Det er fem nye reglar som skal innførast til verdsmeisterskapen i fotball i sommar.
Målet er å få opp tempoet i kampane, og set blant anna ei tidsavgrensing på innkast og utspark.
I tillegg skal VAR-dommarane få utvida makt, og det kan by på problem ifølge NRKs ekspert.
– Ei veldig farleg retning
I VM vil VAR kunne gi dommaren råd om å gi spelarar sitt andre gule kort, viss situasjonane til saman burde gi raudt kort.
I tillegg skal VAR kunne sjå på feilaktige dømde hjørnespark – så lenge det ikkje utset starten av spelet igjen.
MEIR VAR: Det skal bli meir VAR i sommar-VM. Her ventar West Ham- og Leeds-spelarar på ein VAR-sjekk om det skal dømmast straffe i FA-cupen.
Foto: Peter Cziborra / REUTERS,NTB– Eg forstår jo tanken, men vi bevegar oss jo i ei veldig farleg retning der VAR får veldig mykje å gjere, seier NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg i podkasten «Bakrommet», og fortset:
– VAR fråtar dommaren ein del av oppgåvene sine. Det blir jo ein sånn mellomting mellom kven som eigentleg dømmer, seier Løkberg.
– Det er bra at vi har spart inn så mange sekund på hjørnespark og innkast at vi kan bruke litt meir tid på VAR i staden, seier NRKs ekspert Andrine Hegerberg med ein fleipete tone.
Heller ikkje landslagssjef Ståle Solbakken likar at VAR skal brukast på hjørnespark.
– Eg røyster imot. Å dra VAR inn i cornerar er inga god løysing, har Solbakken sagt til Nettavisen.
Dommarsjef i Fifa og tidlegare toppdommar Pierluigi Collina har tidlegare sagt at ein VAR-sjekk av hjørnespark ikkje vil gå utover den effektive speletida.
– På dei 10–15 sekunda det tar å ta eit hjørnespark vil ein kunne sjå om eit hjørnespark var feilaktig dømt til, sa Collina på ein pressekonferanse i Washington i desember i fjor ifølge BBC.
FIFAs DOMMARSJEF: Pierluigi Collina
Foto: ROBERTO SCHMIDT / AFP,NTB– Gråsoner
Løkberg rosar tankegangen bak dei nye reglane, spesielt der målet er å få ned tidsbruken på dødballar og stopp i spelet. Han er likevel usikker på korleis handhevinga blir.
– Problemet blir jo at du lagar sånne gråsoner heile tida, for kva er innanfor, kva er utanfor? Det blir vanskeleg å handheve. Korleis får ein til å sette opp eit langt kast nå? spør Løkberg retorisk.
Og gråsonene kan utvikle seg vidare med Fifas grep for å få meir effektiv speletid frå hjørnespark og innkast.
– Kva er lang tid?
I «Bakrommet» var dei spent på korleis dette kjem til å fungere: Om dommaren meiner eit innkast eller ein femmeter tar for lang tid, så vil dommaren telje ned fem sekund. Om ikkje innkastet blir tatt innan da får motstandaren kastet.
Ved same tilfelle med ein femmeter vil motstandaren få eit hjørnespark.
– Kva er lang tid? Og når begynner dommaren å telje? spør Løkberg da han blir konfrontert med det.
– Det kan bli litt frustrerande for enkelte lag som har ein annan rutine enn andre, og som kjenner dei blir straffa for det.
Ekspertkollega Hegerberg trur framleis dei mest utspekulerte vil klare å dryge tid.
– Dette er ein god tanke. Ofte gir dommaren ei åtvaring utan at det blir konsekvensar. Så eg liker denne. Dette skal vere greitt for dommaren å forhalde seg til og. Problemet er om dommaren berre ser på klokka og ikkje alt rundt, seier Hegerberg.
Liverpools tidlegare innkasttrenar Thomas Grønnemark rosar dei nye reglane rundt innkast i ein video han sjølv har lagt ut på LinkedIn.
– Eg trur dette vil få vekk mesteparten av tida ein kastar vekk på innkast, og det skaper enda meir press på den som kastar. Kroppsspråk blir og viktig. Bruker ein lang tid på å hente ballen vil dommaren vere utolmodig, men om ein viser vilje til å sette i gang spelet raskt vil nok dommaren gi deg litt meir tid, seier han i videoen.
– Lagar meir trøbbel for dommarane
Løkberg spør seg om dei nye reglane i det heile var nødvendige. Han meiner dei like greitt berre kunne vore meir konsekvente med å gi gule kort når dryginga er openberr.
– Dei skaper nye reglar som lagar meir trøbbel for dommarane. Dei har nok å halde styr på frå før av, og nå blir det enda meir å forhalde seg til, seier Løkberg.
– Dette er livet til ein dommar det. Det er ikkje berre fløyte og kort lengre. Eg synest synd på dei når det er så mykje nytt. Av og til er fleire reglar meir søl, legg han til.
Han er usikker på om dei kjem til å få opp farten i spelet, men er klare på éin ting:
– Det blir ikkje færre dommardiskusjonar i dette VM med dei nye reglane.
– Eg likte dei nye reglane litt eg. Det er konsekvensar for å vere kyniske, seier Hegerberg.
Publisert 08.04.2026, kl. 12.07 Oppdatert 08.04.2026, kl. 12.27











English (US)