Regjeringa opnar for statsstøtte til utanlandske skip

7 hours ago 1



I dag bruker staten rundt 2,5 milliardar kroner i året på å favorisere skip med norske flagg i baugen.

Støtta blir overført til reiarlaga som seglar under norsk flagg og som garanterer for at dei tilsette får anstendig (les: norsk) lønn.

No seier regjeringa at ho ikkje har anna val enn å utvide ordninga til å omfatte også dei som seglar under utanlandsk flagg.

Bakgrunnen er ein streng beskjed frå ESA om at EØS-reglane krev ein «flaggnøytral» ordning.

Og der kunne saka enda.

Men no har det som skulle vera ei teknisk justering for å blidgjera resten av Europa utvikla seg til ein politisk thriller.

En gruppe båter i en havn

Regjeringa sitt framlegg om å subsidiere skip utan norsk flagg møter massiv motbør.

Foto: Ola Helness / NRK

Ei vesentleg svekking av det norske flagget

I eit felles brev til dei folkevalde på Stortinget står LO og sjømannsorganisasjonane side om side med sin vanlege motpart, Noregs Reiarlagsforbund.

«Etter vårt syn inneber dette forslaget ei vesentleg svekking av rammevilkåra for det norske flagget og Noregs posisjon som maritim nasjon», skriv den nye alliansen.

Kritikken går ut på at forslaget ikkje berre likestiller utanlandske flagg med norske, men at det i somme tilfelle vil vera meir lønsamt å flagga ut til land med svakare regelverk.

I dag omfattar tilskotsordninga 14.000 sjøfolk og 650 skip som seglar under norsk flagg.

Knut Arild Hareide

– Når norske flagg blir svekt, blir heile den maritime klynga svekt. Det betyr færre norske arbeidsplassar, mindre innovasjon og ein svakare beredskap, seier Knut Arild Hareide i Noregs Rederiforbund.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Uforståeleg i dagens urolege verd

På toppen får regjeringa kritikk av sine eigne fagfolk i Sjøfartsdirektoratet.

I sitt høyringssvar skriv direktoratet at forslaget svekker den norske flåten ved å legge opp til ei ordning der det er økonomisk smartare å velja eit utanlandsk flagg enn det norske.

Stortingsrepresentant Marius Arion Nilsen (Frp) i næringskomiteen meiner regjeringa spelar hasard med nasjonale interesser.

Han peikar på at ordninga gir reiarar ein direkte økonomisk grunn til å forlate norske register.

– Regjeringa føreslår ei ordning som vil gi store økonomiske insentiv til å flagga ut frå Noreg, seier han.

Det er uforståeleg i fredstid, men enda meir uforståeleg i dagens urolege verd.

Marius Arion Nilsen

– Dette svekker den norske flåten. Regjeringa undervurderer betydninga av norsk flagg og norsk maritim kompetanse, seier Marius Arion Nilsen.

Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

– Dette er ein katastrofe for norske sjøfolk, seier Geir Jørgensen i Raudt.

– No må regjeringa sette seg på flyet til Brussel, snakke med EU og få dei nødvendige unntaka som vi treng for å vareta norske sjøfolk på norske skip. Eg synest at dette er veldig defensivt.

Jørgensen legg til:

– I verste fall kan dette ende med at vi skal subsidiere andre land med norske midlar. Det er heilt innlysande at dette må stoppast.

Geir Jørgensen

– Dette vil føre til at ein vatnar ut heile ordninga, stikk i strid med dei intensjonane som låg til grunn for at vi skulle ha denne ordninga. Vi veit at sjøfolk er svært utsett for sosial dumping, seier Jørgensen.

Foto: Stortinget

Regjeringa: – Regelverket må vere i tråd med EØS-retningslinjer

Regjeringa forsvarar forslaget og meiner kritikarane overser det viktigaste poenget:

Utan ei «flaggnøytral» ordning kan heile støtteordninga på 2,5 milliardar kroner forsvinne.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss kallar ordninga eit avgjerande verkemiddel. Ho peikar på at tilskota er hovudårsaka til at Noreg framleis er ein av Europas største sjøfartsnasjonar.

Ved å opne ordninga for sjøfolk på fleire EØS-registrerte skip bringar vi regelverket i tråd med gjeldande EØS-retningslinjer, seier ho på regjeringa sine eigne nettsider.

Samtidig er det avgjerande at ordninga framleis har ei tydeleg norsk forankring og bidrar til å sikre maritim kompetanse og sysselsetting i Noreg.

Kampen flyttar seg no til Stortinget.

Der regjeringa meiner dei reddar ordninga, svarer fleire av dei folkevalde at «redninga» gjer ordninga verdilaus for norske sjøfolk.

– Støre-regjeringa svekker det norske flagget, norsk konkurransekraft og vilkåra for norske sjøfolk, seier Bård Ludvig Thorheim (H).

– Regjeringa har hatt lang tid på å finne ei løysing i tråd EØS-avtalen, som held oppe norsk konkurransekraft. I staden skaper dei uvisse for ein av Noregs store eksportnæringar. No må regjeringa komme med eit nytt forslag som Høgre og Stortinget kan stille seg bak.

Det nye regelverket skal etter planen gjelde frå 1. september 2026.

en person som taler på et podium

– Det er avgjerande at ordninga framleis har ei tydeleg norsk forankring og bidrar til å sikre maritim kompetanse og sysselsetting i Noreg, seier Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Publisert 10.03.2026, kl. 12.14

Read Entire Article