Russiske nyheitsbyrå: Assad har fått politisk asyl i Russland

2 weeks ago 8



Syrias styrta president Bashar al-Assad og familien hans er i Moskva og har fått politisk asyl.

Det melder fleire russiske nyheitsbyrå, som siterer kjelder i Kreml.

Ifølge det russiske nyheitsbyrået Interfax skal familien ha fått asyl på humanitært grunnlag.

Opplysningane er ikkje offisielt stadfesta av russiske styresmakter.

Eit bilete posta på Telegram-kontoen til den prorussiske avisa Readovka skal vise Bashar al-Assad og kona hans etter at dei landa i Moskva. Biletet har ikkje blitt bekrefta av andre medium.

Read Entire Article