– Er det éin ting vi ikkje vil, så er det å tape mot kvarandre.
På den breie sofaen i den vesle stova sit to konkurrentar side om side.
– Kven er best?
– Oi det er noko vi ikkje likar å diskutere, vi prøver å oppretthalde husfreden, seier Nora Nøss og skodar bort på den arge konkurrenten Mina Bell Folland.
Skulle den eine vinne og den andre tape, vert det fort betent mellom dei to.
Vestkantderbyet i Toppserien har fått ein uortodoks duo å sjå opp for.
Lik kvardag gir gode buforhold
Mina Bell Folland og Nora Nøss spelar for kvar sine rivalar, Røa og Stabæk.
Og etter nyttår valde venninnene å flytte saman.
I ei lita kjellarleilegheit på Oslo sin vestkant har dei installert seg, ganske nærme begge lag sine arenaer.
– Det er spesielt å bu saman og spele for to forskjellige lag, seier Nora.
SMELL: Mina og Nora legg ingenting imellom når dei møtest ute på grasmatta.
Foto: Petter Alexandersen / Petter AlexandersenDei er einige om at det er fint å bu med nokon som lever av det same og veit kva det går i.
– Vi har veldig lik kvardag og sånn sett fungerer det veldig bra, legg Mina til.
Likevel er det store skilnadar når huspliktene kallar for dei to vennane.
– Det er jo ein som gjer mest her, innrømmer Nora og siktar til sambuaren.
For det er Røa-kvinna som bankar på Nora si dør om morgonen, og det er ho som står bak dei fleste måltida.
– Det er eit støttekontaktforhold, men det funkar. Ho ryddar litt av og til, fleipar Mina.
ULIKE: I matlagingsvegen er dei svært ulike. Mina Bell Folland pleier å lage maten, så kan det hende at Nora Nøss tek oppvasken.
Foto: Markus Olsen / NRKGir litt ekstra i duellane
Men sjølv om latteren sit laust i sofaen blir det fort alvor når det er snakk om fotball.
– Vi er begge dårlege vinnarar og taparar, fortset Mina.
Og det gjeld når dei spelar brettspel eller ser ein kamp på fjernsynet. Men aller mest når dei møtest over nitti minutt på bana.
Og det vil skje minst to gonger denne sesongen.
I vinter møttest dei i ein treningskamp. Det starta bra, men surna etter kvart.
Prestasjonane vart ikkje diskutert i heimen etter kampen.
– Vi snakka ikkje om det, det vart ein elefant i rommet ei lita stund, fortel Folland.
TETT: Fleire gonger i fjorårets oppgjer var det duellar mellom romkameratane.
Foto: Petter Alexandersen / Petter AlexandersenDei tenker det same fort vil skje når dei møtest i sesongen. Med like rutinar før det smell.
Då står dei opp til same tid, et frukost saman og reiser til kamp saman.
Og så er det viktig å grave litt i kva det andre laget skal gjere.
– Før kamp spør Mina; kven stiller de med i dag? Kva er taktikken? ler Nora.
Men når dommaren bles i fløyta, er det full tenning.
– Vi gir litt ekstra i duellane mot kvarandre, ein ekstra dytt her og der. Vi hatar å bli forbigått av kvarandre, fortset Nora.
– Tvungne til å bli vennar
Trass konkurranseinstinktet har vennskapet utanfor bana blomstra.
Nora Nøss og Mina Bell Folland ler av dei same tinga, trenar på dei same tinga og har kjent kvarandre i fleire år.
Tidlegare spelte dei begge for Arna-Bjørnar i Bergen. Den gongen var dei to jenter som gjekk til den same klubben på likt.
– Begge trong plass å bu og då vart vi tvungne til å bli vennar.
FERIE: Sambuarane har kjent kvarandre i mange år, som har ført til fleire ferieturar til utlandet.
Foto: PrivatSidan har dei halde nær kontakt, sjølv om det no har gått fleire år sidan sist sambuarskap.
– Familien min likar Nora betre enn meg, ler Mina.
Men kven som endar høgast på tabellen i år vert dei ikkje samde om.
– Det blir klink Stabæk! kjem det frå Nora.
– Eg trur vi kan slå frå oss som underdogs, så det blir Røa, kontrar Mina.
Stabæk og Røa skal møte kvarandre 20. juni og 24. oktober i Toppserien denne sesongen.
Publisert 23.04.2026, kl. 12.44










.jpg)






English (US)