Riksantikvaren stad­festar: Dette er av Nordens største grav­haugar

2 days ago 12



Ein har lenge trudd haugen med utsikt mot Gloppefjorden i Vestland, har vore menneskeskapt.

No stadfestar nye georadar-undersøkinga at Karnilshaugen er ein menneskeskapt gravhaug.

Med sju meter i høgda og meir enn 50 meter i diameter, er gravhaugen i Gloppen blant dei største i Norden.

– Det er jo verkeleg ei sjeldan sak. Desse kjem kanskje éin per landsdel i den storleiken, seier Christian Løchsen Rødsrud, seniorrådgivar og arkeolog hos Riksantikvaren.

Funna blei gjort i samband med utgravingar av Myklebusthaugen på Nordfjordeid tidlegare i år, der arkeologane fann over 600 gjenstandar.

Karnilshaugen ved Sandane i Gloppen

Karnilshaugen ved Sandane i Gloppen

Foto: Riksantikvaren

Vi trur Karnilshaugen høyrer til det same maktmiljøet og høvdingdømmet som Myklebusthaugen i Nordfjordeid.

Sidan dei to gravhaugane kan sjåast i samanheng, blir Karnilshaugen del av kunnskapsbakgrunnen til verdsarv-nominasjonen av Myklebusthaugen.

Spesielt solfenomen

Karnilshaugen er også kjent som tinghaugen på Hauge, og blei truleg nytta som samlingsplass.

Den blei truleg laga under jernalderen, men hadde sannsynlegvis ein betydning inn i vikingtida.

I tillegg det fleire mytar knytt til haugen.

Kvart vinter- og sommersolverv skin sola på den myteomspunne haugen i Gloppen, gjennom et skar i fjellet til et bestemt tidspunkt.

Georadar-bildene fra Karnilshaugen viser blant annet antydninger til en vollgrav - i blå markering.

Georadar-bilda frå Karnilshaugen viser blant anna antydningar til ein vollgrav – i blå markering.

Grafikk: Riksantikvaren

– Det er viktig å stadfeste at det er menneskeskapt, og ikkje noko som naturen har skapt sjølv, og at lokalbefolkninga har forheldt seg til nettopp disse lokale solforholda.

Karnilshaugen er den einaste staden i Noreg der eit solfenomen kan bli knytt til ein gravhaug.

Ordførar: Stadfester posisjonen til Gloppen

Også ordførar i Gloppen kommune, Arnar Kvernevik (Ap), synest det er ein stor nyheit at Karnilshaugen er ein menneskelagd gravhaug.

– Det er jo med og bekreftar den posisjonen Gloppen og regionen har når det gjeld tidleg historie.

Han meiner at det opnar for mange mogelegheiter for kommunen.

– Det er ikkje tvil om at vi ser på kultur som et viktig bidrag inn mot verdiskaping. Kultur er ikkje berre noko som er fint å sjå på, men det er også noko som er fint å vise fram til andre som besøker kommunen.

Arnar Kvernevik

Ordførar Arnar Kvernevik meiner at det er ein stor nyheit for Gloppen.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Skal ikkje gravast ut

Kva som ligg inne i Karnilshaugen er framleis ukjent.

Det har aldri vore grave i haugen før, og det er det heller ingen planar om no.

Sidan den aldri har vore utgrave før, har det som eventuelt ligg inne i gravhaugen allereie eit godt vern i jorda.

– Er ikkje du nysgjerrige på kva som ligg inni han, da?

Kjempenysgjerrig, men eg tenker at det ligg der ganske godt for framtida òg. Vi tenker ofte at det beste vernet, at dei ligg der dei er, i terrenget.

Publisert 20.12.2024, kl. 13.24

Read Entire Article