Reagerer på Instagram-innlegget til Noreg-talentet: – Hjelper han ikkje

20 hours ago 7



– Han vil spele heile tida, noko som er normalt. Men denne typen innlegg, og dette er ikkje første gong, hjelper han ikkje. Det fører berre til tolkingar og spekulasjonar.

Det seier Bruno Francisco til NRK. Han er kommentator i Benfica-podkasten Visão Vermelha og har stussa over Schjelderups siste innlegg på sosiale medium.

Bruno Francisco

BENFICA-EKSPERT: Bruno Francisco.

Foto: Privat

Då Benfica vann 3–2 borte mot Rio Ave på laurdag og tok tre viktige poeng i tittelkampen, vart nordmannen sitjande på benken heile kampen.

Etter kampslutt la Schjelderup ut eit kryptisk innlegg på Instagram.

– Gir rom for spekulasjonar

Det einaste han la ut var to timeglas-ikon og eit bilde av seg sjølv mot Barcelona.

Det vekte raskt oppsikt i Benfica-kretsar – og vart av fleire tolka som misnøye med den manglande speletida.

Schjelderups instagraminnlegg

Foto: Faksimile / Instagram

– Andreas har også tidlegare lagt ut timeglas-meldingar når han ikkje har fått speletid. Då var han eigentleg ikkje eit reelt alternativ, så fansen gav det ikkje så mykje merksemd. No er han veldig populær, og det er grunnen til at denne typen Instagram-historier blir snakka mykje meir om, meiner Francisco.

– Er det ikkje mogleg at Schjelderup ikkje meinte noko negativt med innlegga?

– Ja, det har kanskje ikkje ei negativ betydning, men det gir rom for spekulasjonar, meiner Benfica-eksperten.

Bør Schjelderup starte mot Moldova?

– Verkar frustrert

Den norske kantspelaren kom frå dansk fotball i januar 2023.

Denne sesongen har Schjelderup for første gong spelt seg inn på Benfica-laget.

I ligaen har det blitt 12 kampar, eitt mål og to målgivande pasningar.

Han har dessutan fått mykje tillit i Meisterligaen og fått starte begge utslagskampane mot Barcelona.

Men på dei tre siste ligakampane har han berre fått spele totalt 63 minutt.

– Det verkar heilt klart som at Schjelderup er frustrert over denne situasjonen. Han fekk først ikkje speletid, men når han først gjorde det, presterte han bra og fortente sin plass. Nokre veker seinare kom det inn ein konkurrent på posisjonen hans (Bruma), og Schjelderup fekk mindre speletid igjen. Han er veldig ung og veit at han må spele for å utvikle seg, legg Francisco til.

 Andreas Schelderup

I SPANIA: Andreas Schelderup på pressemøte i fotball på Marbella Football Center.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Schjelderup: – Såg det skapte litt kontroversar

NRK møter Andreas Schjelderup i Marbella, der landslaget no ladar opp til dei to kommande VM-kvalikkampane.

På spørsmål om kva han meinte med det debatterte Instagram-innlegget, svarer 20-åringen slik:

– Eg såg det skapte litt kontroversar hos fansen og folk i Portugal. Men det handla heilt ærleg berre om landslagssamlinga og at eg gledde meg sjukt til å vere med på VM-kvalik for første gong. Det har vore eit stort mål for meg, seier Schjelderup til NRK.

Nordlendingen slår fast at han er fornøgd med situasjonen i den portugisiske storklubben.

– Det er ein draum som har gått i oppfylling. Eg har spelt i dei store kampane, så det har vore utruleg gøy. Da eg gjekk til klubben, var det dette eg drøymde om. Å få lov å spele kampar og få vere med å vinne titlar og sånt, seier han.

– Mange supporterar støttar han

Schjelderup har framleis ikkje spelt 90 minutt i éin kamp for Benfica. Bruno Francisco meiner dette handlar om fleire ting.

– Bruno Lage, Benficas trenar, krev eit høgt nivå av defensivt jobbing frå spelarane sine. Dette krev mykje av han. Og i januar kom Bruma frå SC Braga. Han er ein framståande spelar i ligaen og på landslaget. Eg trur at «status» også spelar ei rolle her, og avgrensar Andreas sine moglegheiter, seier Francisco.

Benfica-eksperten meiner Schjelderup har éin stor fordel: Støtte frå fansen.

– Mange supporterar støttar Schjelderup, ettersom dei anerkjenner talentet hans. Lage, Benficas trenar, verkar å gi lett etter for statusen til eldre spelarar. Derimot er det einigheit om at Andreas ikkje har takla dette godt, med denne typen Instagram-innlegg. Om han held fram med å jobbe hardt, gjer sitt beste og hjelper laget når han får sjansen, vil han ha fansen på si side, meiner eksperten.

  • Noregs landskampar blir spelte laurdag mot Moldova og mot Israel tysdag 25. mars.

Publisert 18.03.2025, kl. 13.52

Read Entire Article