Soldaten er norsk. Men han gjer teneste under det finske flagget.
Han har krigsmåling i fjeset. Kamuflert i uniform går han i eitt med naturen. Her på taigaen finst berre myr og barskog så langt auget rekk.
Korleis hamna han her?
Får testa om sisuen held
Rudolf Sarromaa (20) er vaksen opp på Lillehammer, men den finske sisuen er prenta inn i han. Det har mor Sanna sørga for.
Kva er finsk sisu? Jo, det er uthald, pågangsmot, indre styrke og fysisk styrke. Og du skal klare deg sjølv.
Etter ungdomsskolen utdanna Rudolf seg til tradisjonshandverkar. Nå driv han som sjølvstendig snikkar, og har hendene fulle med å restaurere gamle hus.
Foto: Even Lusæter / NRKMed dobbelt statsborgarskap, finsk mor og norsk far, kunne Rudolf velje sjølv om at skulle ta militæret i Noreg eller Finland.
Valet var ikkje lett.
Sjølv omtaler han seg som ein ekte gudbrandsdøl. Kanskje det som viser seg når hovudinteressa er tradisjonshandverk og folkemusikk?
Aron Ankjær Eggen er arbeidskollega med Rudolf heime i Noreg. Dei to diskuterte det vanskelege valet til Rudolf over eit par månader.
Aron Ankjær Eggen er arbeidskollega med Rudolf heime i Noreg. Dei to diskuterte det vanskelege valet til Rudolf over eit par månader.
Arbeidskameraten Aron Ankjær Eggen seier det var mykje grubling for og i mot.
– Eg råda han til å velje Finland. Det var jo nå han hadde sjansen!
Etter kvart vart Rudolf overtydd sjølv. Han tok sjansen på Finland. Eit land som framleis har allmenn verneplikt for menn.
Finland har ei grense på 1340 kilometer mot Russland. Til samanlikning har Noreg 198 kilometer felles grense. Sidan 2022 er begge Nato-land med felles ansvar for å vakte grensa mot aust.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRKHan ville teste seg, gå gjennom det same som andre menn i si finske slekt.
Men hadde han sisuen som trengtes?
Hard vinter i Karelen
På kaldaste vinteren, 5. januar, møtte Rudolf opp på rekruttskolen i den karelske brigade, i leiren Vekaranjärvi. Her er det plass til 3500 soldatar.
Det er mykje folk, men det er også mange som skal gjennom militæret.
Med allmenn verneplikt for menn skal mellom 70 og 80 prosent av årskulla inn. I tillegg kjem dei om lag 1300 kvinnene som vervar seg frivillig.
I Vekaranjärvi streva Rudolf seg gjennom «helvetesveka», ikkje ulik den kameratane heime i Noreg må gjennom i si førstegongsteneste.
Rekrutt i finske Karelen. Leiren Vekaranjärvi er ein av Finlands største, med 3500 soldatar. Langt unna folk, midt i øydemarka. Ingen sivile i mils omkrins.
Foto: PrivatMed tung sekk, gjekk og krabba troppen seg gjennom laussnøen i seks døgn. Det var lite mat og til saman berre seks timars søvn.
Men det verste var støvlane. Dei var godt brukte, og litt for tronge. Og i botn: avispapir i staden for soler.
Det gjekk månader før Rudolf fekk att kjensla i dei stakkars tærne.
Men nå hadde han i alle fall vist at han kunne bere tungt, gå langt og tole lite søvn.
Den finske vinterkrigen
Rudolf var den einaste norske soldaten i Vekaranjärvi.
Men han er ikkje den første nordmannen som har vore soldat i Karelen.
Norske soldatar i Den finske vinterkrigen. Mange kjempa ved fronten. Og fleire legar og sjukepleiarar reiste dit for å sette opp og drive feltsjukehus. Midlar var samla inn blant gåvmilde nordmenn.
Foto: Store norske leksikonUnder den finske vinterkrigen verva heile 700 nordmenn og kvinner seg til teneste for Finland.
