RB: Ungdommar til sjukehus etter russefest

3 hours ago 2



Fleire ungdommar har blitt sendt til Ahus etter ein russefest, skriv Romerikes Blad.

Det skal vere mistanke om kullosforgifting.

– Det vi veit, er at det var eit arrangement i Lørenskog i går, og at eit dieselaggregat kan ha ført til skadeomfanget, seier ordførar Amine Mabel Andresen til avisa.

Andresen oppmodar no foreldre til å snakke med ungdommane sine om dei har vore på festen.

– Viss nokon merkar symptom, er det særs viktig at dei oppsøker legevakta, seier ho.

Read Entire Article