FILM: Rørande om kjærleik i oppturar og nedturar. Men heldigvis ikkje klissete.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
WE LIVE IN TIME
Kinopremiere: 06.12.2024. Med: Florence Pugh, Andrew Garfield. Sjanger: Drama / Romantikk. Regi: John Crowley. Manus: Nick Payne. Nasjonalitet: USA, 2024. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 47 minutt.
Det er komplisert å laga film om dei heilt store og dramatiske kjenslene. Kor går grensene for når det blir for sentimentalt, for melodramatisk, for klissete, for klisjéfullt?
Regissør John Crowley bryt med den mest konvensjonelle måten å fortelja historia om den talentfulle og ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) og nyskilde Tobias (Andrew Garfield) allereie frå starten av. For plutseleg er me tilsynelatande på ein annan stad og i ei anna tid, utan at det er varsla. I starten var det litt forvirrande. Men så innser du at historia blir fortalt ukronologisk, på fleire tidsplan samtidig.
Almut er altså ambisiøs kokk. Tobias nyskilt med ein kjedeleg jobb. Dei møtest, blir forelska, diskuterer om dei skal få barn. Stemninga er lett, romantisk – og med rikelege dosar velsigna, britisk humor.
Men ei historie skal ha motstand for å bli interessant, ein karakter skal ha fleire lag og større djupn for at du skal engasjera deg i dei. Dette slår absolutt inn i «We Live in Time». Den romantiske lukka blir tydeleg kontrastert med eit stort alvor, oppturane går parallelt med nedturane. (Eg skal ikkje røpa det dramatiske som skjer.)
Og her oppstår altså den emosjonelle effekten. Du ler og gler deg med dette paret, men du kjem også til å kjenna tårene pressa på.
Almut er den suverent mest interessante karakteren i filmen, godt spelt av Florence Pugh. Almut er sterk, oppegåande, med masse vilje, humor og eigen identitet. Karakteren Tobias er meir reaktiv. Det er ikkje han som står for framdrifta, han reagerer meir på det som skjer og på Almut. Men kjemien mellom dei to er likevel overtydande og fin.
Eg blei sitjande og tenkja at det er bra «We Live in Time» ikkje er laga i Hollywood, men i England. Kommersielle amerikanarar har ein tendens til trø over grensa for sentimentalitet og klissete melodrama. Europearar er litt lettare på labben. «We Live in Time» balanserer hårfint. Men akkurat passe. Sånn at når du til slutt sit der med ei tåre i augekroken, så kjennest det godt.
Publisert:
Publisert: 5. desember 2024 12:00