Revheimsveien bør fiksast før Madlaveien!

6 hours ago 2



Lytt til bydelsutvalet i Madla, og gå inn for at Revheimsveien får bussfil som første byggjetrinn på strekninga. Foto: Andreas Askildsen

Publisert: Publisert:

For mindre enn 30 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Eg las for nokre veker sidan ei bussveg-sak Aftenbladet der det kom fram at Revheimsveien kunne ein ikkje ta først for det fanst ikkje planar som var utarbeidd for den strekninga.

For Madlaveien var planane klar og der kunne arbeidet setjast i gang. Har politikarane i Stavanger bystyre så lita oversikt over kor «korken» er størst på strekninga: Bysentrum mot Kvernevik?

Langs Madlaveien og gjennom Kannik går det rimeleg raskt for bussen. Det er Revheimsveien som er det største problemet på strekninga.

For oss som bur i Revheimsvei-området er det innlysande kva område som treng mest forbetring for bussen

Etter mitt syn trengst det ikkje særleg lang tid til å planleggja utvida trase langs Revheimsveien. To plassar trengst det gode avtalar og planar før arbeidet vert sett i gang. Det er langs Madlaleiren ved Møldal og mellom Revheim skole og Revheim kyrkje.

Madlaleiren må kunna «gi frå seg» fem-seks meter inn på sin eigedom utan at det skjemmer leiren sitt område.

Mellom Revheim skole og Revheim kyrkje kan sykkelstien leggjast heilt ned til utearealet for skulen. Dersom ein legg undergang mellom skolen og Hafrsfjordsenteret skulle det løysa problemet med elev-trafikken og anna folk. Det må sjølvsagt setjast opp skjerm mellom veg og sykkelsti/skule og kyrkje.

Mens ein opparbeider dette strekket av Revheimsveien, kan ein planleggja strekket frå Revheim skole/kyrkje mot Kvernevik.

Langs Madlaveien og gjennom Kannik går det rimeleg raskt for bussen. Det er Revheimsveien som er det største problemet på strekninga.

Eg vil difor oppfordra politikarane i Stavanger bystyre om å lytta til bydelsutvalet i Madla, og gå inn for at Revheimsveien får bussfil som første byggjetrinn på strekninga. Kva parti i bystyret kan gi meg svar på dette spørsmålet: Kven er mot å ta Revheimsveien først?

Publisert:

Publisert: 7. november 2025 11:12

Read Entire Article