Ofra Finland gjorde i den iskalde Vinterkrigen, og deretter i 2. verdskrigen, har forma finnane og deira nasjonalkjensle.
Sambandsjeger ved den russiske grensa
Men sisuen skulle testast på fleire områder.
Etter rekruttskolen, vart Rudolf med i Sambandsjegerkompaniet.
Ein sambandsjeger (finsk:sissiradisti) skal sette opp, drifte og verne militær kommunikasjon i strid. Og han har ein viktig jobb langs grensa mot Russland.
Medan Noreg si grense er på 190 km er Finland si på 1340 km. Saman har dei to Nato-landa ansvar for å sikre grensa mot Russland.
Sambandsjegeren må ha eit bra teknisk hovud og kunne halde ut på lange feltøvingar.
Rudolf gjer teneste i Hamina eller Fredrikshamn. Gjennom historia har den vakre byen vekselvis vore russisk og finsk.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRKRudolf og kameratane frå troppen flytta sørover til Offisersskolen i Hamina, eller Fredrikshamn, som byen heiter på svensk.
Her, ved Finskebukta, er klimaet mildare enn lengre nord. Og nå er det vår!
Til felts på sykkel
Solstrålane sildrar ned mellom treleggane. Myggen har vakna til liv. Troppen trenar i eit felt sju km frå kasernen, midt i eit populært friluftsområde.
Finske forsvarssyklar. Av god gammal årgang, svært enkelt utstyrt. Og dermed også veldig haldbare.
Soldatane har sykla hit. Dei bruker ofte syklar for å komme seg ut i felt.
Syklane er utan gir. Og med delvis dårleg smurt kjede, lite luft i ringane, og eit hardt sete som er umogleg å stille høgda på.
Rudolf fortel at det gjeld å sikre seg ein som oppfører seg bra. For det er akkurat som om syklane har ulik personlegdom. Nokre er greiare enn andre!
Humor er den beste måten å komme seg gjennom dagane på, seier Rudolf.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRKSjølv om det er flatt i Finland, er det tungt å sykle i motvind her, som andre stader. Og turen er ikkje alltid så kort og lett som i dag.
– Vi blir sterke i låra da, smiler Rudolf.
Men er han sterk nok til å halde ut heile tenesta?
Godt brukt utstyr
Den dagen NRK er på besøk, øver soldatane på å henge opp antenner i tretoppane.
Enkle trådantenner for radiosamband. Dei må stå i riktig vinkel ut frå treet.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRKSambandsutstyret er frakta ut i tunge, militærgrøne kasser. Vi får ikkje ta bilde av kassene eller det som er inne dei.
Troppsførar Henry seier dei bruker både tradisjonelt og digitalt, moderne utstyr.
Og her på bakken, gjeld framleis tradisjonell teknologi. Den slår aldri feil.
Troppsførar Henry passar på. Han roser sin norske soldat. Meinig Sarromaa står ikkje tilbake for dei finske soldatane i troppen.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRKRudolf og troppen har blant anna lært seg morse, og å sende meldingar med gamle HF-radioar. Og nå er det også trening i å ta ut kurs med kart og kompass.
Skremd av dronar
Tidlegare NRK-journalist og forfattar Morten Jentoft synest det er smart å ha trådantenner og bruke morse og papirkart.
Han forstår kvifor det finske forsvaret satsar på utstyr som ikkje kan forstyrrast av fienden.
– Alt anna kan jo bli jamma og stoppa i løpet av fem sekund
Jentoft har i fleire periodar vore korrespondent i Russland og rapportert frå fronten i Ukraina. Men han innrømmer at det var uhyggeleg da fleire dronar vart styrt ut av kurs og hamna nært der han bur i Finland.
Foto: NRKJentoft veit kva han snakkar om. I Ukraina er det krig på bakken som gjeld – kombinert med droneangrep.
