Rekordbeslag på grensa: To menn tiltalt for fjorårets største heroinbeslag

3 hours ago 2



No er to menn tiltalt for det største heroinbeslaget i Noreg i fjor.

– Det er ikkje unormalt at vi stoppar og kontrollerer eit sånt køyretøy, men det vi avdekka er utypisk for vårt område, seier Kjersti Bråthen, seksjonssjef for Tolletaten i Kongsvinger.

Rundt klokka 02.00 natt til 11. desember i 2024, stoppa tollarane ved Magnormoen i Eidskog eit nederlandskregistrert vogntog på riksveg 2 nokre kilometer inn i landet.

Tollarane fann raskt narkotika.

– Av og til opplever vi at det er skjult godt, i karosseriet og så vidare. Her låg det i ei utvendig pallekasse og var relativt enkelt å finne, seier Bråthen.

Flere pakker med narkotika som ligger i en kasse.

Bråthen seier det var relativt lett for tollarane å finne narkotikaen. Då funnet vart gjort, fraus dei situasjonen og tilkalla krimteknikarane til politiet.

Foto: Tolletaten

Det største heroinbeslaget i fjor

Krimteknikarane til politiet vart tilkalla.

Totalt fann dei rundt 20,8 kilo heroin og cirka 9,9 kilo kokain i semitraileren.

Det er det største heroinbeslaget i Noreg i 2024, og det største heroinbeslaget i Innlandet nokon gong.

– Vi har veldig lite beslag av heroin. Vi pleier å ligge på kanskje 20–30 kilo per år på landsbasis. Så dette er eit stort beslag, seier Bråthen.

Det er anslått at narkotikaen hadde ein gateverdi på rundt 30 millionar norske kroner.

Avisa Glåmdalen har også skrive om rekordbeslaget.

Et bord som viser flere pakker med enten Supermario-logo eller Trump 2024-logo på.

Nokon av pakkane hadde logo på.

Foto: Politiet

«Ei svært betydeleg mengde»

To nederlandske menn må møte i retten, tiltalt for å ha innført store mengder narkotika.

– Det beslaglagde narkotikapartiet er å rekne som «ei svært betydeleg mengde» etter lova, seier statsadvokat Johan Petter Bærland.

På spørsmål om han meiner dei to tiltalte er ein del av eit større kriminelt nettverk, svarer han at dei tiltalte er skulda for å ha frakta stoffet over riksgrensa.

Johan Petter Bærland statsadvokat

Statsadvokat Johan Petter Bærland omtaler narkotikabeslaget som «ei svært betydeleg mengde».

Foto: Frode Meskau / NRK

Strafferamma er fengsel inntil 15 år, med ei minstetid på 3 år.

Rettssak utsett

Dei to tiltalte, ein mann i 30-åra og ein mann i 50-åra, har vore varetektsfengsla sidan dei vart pågripne 11. desember i fjor.

Begge dei tiltalte har forklart seg til politiet, ifølge Bærland.

Helge Hartz forsvarer mannen i 30-åra. Han seier at klienten hans ikkje erkjenner straffskuld.

en mann i dress og slips

Helge Hartz forsvarer den tiltalte mannen i 30-åra. Klienten hans erkjenner ikkje straffskuld.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Rettssaka mot dei to mennene skulle i utgangspunktet gått i Romerike og Glåmdal tingrett i starten av desember. Den er no utsett på ubestemt tid.

Dette fordi forsvararane har bede om fleire etterforskingssteg, fortel Hartz.

– Vi har bede om at det blir gjennomført vidare etterforskingssteg, mellom anna bevisopptak i utlandet, skriv han i ein SMS til NRK.

Erik Dammen Stoltz forsvarer mannen i 50-åra. Stoltz har foreløpig ikkje svart på NRKs førespurnad.

– Viktig å få tatt dei store partia

Kjersti Bråthen ved Tolletaten i Kongsvinger seier det er avgjerande at tollvesenet avdekker slike smuglingsforsøk.

– Vi opererer jo på grensa, og det er der narkotika og andre ting kjem inn. Vårt fokus er store beslag, altså dei som driv med organisert verksemd.

beslag av pakker med dop i en plastkasse

Beslaget reknes som ei svært betydeleg mengde, ifølgje statsadvokat Johan Petter Bærland.

Foto: Politiet

Ho forklarer at dersom ei slik last kjem inn i landet, kan det raskt bli oppdelt og fordelt rundt omkring i landet.

– Då er det ei mykje større oppgåve å finne stoffet og forhindre at det kjem ut på marknaden. Ved at vi får stoppa litt større parti på grensa, så fører det til mindre bruk av ressursar for både oss og politiet.

– Det er veldig viktig å få tatt dei store partia på grensa, enten om det er på landevegen, langs kysten eller flyplassar, seier ho.

Publisert 23.12.2025, kl. 16.13

Read Entire Article