Rootsfestivalen er i gang: – Få vil jobbe med oss

12 hours ago 5



I går gjekk startskotet for årets Rootsfestival i Brønnøysund. Store namn frå inn- og utland er booka inn til ein utseld festival som skal vare fram til laurdag kveld.

Rootsfestivalen har blitt arrangert kvar sommar sidan 2001. Nokre av dei største namna som har spelt der inkluderer The Fabulous Thunderbirds, John Kay & Steppenwolf og Slade.

Festivalsjef Morten Horn kunne ta i mot eit festklart publikum i strålande sol og tett på 30 grader.

– Det er aldri ei ulempe at det er fint vêr. Det er eit tveegga sverd, vi sel veldig mange billettar og så er det veldig få som vil kome å jobbe med oss, seier Horn.

Dei neste dagane vil blant andre deLillos, Staut, Halvdan Sivertsen, Travis, og Åge & Sambandet innta scena.

Read Entire Article