Jentoft og den finske kona hans har eit småbruk sør i landet. Ikkje så langt unna Helsingfors og Fredrikshamn, der Rudolf held til.
Morten Jentoft har stor kjennskap til Finland etter å ha vore i landet som journalist over lengre periodar. Og han har skrive fleire bøker om landet og historia.
Foto: NRK
Morten Jentoft har stor kjennskap til Finland etter å ha vore i landet som journalist over lengre periodar. Og han har skrive fleire bøker om landet og historia.
Foto: NRK
Derfor kjenner Jentoft landet og mentaliteten godt. Det er på mange måter gjenommilitarisert. Reservestyrken er da også på heile 900.000 mann.
– Folk her er vane med å bu tett på Russland, men at dronar frå krigen landa her, var i overkant, sjølv for finnane. Spesielt uhyggeleg var det den dagen vi fekk melding på radio om at vi burde halde oss inne.
Jentoft fortel at det har vore lite fellesskap mellom finnar og nordmenn etter Vinterkrigen.
– Heller tvert i mot.
I Nord-Noreg var den finske busettinga nærast sett på som ein trugsel mot det norske. Dei finske innvandrarane vart også offer for fornorskingspolitikken. Dei fekk ikkje lov til å snakke finsk.
Bekymring for forma til finsk ungdom
Det finske verneplikta er i stor grad basert på øvingar ute i felt. Det gjeld å komme seg ut og få sekken på ryggen. Og vere innstilt på mange døgn ute, ifølge Rudolf.
Det finske forsvaret trener soldatane med ofte og lange feltmanøver. Og held det ved likte med repetisjonsøvingar.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRK
I Noreg blir det problematisert at soldatane ikkje er sterke nok i det lange løp. Det er bekymring i Finland også.
Faktisk dimitterer mellom 15 og 16 prosent av finske vernepliktige i Finland før dei er ferdige med førstegongstenesta.
Kaptein Joussi Hulkko er nestkommanderande for Sambandsjegertroppen i Fredrikshamn, seier at fleire av rekruttane er i for dårleg form når dei møter opp.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRK Det er ikkje akkurat styrka det skortar på, den får dei med å pumpe vekter på treningssenter.
Men mange får det hardt med å halde ut store påkjenningar mange dagar i strekk.
Matrasjonane i felt kan vere små. Og finske soldatar er mykje ute på lange manøvrar. Det fysiske køyret, samtidig som du er svolten, kan bli for hardt for mange.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRKDet har gått så langt at den finske forsvarsministeren kalla det ein trugsmål mot den nasjonale sikkerheita. Så nå har Finland sat av 2 milliardar Euro til å få ungdom i betre form.
Å ta i mot kommandoar
Rudolf har klart det fysiske slitet bra så langt. Livet som handverkar har vist seg å gje eit godt grunnlag.
Det verste for Rudolf har vore å bli sett til oppgåver som gjev lite meining.
I det finske militæret rår framleis strikte kommandoliner, hard disiplin og korte beskjedar.
Deira system liknar på det tyske. Ingen skal mokke eller argumentere.
Tøffe utapå, men mjuke inni, Dei finske kameratane Oscar og Konsta er i god form. Men begge innrømmer at det verste er å vere borte frå heime for første gong i livet. Kameratskapen i troppen og på rommet har vore den beste trøysta.
Så når laget etter ein lang og hard dag ute, blir kommandert til å bruke tre timar på å rydde og vaske på kasernen, da røyner det på.
Ingen får ta kvelden før befalet er nøgd.
Godt å ha onkel Vesa
Da er det godt å ha onkel Vesa Sarromaa å fortru seg til. Han bor i Lahti. Annakvar helg, når Rudolf har fri, besøker han Vesa.
Vesa Sarromaa bruker så mykje fritid som mogleg saman med sin nevø Rudolf. – Det er hyggeleg at eg ser han så mykje.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRKVed innsjøen Puula har onkelen ei tradisjonell finsk, raudmåla hytte, med badstue – så klart. Der er ikkje få timane dei to har sitte der og delt erfaringar.
