KOMMENTAR: Dei har det med dette, i Rød Ungdom. Å nulla ut andres liv.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 40 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Det må finnast eit snev av respekt for andres liv. For andres livsvilkår. For dei som ikkje står ved di side. For dei som er svakare enn deg, for dei stemmelause, for dei som tilhøyrer eit stille mindretal. Til og med for dei du ikkje likar.
Det må det, også om du er ungdomspolitikar. Også om du er med i Rød Ungdom, som er Rødts ungdomsparti.
Nullar ut
I helga blei Rød Ungdoms nyvalde leiar, Alexandra Fredwall, spurt om ungdomspartiets syn på abort. Dei ser litt annleis på det enn andre parti, svarte Fredwall. Dei vil ikkje ha sjølvbestemt abort, dei vil ha fri abort. Dei vil ikkje ha ei grense for kor langt uti svangerskapet kvinna sjølv kan bestemma. Dei vil rett og slett ikkje at staten skal kunna gå inn og bestemma, på noko tidspunkt. Det kan få negative følger for kvinna.
På spørsmål frå Nettavisens journalistar om det prinsipielt betyr at ein kan ta abort i veke 39 – altså ei veke før ein reknar eit svangerskap som fullgått, svarar Fredwall «Jeg ser ikke hvorfor det ikke skulle bli lov.».
Nei? Blir det aldri på noko tidspunkt aktuelt å tenka at det er snakk om to liv? Der det andre er ein baby, som på det tidspunktet er heilt klar for å møta livet, for å pusta og nysa, gråta og la seg trøysta? Ingen tanke om at det livet skal ha eit rettsvern? Eller eit livsvern?
Det var sjølvsagt stilt på spissen, det spørsmålet frå Nettavisen. Også det om abort ville gå an i veke 30, som fekk Fredwall til å utbryta «Det er jo ingen som gjer det!»
Men likevel. Ingen andre enn den gravide kvinna får plass i Rød Ungdoms abortsyn. Livet ho ber på, tel ikkje med. Det er nulla ut.
Dei har det med det, i Rød Ungdom. Nulla ut verdien av andres liv.
Når er valdsbruk ok?
Eitt av forslaga til landsmøtet for nokre veker sidan var sånn: «Arbeidarbevegelsen må organisere egne selvforsvarsorganisasjoner for å forsvare streiker, demonstrasjoner, okkupasjoner og møter fra fascister og politi. Vi krever at hæren legges ned, og byttes ut med en folkemilits under arbeiderbevegelsens demokratiske kontroll.»
Den som vil, kan googla «Mao og folkemilits.»
Redaksjonskomiteen, som Alexandra Fredwall leia, hadde innstilt på at landsmøtet skulle vedta dette. Det blei ikkje heilt sånn. I staden blei, ifølge Klassekampen, eit nytt forslag vedtatt, om «å jobba for nedrustning og demokratisering av dagens militære, og at ein ønsker seg eit demokratisk organisert folkevern.»
Det reiser mange spørsmål. Betyr det at valdsbruk er greitt, så lenge det er dei sjølv som får bestemma når og korleis? Og så lenge det er deira eigne som er utøvarar? Korleis ser eit «demokratisk organisert folkevern» eigentleg ut? Kva slags mandat skal dei ha, og kva må du kunna om du vil bli med? Er det nok å villa det same som Rød Ungdom?
Ikkje godt å vita kva dei diskuterte. Landsmøtet var «hemmeleg», for Rød Ungdom vil beskytta dei unge deltakarane sine. Det er viktigare enn at andre skal få del i diskusjonane deira.
Terror-fnising
Før landsmøtet, i mars, la Rød Ungdom ut ein video på Tiktok, med teksten «Når han er lowkey stygg, men han prøvde å eksplodere den amerikanske ambassaden so it’s okay.» Det er bombeangrepet på den amerikanske ambassaden i Oslo det blir vitsa om. Videoen blei seinare sletta av Tiktok. Men på RUs nettside blei dei tre brørne som er pågripne for terrorangrepet utropte til vekas heltar.
Helen Hestad, ei av dei i denne fnise-videoen, og medlem i sentralstyret, seier til VG at dei vil nå ungdom, og difor legg seg på ei linje med innhald unge ser på, at det uansett er bra med reaksjonar, og at dei sjølvsagt ikkje ville lagt ut ein slik video dersom nokon hadde blitt skada.
Det siste der kan ikkje dåverande leiar i partiet, Amrit Kaur, ha ofra mange tankar, då ho i september i fjor la ut ein fnisevideo etter drapet på høgre-ekstreme Charlie Kirk i USA. «Å folkens! Charlie Kirk døde, folkens! Jeg synes det er så kjipt. Hva skjedde med demokratiet? Å nei», storsmiler Kaur i videoen.
Ho måtte gå då. Etter klar beskjed frå moderpartiet Rødt.
Betong
Men inntrykket av Rød Ungdom sit som støypt i betong: Ingen andre liv gjeld, enn dei Rød Ungdom sjølv måtte finna for godt å kjenna seg igjen i. Og ingen dilemma finst, ingen vanskelege val, ingen etiske refleksjonar. Om vald. Om andres liv. Om andres livsvilkår.
Det må finnast. Om ein vil kalla seg eit politisk ungdomsparti.
Publisert:
Publisert: 21. april 2026 12:18

22 hours ago
5



.jpg)





English (US)