Reagerer på bilda av «verdas høgaste»: – Frykteleg kjedeleg

6 hours ago 2



– Potensialet er jo, akkurat som fysikken hennar, enormt.

Det seier Stig Omland som kan det meste om basketball. Han er del av basketballpodkasten «Time Out» og har tidlegare vore basketekspert i TV 2.

Omland er éin av mange som har late seg fascinere av Kinas store baskettalent.

For mange sperra opp auga da den høgreiste 18-åringen fekk sin A-landslagsdebut i Kinas treningskamp mot Bosnia-Hercegovina.

Ifølge Det internasjonale basketballforbundet (FIBA) er Ziyu 220 centimeter på sokkelesten. Det er fem centimeter lengre enn Rumeysa Gelgi frå Tyrkia, som ifølge Guinness rekordbok er den høgaste kvinna i verda.

Ziyu blei kasta inn i treningskampen i den første omgangen – og det skulle vise seg at ho var eit hovud over alle, i ordas rette forstand.

Ho sørgde for åtte målpoeng på rad og blei ståande med 18 poeng totalt på berre 13 aktive speleminutt. På den korte tida rakk ho også å ta sju returar. Kina vann treningskampen overbevisande 109–50.

– Du sperrar opp auga

– Det er nesten kjedeleg. Fordi det er så enorm fysisk forskjell på henne i forhold til høgda mot stort sett alle dei kvinnelege basketballspelarane ho møter. Det blir frykteleg kjedeleg form for basketball, men du sperrar opp auga når du ser henne, seier Omland.

Stig Omland

IMPONERT: Stig Omland lèt seg først og fremst forbløffe over høgda til den kinesiske 18-åringen.

Foto: Privat

I kampen viste ho ei fysisk overlegenheit og fleire av motstandarane nådde henne berre til brysthøgde.

No ligg fansen, pressa og lagvenninnene langflat etter den høgreiste tenåringen.

– Prestasjonen hennar imponerte oss. Eg håpar å spele meir med henne.

Det sa lagvenninna hennar Han Xu, ifølge den spanske avisa. Xu er også blant høgsetet i verda av kvinnelege basketballspelarar. Ho ragar 2 meter og 11 centimeter over bakken.

Til samanlikning er gjennomsnittshøgda til ein WNBA-speler 185 centimeter.

  • Zhang Ziyu sammen med lagvenninnene på Kinas U18-landslag

    RAGAR HØGT: Zhang Ziyu og lagvenninnene i ein U18-kamp i 2024.

    Foto: AFP
  • en mann som skyter en basketball

    AKTIV: Ho har få eller ingen problem med å ta ned ballane.

    Foto: AFP
  • Zhang Ziyu i en basketballkamp

    POENGMASKIN: Og når Ziyu er under kurva, er det kort veg til poeng for 18-åringen.

    Foto: AFP

Eit hovud over motstandaren

Dette er langt frå første gong basketballverda har lege langflat etter kvinna på 220 centimeter. Ziyu skapte også overskrifter i 2024 da ho kom inn for U18-laget til Kina.

Da gjekk ho viralt i kampen mot Indonesia i FIBAS aldersbestemte Asia Cup. Ho blei kåra til den beste spelaren i turneringa takka vere eit poengsnitt på 35.

Bilda viser Ziyu som puttar ballane i kurva utan å hoppe og at ho ruvar både eitt og to hovud over motstandaren.

– Dei må endre alt

No ber Kinas landslagstrenar, Gong Luming, basketballfansen om å beherske seg.

– Potensialet hennar er enormt, men vi kan ikkje forhaste utviklinga hennar.

Det seier Luming, ifølge CGTN Sports Scene. Dei omtaler seg som Kinas einaste engelskspråklege sport-TV-program.

Omland er også på bølgelengde med den kinesiske landslagstrenaren.

Han trur ikkje ei ny basketballstjerne er fødd og åtvarar mot skadar i rygg og kne på 18-åringen på grunn av høgda. Likevel trur han at ho kjem til å bli eit fenomen.

– Om ho unngår skadar, så er det fort gjort at ein sånn type spelar endrar korleis andre landslag må spele når dei møter Kina. Dei må endre alt, meiner Omland, som drar parallellar til korleis NBA-lag måtte endre spelestilen da dei møtte Shaquille Rashaun «Shaq» O’Neal​ på 2 meter og 16 centimeter.

Shaquille O'Neal prater med lagkamerat Nate Robinson på basketballbanen

GIGANT: «Shaq» blei raskt kjent for høgda si, her i samtale med Nate Robinson da dei spelte i Boston Celtics. biletet er frå 2010.

Foto: David Goldman / Ap/NTB

«Arva» høgda frå mor og far​​​​​​

Ziyu debuterte på basketballbanen allereie som 14-åring i den kinesiske nasjonale meisterskapen for aldersgruppa si. Da noterte ho seg med vanvitige 42 poeng, 25 returar og seks blokkeringar i finalen.

Den vanvitige høgda og talentet kan ho nok takke mor og far sin for. Mora Yu Ying er 1.98 meter, mens faren Zhang Yuquan blei målt til 2.13 meter.

Begge satsa lenge på basketball, men ingen kom opp på nivået som den 18 år gamle dotter deira allereie har nådd.

No står det att å sjå kor langt Ziyu kan nå. Første moglegheit for å vise seg fram ordentleg internasjonalt er under neste års VM i Italia og Frankrike.

Publisert 17.06.2025, kl. 14.51

Read Entire Article