GJESTEKOMMENTAR: Militær opprusting kan gje kulturell nedskjering. Tanken bak mi eiga lista med 10 songperler frå Rogaland er å vise kvifor vi treng kultur.
Svein Erik Tuastad
Statsvitar og dr. polit., UiS
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
«Altså, nokon malar ein strek på eit ark og så skal dei ha offentleg støtte. Kva med barn og unge?» Hjartesukket frå ein god kjenning illustrerer at kulturen vil kunne kome til å slite når kampen om offentlege pengar spissar seg til. Men prioriteringslogikken må vere, vil eg påstå, at alle tar sitt: Somme sektorar skal ikkje bere heile byrda.
Berika av kunst
Også dei som kom seglande til Rennesøy, Hundvåg og Kvitsøy for 11.000 år sidan og danna dei første busetnadane i Rogaland, vart berika av kunst. Musikk er berre ein av fleire kulturformer, men utan songane nedfor ville livet mitt vore fattigare – eg går ut frå andre har det likt med sine lydspor til livet.
Noko særmerkt rogalandsk ved lista nedfor er den skyhøge tekstkvaliteten. Dette er ikkje tilfeldig. Fleire av tekstane er skrivne av drivne forfattarar som samarbeidde med musikarane. Vi haustar som vi sår: Kulturveven må haldast ved like.
Ti Rogalands-perler
Berre rogalendingar som syng på norsk språk, er med. I parentes står låtskrivaren.
10. Ompa til du dør, Kaizers Orchestra (Janove Ottesen, 2001)
Første gongen eg høyrde Kaizers var tanken kva i all verda er no dette? Kaizers brasa inn i norsk musikkliv med sitt eige unike univers av kjeltringar, fantastar og originalar, akkompagnert av pumpeorgel og oljetønner. Energi og originalitet i ei umiskjenneleg blanding – aller best i tittelsporet på debutalbumet.
Gi meg Silje Vige!
9. Alle mine tankar, Silje Vige (Bjørn Erik Vige, 1993)
Grand Prix-songar med til saman ti tusen dansarar og alskens flammeeffektar kjem til kort kvar og ein, stilt opp mot Silje Vige når ho, med si kjenslevare røyst, syng om kjærleik i løyndom og om håp. Neddempa, men med krafta i dei sterke kjenslene til stades i kvart sekund.
8. Lydia, Morten Abel/Ole Paus (Morten Abel 1997/Ole Paus 2013)
Då Ole Paus i 2013 omsette og framførte den fengande låta til Morten Abel, fekk Lydia ein ny dimensjon. Med omsetjinga til Paus skjer det ei dreiing der forteljaren no vert audmjuk og aksepterande. Paus tilfører eit forsonleg eks-perspektiv til det som alt var ein knallsterk låt, det er knappast uttrykt like fint i song.
7. Eg ser, Bjørn Eidsvåg (Bjørn Eidsvåg, 1983)
Det enklaste kan vere det beste. Med si naturlege oppbygging gir songen det å vise medkjensle ei kunstnarisk form. Songen i seg sjølv gir trøyst.
Bjørn Eidsvåg brukte visstnok berre 15 minutt på å skrive Eg ser. Men songen er for æva.
6. Vie dagen te solå, Ryfylke (Frank Aslaksen/Arnt Birkedal, 1983/1985)
Inn og ut mellom det konkrete i kvardagen, kvelden i går og lyset innanfrå – kan du sjå det? I den vakre tonesettinga får den opphavlege teksten ny klangbotn.
Magi mellom Vamp og Falkeid
5. Godmorgen, søster, Vamp (Øyvind Staveland/Kolbein Falkeid, 1993)
Det store og det nære vekslar saumlaust slik det berre går an i kunsten. Håret snør … kvite melkeveiar over putå (…) Eg stryke bort ei stjerne frå pannen din, Og helse deg for alt eg aldri sa deg.
Samarbeidet mellom dei eminente musikarane i Vamp og Kolbein Falkeid, som var blant våre aller fremste lyrikarar, skapte iblant magi.
4. Signala, Tønes (Frank Tønnesen, 2017)
Arrangementet er dempa når Tønes detaljert og kontant lar forteljaren skildre fortviling, fråflytting, tap av ei livsform og eit personleg havari. I siste del av songen skjer det ei vending. Koss signal tru du det sende ud? Forteljaren tyr sjølv til systemspråket – kanskje dei då skjønar det?
Det er genialt gjort. Sjølv om det gjerne ikkje var intensjonen, er Signala ein av dei sterkaste politiske songane eg veit om.
3. Dine auer e så blå, Ryfylke Visegruppe (Bjørn Erik Vige, 1983)
Å skrive så nakent og direkte som det Bjørn Erik Vige har gjort om sårbar kjærleik, krev mot (både her og i Alle mine tankar som han laga). Når det lukkast og teksten møter ein sterk melodi og vokal, rører det – fordi det verkar sant. Å få slikt til er ikkje mange forunnt.
Ein fest utan bakrus
2. Kan kje finna fingeren, Stavangerensemlet (Svein Tang-Wa 1978/1980).
Får håpe festen var bra, dagen deretter var det ikkje, skjønar vi. Men songen er ein fest – utan bakrus.
Ingen nådde vel Frode Rønli til knea når det gjaldt å skape trykk på scena, energien er der i studioinnspelingane også. Stavangerensemblet drog vekslar på andre lokale forfattarar og artistar. Songane hadde humor, ein makelaus originalitet og eit bypreg Stavanger enno med rette er stolt av.
1. Tir n’a Noir, Vamp (Øyvind Staveland/Kolbein Falkeid, 1993)
Då Morgenbladet i 2011 presenterte ei kåring over noregshistorias 100 beste norske album, var ingen Stavangerensemblet- eller Vampalbum med. Fullstendig latterleg – så her er det retta opp.
Tir n’a Noir bygger på keltisk tradisjon og førestillinga om eit sorglaust dødsrike bakom horisontar så forvitra og glir. Rita Eriksen trår til litt ute i songen. Då er det som om det må vere Mary McKear sjølv, frå Tir n’a Noir, som syng.
Og for oss lyttarar i stunda vert lukkelandet Tir n’a Noir faktisk til.
Publisert:
Publisert: 29. juni 2025 20:00