Og kva elles har Rudolf brukt helgene på hytta til? Hogge, barke, tømre. Han bygger båtnaust for onkelen sin.
I vinter brukte Rudolf helgene til å felle tømmer. Og barke stokkane.
Foto: Vesa Sarromaa / PrivatIfølge Vesa blir grindbygget det finaste naustet langs breidda av Puula.
Båtnaustet er eit grindbygg. sat opp berre med stokkar, utan spiker eller naglar. Det skal stå ferdig i løpet av sommaren.
Foto: Vesa Sarromaa / PrivatEin kveld i Fredrikshamn
Vesa Sarromaa har sjølv erfaring frå å vere i militæret i Fredikshamn. Her gjekk han på Reserveoffisersskolen RUK i 1992.
Kasernen ligg framleis midt i den historiske og vakre byen.
Vesa synest det er veldig stas at Rudolf nå tenestegjer i den same byen som han. Så han nytter også gjerne høvet til å ta seg ein tur til gamle trakter.
Vesa Sarromaa framfor legendariske RUK, Reserveoffisersskolen i Fredrikshamn. I meir enn 100 år har det vore skole her. 900.000 finnar står i reserviststyrka, da må leiarskapet vere på plass også.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRKBortsett frå nokre rånarar i låge, gamle Volvoar og soldatar på kveldsperm, er det stille i sentrum.
Før krydde det av russiske turistar i området. Og næringslivet nytte godt av det. Ved grensa låg fleire store kjøpesenter. Samtidig reiste finnane over til Russland og fylte billeg diesel og bensin.
Det er kort veg til grensa og 20 mil til den russiske storbyen St Petersburg. Det stressar ikkje Rudolf.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRK
Medan Noreg framleis har open grensa mot Russland ved Storskog, stengde Finland alle grensene etter invasjonen i Ukraina.
Vesa Sarromaa fortel at spesielt områda her sør i Finland opplever dramatisk økonomisk tilbakegang nå, og mange ungdommar flytter ut.
Eksklusive Zsar kjøpesenter var bygd for russiske kundar som kom over grensa for å handle. Nå er det folketomt og nedlagt.
Foto: YLE / NRKSisu heilt til jul!
Rudolf er halvvegs i si finske verneplikt.
Nå går han på underoffisersskole og er nettopp oppnemnd til korporal. Mange, lange feltmanøvrar står att. Til fots og på sykkel. I dei evige finske barskogane.
Teoretisk sett skal ein sambandsjeger vere den første over grensa om det blir krig. Derfrå skal han rapportere tilbake om det han ser.
Meinig Sarromaa blir snart underoffiser og sersjant. Til hausten skal han leie sin eigen tropp.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRK– Vi har trena ei mils veg frå russergrensa. Det gjer ingen ting. Furuskogen er den same der som elles i Finland!
Til hausten blir han sersjant, og skal leie sin eigen tropp. Det ser ut som om den finske sisuen skal halde heilt fram.
Den 17. desember dimitterer Rudolf Sarromaa. Da er det heim til mors bollar, i alle fall for ein dag eller to.
Rudolf og mor Sanna Sarromaa. Mor er veldig nøgd med at sonen valde det finske forsvaret.
Foto: Inger Johanne Solli / NRK
Rudolf og mor Sanna Sarromaa. Mor er veldig nøgd med at sonen valde det finske forsvaret.
Foto: Inger Johanne Solli / NRK
Kjelder:
«Finland, vår utsette nabo» av Morten Jentoft
Det finske og norske forsvarsbudsjettet
Forsvarets informasjonssider til soldatar i Finland og Noreg
Tips meg
Hei! Send meg gjerne innspel til saka. Eller tips meg om nokon andre som gjer eit utradisjonelt val.
Publisert 27.06.2026, kl. 21.06

























English (US)