– Er du i tvil, så ta sjansen og flytt til ein distriktskommune, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum til NTB.
Oppfordringa kjem same dag som Stortinget vedtar nye reglar som slettar delar av studiegjelda til folk i distrikta frå 2026.
Vilkåret er at folk allereie har budd eitt år i «provinsen».
Den som vil vere med på sletteordninga frå først stund har derfor berre ein snau månad på seg til å pakke sakene og levere flyttemelding.
Til gjengjeld kan dei forvente «det mest hyggelege brevet i historia», lovar Vedum.
Brevet vil ha Lånekassen som sender, og vil opplyse om kva beløp som er sletta – avhengig av kor provinsiell den nye heimkommunen er.
– Dette er flott. Vi ynskjer alle velkomne. Vi skal ta dei godt imot, seier Fjaler-ordførar Leif Jarle Espedal.
Gloppen-ordførar Arnar Kvernevik lover eit samfunn «prega av dugnadsånd og samhald mellom folk».
– Vi har 32 husvære til sals og vi trur på ei framtid der vi ikkje er ein utkant, men tett på verda, seier han.
I Finnmark og Nord-Troms får innbyggarane sletta opptil 60.000 kroner i studiegjeld – kvart år.
Leiar i Unge Høgre, Ola Svenneby, har karakterisert tiltaket som «regelrett galskap».
Vil senke inntektsskatten til folk på bygda
Sletteordninga kostar staten om lag 1,3 milliardar kroner i året, og inngår i ein overordna strategi for å vareta det som er kalla eit norsk adelsmerke:
Det spreidde busettingsmønster som gjer at det er lys i husa i alle små avkrokar av landet.
I november varsla Vedum at han også kan tenke seg å senke inntektsskatten til folk på bygda.
Han understreka at han uttalte seg som Sp-leiar og ikkje som finansminister.
– Ja, dette er radikalt. Men vi har gjort radikale ting før, sa han til Aftenposten.
Kunne du budd og jobba i ei distriktskommune?
Til NRK presiser han at den nye og radikale skattemodellen foreløpig er på skissestadiet og ennå ikkje er vedtatt.
Det skjer eventuelt på landsmøtet til Senterpartiet neste år.
– Det er ikkje for lite pengar, men for få unge
Ved tusenårsskiftet var det 59 norske kommunar med færre enn 20 fødslar i året. I 2020 var det same talet 109.
«Det er ikkje for lite pengar, men for få unge», var grunngivinga da Innlandet fylkeskommune vedtok å legge ned fleire skolar tidlegare i haust.
Forklaringa var til sjenanse for regjeringa som har tatt mål av seg å auke folketalet i distriktskommunane.
Andre har gjort eit poeng av at urbaniseringa nærast er for ei naturlov å rekna, og at politiske forsett om å snu sentraliseringa er som å protestera mot gravitasjonskrafta.
Demografiutvalet hadde derfor ei meir nøktern tilnærming og foreslo å satsa på nokre utvalde «regionsenter» for å demte opp for befolkningsflukta.
I tråd med dette har regjeringa tatt fleire omstridde og kostbare grep, symbolisert ved satsinga på høgskulen i Nesna i Nordland.
– Desentraliserte arbeidsplassar kan gi positive effektar
Torsdag fekk kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) overlevert ein ny rapport som viser at desentraliserte arbeidsplassar kan vere eit godt alternativ for statlege verksemder.
Fjernarbeid er arbeid som blir utført frå ein annan geografisk stad enn på den ordinære kontorstaden til verksemda.
– Oppfordringane viser at dette kan gi positive effektar for fleire, sa Sande med mottakinga.
Han la til:
– Det er viktig å legge til rette for statlege arbeidsplassar i heile Noreg.
Publisert 05.12.2024, kl. 14.47