Mannen brøyt gjennom sperringane og køyrde rett inn i ein julemarknad i byen Magdeburg fredag kveld.
Ei kvinne og eit barn vart drepne og minst 60 personar vart skadde i det som vart skildra som eit angrep av det tyske politiet.
Fleire tyske medium har meldt at mannen som køyrde bilen var ein 50 år gammal lege frå Saudi-Arabia. Mannen skal ha budd i Tyskland sidan 2006.
No melder nyheitsbyrået Reuters at heimlandet hans skal ha åtvara Tyskland om mannen. Ifølge ei saudiarabisk kjelde skal grunnen ha vore ekstreme utsegner på X.
Islam-kritikar
Politiet meiner mannen handla aleine, og jobbar no med å få klarleik i eit eventuelt motiv.
Ifølge den tyske kringkastaren MDR skal mannen ha vore negativ til islam og sett på seg sjølv som ateist.
I 2016 sa han i eit intervju med avisa Frankfurter Allgeimeine at han var den «mest aggressive islam-kritikaren i historia», skriv Die Welt.
Han skal også ha uttalt seg negativt om tyske styresmakter. Ifølge kringkastaren, og avisa Welt, skal mannen ha skrive på X for eit år sidan at tyske styresmakter forfulgte flyktningar frå Saudi-Arabia.
Den mistenkte mannen skal også ha kunngjort «snart hemn» i innlegget som no er sletta, ifølge MDR.
Ifølge Reuters var mannen godt kjent i det saudiarabiske miljøet der han budde. Der skal han ha vore ein kontaktperson for nye flyktningar frå heimlandet.
Skal ha støtta AfD
Ifølge fleire medium skal mannen ha vist støtte til det høgreekstreme partiet AfD på X.
Die Welt refererer til ein profil på X som skal vera knytt til mannen. Der skriv han blant anna at «Tyskland ynskjer å islamisere Europa.«.
I mai 2024 posta profilen på engelsk på X at «Eg forventar seriøst å døy i år. Grunn: Eg vil sørga for rettferd for kvar ein pris. Og tyske styresmakter blokkerer alle fredelege vegar til rettferd», skriv Welt.
Pløgde inn i folkemengde
Det var i 19-tida fredag kveld at det begynte å koma meldingar om ein bil som køyrde i høg fart gjennom ein julemarknad i byen Magdeburg i Tyskland.
Ifølge vitne skal bilen ha pløyd gjennom sperringane og køyrd minst 400 meter gjennom marknaden.
Ei kvinne som var saman med kjærasten sin på marknaden fortel at dei såg bilen koma susande mot dei. Kjærasten vart treft og dradd av garde med bilen.
– Det var heilt forferdeleg, fortel Nadine til avisa Bild.
Kjærasten vart skadd i beinet og hovudet, fortel ho.
Ifølge tyske medium skal mannen ha leigd den svarte BMW-ein han køyrde i.
Publisert 21.12.2024, kl. 07.57 Oppdatert 21.12.2024, kl. 08.23