Sa nei til flaggnekt på skulane under pride-feiringa: – Dette betyr veldig mykje for veldig mange

1 month ago 23



– Vi skal kjempe for mangfald. Når vi seier nei til flagging på skulane så gjer vi det stikk motsette.

Varaordførar Monica Molvær (H) var klår og tydeleg då ho tok ordet under møtet i formannskapet i Ålesund tysdag. For henne er det heilt uaktuelt å nekte skulane å heise flagget undet pride-feiringa i Ålesund.

Og Molvær var skremd over dei hatefulle ytringane i kommentarfelta på nettet. Ho meiner dette handlar om å skape tryggleik for borna.

– Kva skal vi seie til borna våre når dei får høyre hatefulle kommentar, og dette kjem frå vaksne menneske?

Varaordfører i Ålesund, Monica Molvær (H), var glad for at skolene i Ålesund selv får bestemme om de skal flagge undre pride.

Varaordførar i Ålesund, Monica Molvær (H), var glad for at skulane i Ålesund sjølve får bestemme om dei skal flagge under pride.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Sterke reaksjonar

Debatten tok skikkeleg fyr då kommunedirektøren i Ålesund ville nekte skulane i kommunen å heise pride-flagget. Det skjedde gjennom ein e-post til skulane i midten av mai. Ålesund kommune hadde hatt to møter med rektorane der flagging på skulane var tema.

Steven Hasseldal har seinare vist til at rektorane under møta ville ha ein felles tilnærming, og at dei ikkje flagge fordi det har vore mykje uro kring dette

Resultatet blei at skulane ikkje fekk lov til å heise regnbogeflagget under markeringa av pride 9.–16. juni. Regnbogeflagget skulle likevel bli heisa på rådhuset og i sentrum av byen, men flaggnekten vekte sterke reaksjonar over heile landet.

Trassa forbodet

Fleire av rektorane ved skulane i Ålesund gjorde det klart at dei ikkje var samde i flaggnekten. Og dei kjende seg heller ikkje igjen i kommunedirektøren si framstillinga av kva som skjedde under møta

Rektor ved Blindheim ungdomsskole protesterte ved å trasse forbodet og heise regnbogeflagget ved skulen:

Ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp) støtta først kommunedirektøren sin flaggnekt. Men reaksjonane og protestane gjorde at han snudde og ville ha ei politisk behandling av saka.

Fekk støtte frå KrF

Under møtet i formannskapet var det berre KrF som støtta kommunedirektøren. Tore Johan Øvstebø meinte måtte vere heilt legitimt å diskutere om ein skal ha pride-flagg på skulane eller ikkje.

– Elefanten i rommet er organisasjonen Fri med sin radikale kjønnspolitikk. Dei har stor påverknad. Og eg trur ikkje det er noko løysing å overlate dette til forskulane sjølve.

Tore Johan Øvstebø (KrF) meinte det var riktig å innføre flaggnekt på sskolene under pride i Ålesund.

Tore Johan Øvstebø (KrF) meinte det var riktig å innføre flaggnekt på skulane under pride i Ålesund.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Øvstebø fekk sterk motbør frå Sindre Nakken (Ap).

– Dette handlar om flagget og det flagget står for. Det handlar ikkje om organisasjonen Fri. Det er ingen her som har sagt at dei støttar Fri.

Ville pålegge flagging

Anders Lindbeck og SV ville gå lenger. Lindbeck ville påleggje skulane å heise pride-flagget. Men han fekke ikkje fleirtal for dette.

– Skulane ville ha ein felles praksis. Då er vi forplikta til å kom med ein felles praksis. Og då er ikkje alternativet å ikkje flagge. Då er alternativet å flagge, seier Lindbeck til NRK.

Anders Lindbeck (SV) ville pålegge skolene i Ålesund å flagge under pride

Anders Lindbeck (SV) ville pålegge skulane i Ålesund å flagge under pride.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Varaordføraren i Ålesund, Monica Molvær (H) var veldig godt fornøgd med avgjerda i formannskapet. Ho meiner det er viktig at politikarane seier nei til flaggnekt på skulane.

– Dette betyr veldig mykje for veldig mange.

Det endelege vedtaket blir gjort i kommunestyret torsdag 6.juni. Det skal no bli utarbeidd eit flaggreglement for Ålesund kommune. Forslag til reglement vil bli fremja for politisk behandling til hausten.

Publisert 04.06.2024, kl. 15.08 Oppdatert 04.06.2024, kl. 15.29

Read Entire Article