Rektoren treng lærarar som kan litt om alt. Men dei er på veg til å forsvinne frå norsk skule

2 weeks ago 12



– Skal du undervise på småskule, må du ha kompetanse i mange fag, seier rektor Elisabeth Sunde Andenæs ved Nordstranda skule i Gloppen.

Her må 15 lærarar dekke alt av undervisning.

Å finne folk med rett kombinasjon av fag er vanskeleg – særleg for dei lågare trinna.

– Ein har kanskje ikkje den breidda som trengst for å undervise på 1. til 5, seier rektoren.

Slit med å rekruttere

Nordstranda skule er slett ikkje aleine.

Mange skular i distriktet slit med å rekruttere grunnskulelærarar.

Det gjer at mange lærarar manglar kompetanse i faga de underviser i, viser ein fersk rapport frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Rapporten viser til at 4 av 10 kommunar oppgav i ei undersøking fjor at det er svært eller ganske utfordrande å rekruttere lærarar til alle trinn i grunnskolen.

Det var ein kraftig auke samanlikna med tilsvarande undersøking to år tidlegare.

Rekrutteringsutfordringane er størst for grunnskular frå første til fjerde trinn på mindre skular og skular i distrikta.

Manglar kompetanse i mat og helse, KRLE og engelsk

I den gamle allmennlærarutdanninga fekk studentane kompetanse i nær sagt alle fag.

Lærarutdanninga har gravdis blitt endra.

Allereie i 2008 meinte Stoltenberg 2-regjeringa at utdanninga var for brei til å gi studentane nødvendig fagleg og pedagogisk kompetanse.

«Ein så brei kompetanse gir ikkje rom for den faglege fordjupinga som skolen trenger», sto det i ein stortingsmelding den gang.

Frå 2017 vart grunnskulelærarutdanningane femårige mastergradsutdanningar for alle.

No er det hovudsakleg snakk om tre fag i grunnskuleutdanninga og to fag for lektorar.

Særleg i Nord-Norge og på Vestlandet har mange skular trøbbel med å fylle klasseromma med kvalifisert arbeidskraft.

– I praktisk-estetiske fag, mat og helse, KRLE og engelsk er det høge andelar av lærarar som underviser utan å ha undervisningskompetanse, seier avdelingsleiar Stig Helge Pedersen for utgreiing, evaluering og forsking i direktoratet.

Stig Helge Pedersen

Mange lærarar underviser i mat og helse, KRLE og engelsk utan å undervisningskompetanse, seier avdelingsleiar Stig Helge Pedersen i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Foto: Privat

– Allmennlæraren er på veg ut

At færre vil bli lærarar og spesialisere seg i desse faga, gjer ikkje saka betre. Det gjer at fleire utdanningar reduserer tilbodet. Den negative spiralen er altså i gang.

Men framleis er det mange allmennlærarar igjen, som kan steppe inn der det trengst.

Det er den største gruppa i skulen. Men etter kvart som den nye grunnskole- og masterutdanninga leverer lærarar ut i skulen, så vil jo dei overta.

– Med dagens modell så er jo allmennlæraren på veg ut, seier Pedersen.

Sliter med å rekruttere lærere til grunnskolen.

Mange skular i distriktet slit med å rekruttere grunnskulelærarar, viser ein rapport frå direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Børstar støv av «allmennlæraren»

Skular og kommunar over heile landet har gitt uttrykk for at dagens utdanning ikkje passar så godt.

Derfor skal eit prøveprosjekt i gang neste år. Det grisgrendte universitetet på Nesna skal nemleg skreddarsy lærarar for distrikta.

Dei har fått lov til å ha ein lærarutdanning for 1. til 10. trinn med fleire fag. Viss det blir vellykka, kan utdanninga det bli utvida.

Det er politikarane som bestemmer korleis lærarutdanninga skal vere.

– Universiteta og høgskulane skal prioritere lærarutdanningane. Det er viktig at de opprettheld et bredt fagtilbod, slik at vi får utdanna de lærarane vi trenger til skular over hele landet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Forsknings- og høyere utdanningsminister
Oddmund Hoel (Sp)

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) meiner at eit bredt fagtilbod er viktig, slik at vi får lærarane vi trenger til skular over heile landet.

Foto: Hanna Johre / NRK

Publisert 06.12.2024, kl. 19.54

Read Entire Article