Regjeringa planlegg å bruke 1308 milliardar kroner i Nasjonal Transportplan

1 month ago 17



Etter å ha jobba med å skru ned forventningsnivået dei siste vekene, la samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth fram Nasjonal transportplan 2025–2036 (NTP) fredag formiddag.

Nygård seier regjeringa legg følgande til grunn for prioriteringane av ressursbruken i den kommande planperioden:

  • Vi skal ta vare på det vi har.
  • Vi skal utbetre der vi kan, og utnytte kapasiteten i både eksisterande infrastruktur og transporttilbod betre.
  • Vi skal bygge nytt der vi må.

Samla økonomisk ramme er på 1308 milliardar kroner, fordelt slik:

  • 1208 milliardar kroner i statlege midlar
  • 100 milliardar i bompengar

Allereie i begynninga av mars varsla regjeringa at «tøffare prioriteringar» sett fleire «gigantprosjekt» på vent.

Signalet blei mottatt som eit sikkert nederlagsteikn blant tilhengarar av 50 milliarderprosjektet ferjefri E39 («Hordfast»).

Til gjengjeld lova samferdselsministeren meir pengar til drift, vedlikehald og fornying, inkludert ein «historisk satsing» på eksisterande jernbane.

NTP

Foto: Skjermdump

I tida mellom dei første signala og pressekonferansen i dag har regjeringa «leke» ei rekke nyheiter om kva prosjekt som kjem i NTP. Sjå full oversikt under.

Til saman er det lova oppstart av samferdsleprosjekt for om lag 175 milliardar kroner, viser oppsummeringa til NRK. Dette inkluderer 16 ekstra milliardar til fylkesvegane som blei lova sist veke.

Kampen om pengane har blitt tøffare

Nygård gjentok bodskapen om ein «meir realistisk plan» i Politisk kvarter fredag morgon.

Kampen om pengane har blitt tøffare, og vi må prioritere forsvar og helse høgt. Derfor har vi ei nøktern tilnærming, sa han.

I tillegg til galopperande helseutgifter og ein spent sikkerheitssituasjon, slår naturinteressene hardare inn i den nye transportplanen.

Heilt konkret ved at fleire nye motorvegar blir bygd med lågare (og mindre naturkrevjande) standard enn dagens 110 km/t-standard.

Regjeringa har lekte godbitar frå Nasjonal transportplan i fleire veker. Men de har varsla tøffe prioriteringar. Kven blir skuffa i dag?

Politisk prioritert infrastruktur er ei krevjande øving.

NRK-kommentator Lars Nehru Sand skriv at lokalpolitiske ønsker, regional utvikling og nasjonal planlegging går opp i ei høgare eining når Nasjonal Transportplan blir presentert:

Politisk prioritert infrastruktur i dette langstrekte landet er ei krevjande øving. Vegbygging mot jernbane. Storbyar mot distrikta. Landsdel mot landsdel. Transportsektor mot transportsektor. Fornye eller forbetre.

Transportplanen kjem kvart fjerde år, men legg kvar gong føringar for dei neste 6+6 åra.

Alle prosjekta er avhengig av bevillingar på statsbudsjettet, men prosjekta i den første bolken har historisk blitt rekna som sikrare enn dei som følger i den andre perioden.

Den nye transportplanen kjem med ei ny todeling: Ein konkret planportefølje der det følger med pengar. Og ein meir usikker utviklingsportefølje, som innebører færre forpliktingar.

NRK er kjent med at E18 forbi Sandvika blir tatt ut av Nasjonal transportplan, og blir flytta over i den nye utviklingsporteføljen.

Her er det du bør vite om den nye nasjonale transportplanen.

Publisert 22.03.2024, kl. 11.49

Read Entire Article