Ho var alltid aktiv i tillitsverv ved UiB. Partipolitisk var ho engasjert gjennom Bergen Høyre.
Publisert: 05.02.2025 19:30
Av Dag E. Helland, Lars Haarr og Rein Aasland
Ruth Kirsten Kleppe Aakvaag døydde 86 år gammal 4. desember 2024. Ho voks opp i Bergen og tok realfagsutdanning ved Universitetet i Bergen (UiB). Frå 1966 var ho vitskapleg assistent ved biokjemisk institutt og vart amanuensis og førsteamanuensis fram til 1991 i biokjemi. Saman med mannen sin, Kjell Kleppe, arbeidde ho med nobelprisvinnaren H.G. Khorana ved University of Wisconsin frå 1968 til 1970 og ved Massachusetts Institute of Technology i 1974. Arbeida omfatta kjemisk og biologisk syntese av arvestoffmolekyl og analyse av eigenskapane deira. Deler av desse arbeida gav grunnlaget for utvikling av PCR-metoden (Polymerase Chain Reaction). Metoden er viktig for medisinske og biologiske testar.
Les hele saken med abonnement