USAs president Donald Trump sin språkbruk mot Iran har auka i temperatur dei siste dagane gjennom munnlege og skriftlege truslar.
– Det er lett å fortolke dette som ein slags desperasjon, at språket blir så frenetisk og fylt av kjensler, seier retorikkekspert Kjell Terje Ringdal.
Språket er meint for å nå Trump sin følgarar i Maga-rørsla, ifølge Ringdal.
Kjell Terje Ringdal
- Retorikkekspert og førstelektor ved Høyskolen Kristiania.
Under ein pressekonferanse måndag kveld sa presidenten at «heile landet kan bli øydelagt på ei natt».
Dagen før, på første påskedag, publiserte Trump ei oppsiktsvekkande melding på Truth Social.
– Opne det jævla sundet, galne jævlar, elles kjem de til å leve i helvete – berre vent og sjå! Lova vere Allah.
Dette innlegget frå Trump har fått fleire til å reagere.
Faksimile: Donald J. Trump / Truth SocialOgså tysdag kjem presidenten med ei tydeleg melding om Iran.
– Ein heil sivilisasjon kjem til å døy i kveld, og aldri komme tilbake. Eg vil ikkje at det skal skje, men det vil det sannsynlegvis, skriv han på sitt eige sosiale medium.
Retorikken er eit forsøk på oppretthalde truverdet blant sine lojale tilhengarar, ifølge Ringdal.
Denne meldinga blei publisert av presidenten tysdag ettermiddag.
Faksimile: Donald Trump / Truth SocialMaktkamp på sosiale medium
– Dette er eit nytt nivå, seier medievitar Jessica Yarin Robinson ved Universitetet i Oslo.
Ho seier at det er heilt sjokkerande og utan sidestykke samanlikna med andre presidentar. Samstundes er dette Trumps modus operandi, tydeleggjer Robinson.
Jessica Yarin Robinson
- Medievitar og postdoktor ved Universitetet i Oslo (UIO).
– Dette er ikkje slik presidentar vanlegvis oppfører seg. Dette er eit døme på korleis Trump ønsker å bli sett som ein mektig president som har overtaket – særleg sidan han ikkje har det i Iran akkurat no, seier ho.
Medievitaren trur, i likskap med retorikkekspert Ringdal, at presidenten sitt innlegg er retta mot amerikanarar, og ikkje Iran.
Trump på pressekonferansen måndag kveld.
Foto: Evelyn Hockstein / REUTERS,NTBSvekker eigen karakter
Presidenten kjempar ein kamp for å oppretthalde eller bevare truverd hos Maga, og språkbruken hans speglar Maga-rørsla sin aggresjon og frustrasjon, seier Ringdal.
Men sjølv om presidenten får ros frå kjerneveljarane sine, vil den polariserande kommunikasjonen kunne svekke hans karakter, forklarar han.
– Vi må vise at vi er ordentlege folk.
Ringdal legg også til at Trumps retoriske tilhengarar blir færre og færre.
Presidenten sitt «siklande raseri» bidrar til å svekke hans karakter, ettersom mange opplever språkbruken som upassande og ukledeleg for ein president, ifølge Ringdal.
– Vi snakkar ikkje på den måten. Dei aller fleste vil oppleve at dersom du skal få min applaus, så må du oppføre deg bra og vise eit danna språk.
Presidenten ikledd den kjente Maga-kapsen som fekk stor merksemd under hans tidlegare presidentkampanjar.
Foto: MANDEL NGAN / AFP,NTBTrump er ute på ein «karuselltur» kor han tar i bruk meir kraftfulle verkemiddel som færre lar seg påverke av. Det svekker respekten for han, meiner retorikkeksperten.
– Dersom fleire opplever han som ufordrageleg, så vil mellomvalet bli eit dårleg val.
Sivil infrastruktur kan også vere militære mål
Trump sine innlegg frå påska har vekt reaksjonar.
Iran hevdar at truslane frå Trump er eit klart brot på krigens folkerett.
– Det er ikkje forbode å true med krigsbrotsverk i krig, men det er forbode å gjere det, seier folkerettsekspert Cecilie Hellestveit ved NTNU.
Slik retorikk er vanleg i krig, men det er sjeldan vi høyrer det frå USA, forklarar Hellestveit.
– Trump gjorde det i førre periode, då det var ei eskalering mellom Iran og USA. Trump trua med å bombe alle kulturskattar i Iran – noko som openbert ville vore krigsbrotsverk dersom han gjorde det.
Cecilie Hellestveit
- Folkerettsekspert og jurist.
Bombinga skjedde ikkje ettersom kommunikasjonen førte til deeskalering mellom landa.
Under den pågåande konflikten har minst to iranske kulturskattar blitt utsette for angrep, ifølge Unesco.
Dei skriv i ei fråsegn at dei er djupt uroa over at fleire verdsarvstadar i Iran er skadde i krigen, mellom anna Golestan-palasset i Teheran og historiske bygg i Isfahan.
Oldtidsbyen Pasargadae står på Unesco si verdsarvliste. Trump har tidlegare trua Iran med å angripe kulturskattar i landet.
Foto: ATTA KENARE / AFP,NTBInfrastruktur som i utgangspunktet er sivil, kan reknast som fleirbruk og derfor òg som militære mål under ein pågåande konflikt, ifølge Hellestveit.
– Når amerikanarane angrip iranske mål, eller motsett, er militærbasar eller utskytingsramper for missil alltid militære mål. Men ein del infrastruktur som i utgangspunktet er sivil, som bruer eller kraftforsyning, vil også bli militære mål.
Dette er fordi den sivile infrastrukturen blir tatt i bruk av eller leverer direkte til militære styrkar.
– Det betyr at ei bru som vanlegvis blir brukt av sivilbefolkninga, men som i ein krigssituasjon blir brukt av militæret til å flytte styrkar, er eit militært mål og kan bli angripen, seier Hellestveit.
Fredag blei ei bru i Karaj i Iran skadd etter eit angrep i den pågåande konflikten.
Foto: Majid Asgaripour / Wana News Agency,NTBSjølv om Trumps utsegn ikkje er i strid med krigens folkerett, har USAs forsvarsminister Pete Hegseth kome med ulovlege truslar.
– Vi skal fortsette å presse, rykke fram, ikkje gi kvarter, ikkje ha nåde for våre fiendar, sa Hegseth på ein pressekonferanse 13. mars.
Erklæringa frå Hegseth bryt med artikkel 46 i Haagkonvensjonen.
– Under vedtektene for Den internasjonale straffedomstolen er det å «erklære at det ikkje skal bli gitt nåde» eit krigsbrotsverk i internasjonale væpna konfliktar, står det i artikkel 46.
Pete Hegseth deltok også på pressekonferansen måndag.
Foto: Julia Demaree Nikhinson / AP,NTBTACO-tilnærming i krig
Robinson er spent på om Trump kjem til å gjere alvor av utsegna.
– Trump liker å vise makt i måten han snakkar på – noko som sjeldan kjem til uttrykk i korleis han oppfører seg, seier ho.
Det har gitt presidenten kallenamnet TACO.
– Dette har tidlegare vore i samanheng med tollpolitikk, men no ser vi det kanskje også i samanheng med krig, seier medievitaren.
– Det er mykje meir alvorleg å ha TACO-tilnærminga i krig når det er snakk om liv og død, legg ho til.
Fem moglege scenario i Iran, ifølge Midtausten-ekspertar:
Interessert i det som skjer i verda? Høyr Urix sin podkast:
Publisert 07.04.2026, kl. 20.34 Oppdatert 07.04.2026, kl. 20.45
















English (US)