Rykte ut med robåt til hyttebrann

3 hours ago 3



Det var onsdag kveld politiet melding om brann i ei hytte ved Stiklatjern ved Båstad i Indre Østfold kommune.

I eit notat til pressa skreiv operasjonsleiar Rune Isaksen dette:

– Hytte nedbrent, ingen personskade. Uviss brannårsak. Opprettar sak.

Men det låg meir bak hendinga.

Torsdag har det blitt kjent at ein gut i tenåra frå Moss er sikta for å ha tent på hytta.

Det var Smaalenenes Avis som omtalte saka først.

Til avisa seier etterforskingsleiar Monica Lillebakke ved Moss politistasjon at guten blei treft i området der det brann.

Det blei også funne ei bensinkanne, i tillegg til at det stod ein bil i området. Denne hadde blitt stolen i Rygge tidlegare på dagen.

Robåt med brannmannskaper

Tjernet ligg eit godt stykke inn i marka i Båstad i Indre Østfold og det tok tid for brannmannskapa å ro over.

Foto: Freddie Larsen

Tenkte å bere vasspumpe

Da brannvesenet fekk melding om at det var observert brann i ei hytte ved Stiklatjern, blei det tidleg klar at det kunne vere vanskeleg å komme seg fram til hytta.

Den ligg nemleg på austsida av tjernet, og det er ikkje veg fram dit.

Samtidig var det ei utrykkingstid fram til tjernet på ein halv time.

Da brannvesenet kom fram til Stiklatjern, blei det klart at det blei for langt å gå rundt tjernet til hytta, som no stod i full fyr.

– Vi hadde med berbar pumpe, men det var såpass langt å gå rundt at det ikkje var eit alternativ, fortel innsatsleiar Jesper Bull Noulund ved Indre Østfold brann og redning til avisa.

Brannvesenet har nok av båtar, men hadde ikkje tenkt på å ta med nokon av dei denne gongen.

Ambulanse i mørket

Nødetatane kom til staden, men ingen blei skadd i hyttebrannen

Foto: Freddie Larsen

Lånte robåt

Løysinga kom ein person på staden med.

– Ein behjelpeleg nabo hjelpte oss og tilbaud ein båt vi kunne låne, seier Noulund til Smaalenenes Avis.

Jesper Bull Noulund

Innsatsleiar Jesper Bull Noulund seier det var lite å gjera for å redde hytta, sjølv om dei hadde hatt ei raskare båt.

Foto: Indre Østfold brann og redning IKS

Dette viste seg å ikkje vere ein båt med motor, men ein ganske vanleg robåt, som brannmannskapa no tok seg over det ganske store tjernet med.

På motsett side stod hytta no fullt overtent, og innan dei var over på den andre sida, var ho meir eller mindre nedbrent.

– Det var ikkje mykje å redde, konkluderer innsatsleiar Noulund.

Han trur ikkje det hadde hjelpt mykje om dei hadde hatt med eigen båt, ettersom brannen hadde tatt godt tak allereie då dei kom.

Ingen kom til skade under hyttebrannen.

Brann i hytte ved tjern i skogen

Ikkje eit bål i skogen, men ei hytte i full fyr ved Stiklatjern i Østfold.

Foto: Freddie Larsen

Truleg tilfeldig valt

Tenåringen som er sikta for eldspåsetting, har ifølge politiet ei tilknyting til området. Men det er usikkert kvifor han skal ha tent på akkurat denne hytta.

–Valet av hytta er veldig tilfeldig, seier etterforskingsleiar Lillebakken til Moss Avis.

Saka blir etterforska av politiet der, ettersom guten er busett i Moss.

I dag har det blitt jobba med å skaffe guten ein forsvarar, og det skal gjerast krimtekniske undersøkingar på branntomta i Indre Østfold.

Publisert 06.11.2025, kl. 21.34 Oppdatert 06.11.2025, kl. 21.49

Read Entire Article