Reiarlag varslar rettssak mot staten

7 hours ago 3



Eit tredje søksmål mot staten er i gang etter tilbaketrekking av alle snøkrabbeløyver og nytildeling av løyver, det skriv Fiskeribladet.

Det er Egersund-båten «Roaldsen» og Kornelius Roaldsen Fiskebåtrederi som blei fråtatt snøkrabbeløyvet og fekk ikkje utdelt nytt løyve. No vil dei saksøke Nærings- og fiskeridepartementet med krav om snøkrabbeløyve og erstatning for store økonomiske tap.

Frå før har Tromsø-skipsreiar Bengt Are Korneliussen og han sitt fartøy «Arctic Opilio» sett i gang eit søksmål mot staten. Det same har Svolvær-reiarane Tor Gunnar og Kristian Kransvik i Strumberg Drift gjort.

Avisa skriv at det over tid har sirkulert påstandar om forskjellsbehandling, ugyldige vedtak og manglande kompetanse i både Fiskeridepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

Read Entire Article