Raude Kors: «Eit overveldande fleirtal» blant skadde skulle hente nødhjelp

1 day ago 15



– Det er ingen tvil om at eit overveldande fleirtal blei ramma då dei oppsøkte nødhjelp, seier Jørgen Haldorsen, utlandssjef i Noregs Raude Kors, til NRK.

Dei er med på å drifte feltsjukehuset til Den internasjonale Raude Kors-komiteen, som ligg mellom Khan Younis og Rafah.

På litt over to veker har dei fått inn 962 pasientar, ifølge organisasjonen. Av dei var 47 døde ved tilkomst.

Likhuset er fullt, og alvorleg skadde pasientar ligg i bårer spreidd ut over golvet, seier Haldorsen.

Jørgen Haldorsen inne på feltsykehuset iført en Røde Kors-vest

Jørgen Haldorsen på besøk til feltsjukehuset i september i fjor. Då talet på pasientar auka i år, var det allereie på randa av kapasitet, fortel han til NRK.

Foto: Olav A. Saltbones / Norwegian Red Cross

– Slik som det er no, har alt fokus vore på å hjelpe dei som kjem inn med skot og splintskadar.

Haldorsen fortel at det dei kallar for «masseskadehendingar», der det kjem inn mange skadde på ein gong, har auka kraftig i same periode.

– Fleire har kome inn samtidig på grunn av slike enn det har gjort totalt sidan sjukehuset opna, seier han.

– Legar og sjukepleiarar kjempar med å hjelpe den overveldande mengda skadde menneske, samtidig som at dei sjølve er under konstant risiko av å bli trefte av streifskot.

en stor gruppe hvite telt ved siden av et hav

Feltsjukehuset til Den internasjonale Raude Kors-komiteen har vore ope sidan mai i fjor, og har berre 60 sengeplassar.

Foto: Olav A. Saltbones / Norwegian Red Cross

Melder om ny skyting ved nødhjelpssentral

Sjukehuset ligg nær dei tre private nødhjelpssentralane i Sør-Gaza, som opna 26. mai.

Nesten kvar dag sidan den omstridde gruppa Gaza Humanitarian Foundation (GHF) byrja å levere nødhjelp her, har det kome meldingar om drepne i nærleiken.

Organisasjonen er støtta av Israel og USA. Den består av ei gruppe amerikanske leigesoldatar, og deler ut nødhjelpa på stader som israelske styresmakter har plukka ut.

Andre hjelpeorganisasjonar vil ikkje samarbeide med GHF. FN har kritisert den private løysinga som utilstrekkeleg, farleg og i strid med nøytralitetsreglane, melder Reuters.

En matkø omringet av gjerder med GHF-soldater som følger med

Amerikanske leigesoldatar held vakt medan folk står i kø for å få nødhjelp på Gazastripa søndag 8. juni.

Foto: EYAD BABA / AFP / NTB

Den blei oppretta etter at Israel i tre månader blokkerte all nødhjelp inn til Gaza.

Tysdag seier helsestyresmaktene i Gaza at 17 palestinarar er skadde, og fleire dusin drepne, i ei skyteepisode ved eitt av nødhjelpssentralane.

Fleire tusen menneske skal ha vore til stades.

Det israelske militæret (IDF) seier til Reuters at det undersøker rapportane. GHF har ikkje enno kommentert hendinga.

Netanyahu: Væpnar palestinske grupper i Gaza

Då eit anna senter blei angripe måndag, og fire blei meldt drepne, sa augevitne til BBC at israelske soldatar og væpna palestinarar hadde skote inn i folkemengda.

Statsminister Benjamin Netanyahu sa for få dagar sidan at Israel væpnar palestinske grupper i Gaza som stiller seg mot Hamas. Dette melde blant andre The Guardian.

– Etter råd frå personar i tryggingstenesta, aktiverte vi klanar i Gaza som stiller seg mot Hamas. Kva er gale med det, spurde han i ein video på sosiale medium.

oversiktsbilde av et stort område med en lang kø og soldater i bakgrunnen

FN og andre menneskerettsorganisasjonar nektar å samarbeide med matleveransane til GHF. Gruppa er styrt av amerikanske leigesoldatar og er støtta av Israel.

Foto: EYAD BABA / AFP / NTB

– Det reddar berre liva til israelske soldatar, og publisitet rundt dette er berre til fordel for Hamas.

IDF seier dei også undersøker rapportane om angrepet måndag.

Sist veke åtvara dei palestinarar mot å nærme seg GHF-kontora mellom klokka 18 og klokka 6 neste morgon, og skildra områda som stengde militære soner.

GHF seier at nødhjelpssentralen det er snakk om her ikkje var ope på måndag, men at det skjedde nødhjelpsleveransar to andre stader som ikkje blei angripne.

folk går igjennom tomme bokser som ligger strødd i sanden

Folk går igjennom restane av nødhjelpa til GHF, i Rafah sør på Gazastripa.

Foto: Stringer / Reuters / NTB

Fryktar hungersnød av «bibelske dimensjonar»

Utdelinga har også stoppa fleire gongar. GHF hevdar dette har vore på grunn av trugslar frå Hamas, noko Hamas nektar for.

Det som når ut er uansett ikkje nok for å dekke behovet, meiner Legar utan grenser.

– Eg håpar det er openbert for alle at det er heilt utilstrekkeleg. At det ikkje følgjer nokon humanitære prinsipp, og ikkje kjem til å hjelpe, seier generalsekretær Lindis Hurum til NRK.

en person og et barn som sitter på bakken med mat og drikke

Folk i Gaza må utsette seg for store farar for å få tak i mat, medisinar og drikke. Biletet er teke i Khan Younis 5. juni.

Foto: HATEM KHALED / Reuters / NTB

Dei rundt 2 millionane som bur i Gaza vil få enorme utfordringar dersom Israel ikkje opnar grensene for meir nødhjelp, meiner Flyktninghjelpen.

Dette risikerer dei, ifølge generalsekretær Jan Egeland:

– Ein massedød av svolt, av mangel på drikkevatn, av mangel på nødhjelp, som vil vere av bibelske dimensjonar.

– Dette er menneskeskapt frå A til Å. Israel kan opne grensene, USA kan presse Israel til å opne grensene. Ingen av dei gjer det dei skal og må i samsvar med folkeretten, seier han vidare.

Publisert 10.06.2025, kl. 22.37

Read Entire Article