– Eg skammar meg ikkje over å få hjelp. Ikkje i det heile. Eg har jobba heile livet, og bidratt sjølv, seier ein tobarnsfar til NRK.
Han er ein av svært mange som har takka ja til hjelp frå Røde Kors denne jula.
Av helsegrunnar har han stått utan jobb i ein periode. Aleinefaren må snu på krona i utgangspunktet, og dermed blir jula ekstra vanskeleg å takle økonomisk.
I år får han gåver til barna frå det såkalla «Ønsketreet».
– Det hjelper utruleg mykje.
Av omsyn til barna, som er i skolealder, har NRK valt å ikkje identifisere familien med namn.
Fleire ber om hjelp
Pappaen frå Porsgrunn er på ingen måte aleine.
I fjor blei det søkt om midlar til aktivitet og gåver til over 30.000 barn. Da slo Røde Kors fattigdomsalarm.
Dei håpa på lysare tider, men pilene peikar framleis i feil retning. Ein auke på 1000 førespurnader sidan i fjor, seier sitt.
Stivare matvareprisar og høgare renter påverkar utvilsamt økonomien. Det kan Siri Hatlen, president i Røde Kors, bekrefte.
Denne veka var ho på besøk i Porsgrunn for å sjå korleis dei frivillige jobbar før jul. Dei har meir enn nok å gjere, både der og i resten av landet.
– Vi ser det kanskje aller tydelegast nå, når det nærmar seg jul, seier ho.
Kirkens Bymisjon kjenner seg igjen i beskrivingane.
Behovet for hjelp er aukande, bekreftar generalsekretær Adelheid Firing Hvambsal.
– Saman med prisstiginga på alt vi treng, er situasjonen alvorleg. Det har blitt stadig meir krevjande å ha økonomi til å servere barna middag til vanleg, og julefeiringa er vanskeleg for mange å tenke på, seier ho.
Totalt sett går talet på barn som veks opp i låginntektsfamiliar likevel ned i Noreg. Det viser tal frå SSB.
Den trenden synest ikkje godt på ønskelistene til hjelpeorganisasjonane i Noreg.
Hatlen oppfordrar uansett alle som treng det til å nytte seg av moglegheita.
– Det er jo eit ønske frå oss at terskelen for å be om hjelp frå dei som treng det skal vere lågast mogleg.
Lyg om kva dei har fått
I samarbeid med Gjensidigestiftelsens juleaksjon deler Noregs Røde Kors ut nesten 7 millionar til Røde Kors´distriktskontor- og lokalforeiningar over heile landet i år.
Det kjem godt med, også i Porsgrunn.
Berre i denne kommunen er det meir enn 800 barn som får gåver frå organisasjonen.
– Det er veldig mange som treng hjelp. Det er trist. Samtidig er det godt å vite at vi finst, og kan normalisere jula litt, seier Siri Løite, som leier det frivillige arbeidet frå lokallaget med Ønsketreet.
Det kan småbarnsfaren i Porsgrunn skrive under på.
– Det er ingenting å vegre seg mot. Hev hovudet. Det er inga skam å få hjelp i det samfunnet vi lever i nå.
– Korleis blir årets jul?
– Vi pynta allereie førre veke. Det er lys overalt, og snart skal vi lage peparkakehus. Jula blir bra.
Publisert 08.12.2024, kl. 19.28