fordi vi trenger medier som Aftenposten, men ikkje for enhver pris.»

NRK har spurt Schibsted kor mange som har sagt opp abonnementet sitt etter at datoen for endringane kom.

Me kommenterer ikkje konkrete abonnementstal, men me kan så langt ikkje sjå merkbare utslag utover reaksjonane ein naturleg vil få ved ei endring som dette.

Det skriv kommunikasjonssjef Bjørn-Martin Bache Nordby i ein e-post til NRK.

Fryktar for personvernets framtid

Datatilsynet er svært skeptiske til endringa.

– Det me er bekymra for, er at personvernet er i ferd med å døy framfor auga våre.

Det seier Tobias Judin, personvernjurist i Datatilsynet.

  • Portrett av Tobias Judin, mann med kort blondt hår og litt skjegg ser rett i kamera med et alvorlig ansiktsuttrykk. Han står midt på Jernbanetorget i Oslo sentrum.

    Tobias Judin

    • Seksjonssjef i Datatilsynet
    • Personvernjurist

For Schibsted er ikkje dei fyrste som gjer dette – og dei er definitivt ikkje dei siste. Judin trur heller ikkje at selskapa som innfører dette, berre vil bruka informasjonen til å tilpassa reklame.

Han vert til dømes ikkje overraska om at selskap etter kvart vil krevja betalt for å ikkje bruka informasjonen din til å læra opp kunstig intelligens (KI).

– Alt vil plutseleg vera fritt vilt. Då står me igjen med at personvernreglane berre er ein formalitet, for alle vil trykka «samtykk». Då har selskapa blankofullmakt.

Tobias Judin står i Oslo sentrum, bak ham kjører en trikk med reklame for Harry Hole-serien.

Fleire selskap kan koma til å kasta seg på det Schibsted gjer, trur Tobias Judin. Han meiner det er svært dårleg nytt for personvernet.

Foto: Silja Björklund Einarsdóttir / NRK

I samband med ein rettssak i USA la Meta fram tal som viste kor mange av brukarane deira i Europa betalte for å ikkje tillata personleg reklame.

Berre 0,007 prosent valde å betala.

Datatilsynet var òg svært skeptisk då Meta innførte denne annonsemodellen i fjor:

Meiner det ikkje er eit reelt val

Schibsted argumenterer med at det er eit frivillig val å tillata tilpassa reklame.

– Me meiner dette gjer brukarane eit reelt val: anten samtykka til bruk av data til persontilpassa annonsar, eller betala for å unngå dette, sa kommunikasjonssjef Nordby til NRK i april.

Det stemmer ikkje i praksis, meiner Judin. Iallfall ikkje når stadig fleire innfører denne modellen.

For sjølv om det «berre» kostar 39 kroner i månaden hjå Schibsted, kan det vera at neste app krev 50 kroner. Kanskje meir.

– Viss me kjem dit: Sorry, då er det ingenting me kan gjera. Då har me ikkje personvern lenger.

Det er vinn eller forsvinn for personvernet, fastslår han.

– Er ved eit knekkpunkt no

Schibsted er det fyrste store selskapet i Noreg som innfører denne modellen. Men det er ikkje noko nytt i europeisk samanheng.

Både i Storbritannia, Tyskland, Austerrike og Frankrike vert det meir og meir vanleg.

Førebels har det vore ganske avgrensa til Europa, ifølge Judin. Men det kan fort endra seg.

– Viss ikkje styresmaktene på eit tidspunkt grip inn i Europa, kan det verkeleg spreia seg, seier han.

Judin trur det framleis er mogleg å snu utviklinga. Men det krev at nokon gjer noko med det.

– Løpet er ikkje køyrt enno, for det er ikkje sånn at dette har vorte etablert praksis. Alle skjønar at dette er kontroversielt og er litt avventande til om det kjem tilsynssaker som landar på at dette ikkje er ok.

– Så me er på eit knekkpunkt akkurat no, fastslår juristen.

Treng pengar til journalistikken

Det er mange som vil verta påverka av desse endringane.

I Noreg gjeld det både VG, Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, E24 og Dine Penger.

Selskapet meiner det er heilt naudsynt å gjera desse endringane.

– Viss ein brukar deler data med oss, inneber det at me kan skapa annonseinntekter som kan gå til å finansiera journalistikk. Viss ein brukar ikkje delar data med oss, klarar me ikkje skapa dei same inntektene.

Det sa Øyulf Hjertenes, konserndirektør i Schibsted Noreg, til NRK tidlegare i mai.

Mann i grå genser lener armene mot et rekkverk og ser i kamera med et nøytralt ansiktsuttrykk

Annonseendringane er heilt naudsynte for å kunna finansiera journalistikken, meiner konserndirektør Øyulf Hjertenes i Schibsted Noreg.

Foto: Heiko Junge / NTB,NTB

Selskapet vil heller ikkje venta med å innføra endringa no, sjølv om til dømes Datatilsynet har bede dei venta på ei felles europeisk avklaring.

– Me er kjende med arbeidet som går føre seg i EU, og følger dette tett. Samstundes er dette ikkje eit grep me tar fordi me ynsker det, men fordi me ser oss nøydde til det, har kommunikasjonssjef Nordby sagt.

Få veker tidlegare var Schibsteds konsernsjef Siv Juvik Tveitnes uvanleg positiv i skildringa si om korleis det gjekk for selskapet.

– At det skjer så mykje på eitt år er heilt eksepsjonelt. No er me på ein veldig bra stad; me er tilbake på veldig god lønsemd, sa ho på ei konferanse i Stockholm ifølge Journalisten.

Publisert 27.05.2026, kl. 13.14 Oppdatert 27.05.2026, kl. 13.18

Read Entire Article