Chelsea og Guro Reiten er nok ein gong seriemeister i England etter at dei onsdag kveld slo Manchester United 1–0 på bortebane i superligaen.
Målet kom på eit hjørnespark, der Lucy Bronze var høgast inne i felte og kunne styre ballen i mål med hovudet, eit kvarter før full tid.
Guro Reiten starta på benken for Chelsea, men vart bytta inn like etter at London-laget hadde teke leiinga 1–0.
Dette er sjette gong på rad at blåtrøyene vinn serieligaen i England, sjølv om 2017-sesongen ikkje er ein offisiell tittel, då det vart spelt ein avkorta og ikkje full sesong.
Celin Bizet Ildhusøy var den einaste norske som var med i startoppstillinga for Manchester United, medan Elisabeth Terland kom inn på bana etter 62 minutt.
Lise Fjeldstad Naalsund vart bytta inn på tampen av kampen.
Arsenal tapte tidlegare onsdag kveld 2–5 mot Aston Villa og hadde med det meir eller mindre skreve seg ut av tittelkampen.
Chelsea trengde berre eit poeng for å sikre seg tittelen mot United i kveld – to rundar før sesongslutt.