Reiv ned alle prideflagga i løpet av natta

4 hours ago 3



– Mange frivillige har mobilisert og politiet er kontakta etter det som skjedde, fortel dagleg leiar i bygdepride Anbjørn Steinholm Frislid.

Han er svært skuffa, sjølv om han ikkje er overraska.

– Har skjedd kvart år

Det skal vere ein stor dag for Bygdepride laurdag. Den tradisjonelle paraden startar klokka 15, og difor hastar det med å få fiksa alle flagga.

Politiet er kontakta, og saka vil bli anmeldt.

– Eg blei litt sjokkert. Men vi opplevde jo søndag også at fleire av flagga våre forsvann, seier han.

Den saka blei også meld til politiet. Han seier også at dei har opplevd lignande kvart år sidan dei starta Bygdepride i 2018.

Frivillige fiksar flagga i Volda, Pride

Frivillige fiksar flagga i Volda.

Foto: Hild Nordal

Publisert 10.05.2025, kl. 12.13 Oppdatert 10.05.2025, kl. 12.28

Read Entire Article