I slutten av oktober blei det kjent at ti personar kjempa om å overta som direktør for Stormen konserthus i Bodø etter Rasmus Adrian. Han sa opp jobben i sommar.
No er arvtakaren på plass, opplyser Stormen i ei pressemelding.
Roger Johansen er tilsett som ny direktør og tiltrer i stillinga 15. februar 2026.
– Stormen er ein spesiell stad for meg. Eg har jobba tett med konserthuset i mange år, og eg veit kva kompetanse som finst her. Eg ser fram til å vere ein del av laget, seier Johansen.
Johansen kjem frå stillinga som seniorrådgivar i Kulturdirektoratet avdeling Bodø.















English (US)