Rasar mot ferjekutt: – Drastiske konsekvensar

1 month ago 12



MOLDE (TV 2): Møre og Romsdal manglar meir enn 250 millionar kroner til ferjedrift. Ei omfattande kuttliste skapar store protestar i ferjefylket.

 Gorm Kallestad / NTB
KUTT: Møre og Romsdal foreslår å kutte drastisk i ferjedrifta. Blant sambanda som blir råka i forslaget er Aukra-Hollingsholmen (biletet). Foto: Gorm Kallestad / NTB

Publisert 11.11.2024 13:26 Sist oppdatert 6 minutter siden

Billettprisane på norske ferjesamband har vore mykje omtalt dei siste åra.

Det heile starta med ferjeopprøret, som i 2021 enda med halvering av ferjeprisane.

Året etter blei ferjesamband til veglause øysamfunn og samband med under 100.000 passasjerar gratis.

Men ferjedrift er dyrt, og fylka har ropt varsku om at dei ikkje har nok pengar til å halde oppe dagens tilbod.

 Håkon Vårhus Sagen  / TV 2
DYRT: Det kostar å drive ferje, og fylka meiner dei ikkje har nok pengar til dagens tilbod. Foto: Håkon Vårhus Sagen / TV 2

Foreslår omfattande kutt

No foreslår fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak i Møre og Romsdal omfattande ferjekutt.

Årleg går fylket med om lag 250 millionar kroner i underskot på ferjedrifta.

Kutta råkar fylkesvegferjesambanda i Møre og Romsdal hardt. På mange av sambanda er kvelds- og nattavgangar foreslått fjerna.

Sjå oversikta over dei føreslåtte kutta nedst i saka.

Dette er bakgrunnen for aksjonen utanfor fylkeshuset i Molde måndag. Då skal dei føreslåtte kutta behandlast i samferdsleutvalet.

– Drastiske konsekvensar

Midsund Næringsforum har tatt initiativ til aksjonen, som dei kallar eit «grasrotopprør». Organisasjonen planla ein storbilkortesje som gjekk gjennom Storgata i Molde sentrum måndag formiddag.

– Det får drastiske konsekvensar for næringsdrivande i øysamfunna våre, seier leiar Per Otto Opstad i Midsund Næringsforum.

Han har forståing for at fylket ikkje har økonomi til å halde oppe tilbodet. Opstad meiner ferjedrifta er underfinansiert.

– Vi er ganske sikre på at ingen i fylket ønsker at vi skal ha stengde vegar og ferjer. Dei slit med altfor små overføringar av midlar frå staten, og det har dei gjort i ei årrekke, seier Opstad.

 Arne Rovick / TV 2
FORSLAG: – Det er næringslivets framtid vi snakkar om her, seier Opstad. Biletet er frå Leknes ferjekai i Ørsta kommune. Foto: Arne Rovick / TV 2

Kommunen han kjem frå, Midsund, har samband med omverda via ferjestrekningane Brattvåg-Dryna og Solholmen-Mordalsvågen. Begge desse er råka i dei føreslåtte kutta.

– Det er næringslivets framtid vi snakkar om her, seier Opstad.

I sambandet Brattvåg-Dryna er det foreslått å innskrenke opningstida i helga.

– Det vil seie at siste ferja går klokka 20. Det er når ungane mine går og legg seg, det. Skal vi sløkke lyset og gå og legge oss vi vaksne også, då, spør Opstad retorisk.

– Må løyse seg

Også Per Olav Mevold, som er administrerande direktør i fiskeindustribedrifta Vikenco på Aukra, synest kutt i tilbodet er feil veg å gå. Det er foreslått å gå frå 30- til 40-minutts frekvens i sambandet Aukra-Hollingsholmen.

– Vi har om lag 100 passeringar med vogntog om dagen. Det betyr at gjennomsnittleg ventetid aukar frå 15 til 20 minutt, i tillegg til overfarta. Det kostar mykje pengar for oss, seier Mevold.

I tillegg vil kutta få konsekvensar for bulyst og dei tilsette i bedrifta hans, anten dei skal reise i eller utanfor arbeidstida, meiner Mevold.

– Har du trua på at dette kan løyse seg, eller blir kutta ein realitet?

– Eg trur det må løyse seg. Viss ikkje blir det opprør.

– Kva meiner du med det?

– Samfunnet vil ikkje fungere lenger. då vil det nok bli meir bråk enn vi har hatt i Storgata her i dag, avsluttar Mevold.

– Ikkje for ambisiøst

Hans Olav Myklebust (Frp), som er leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, seier at situasjonen er alvorleg.

– Det er veldig alvorleg, for det kuttar forbindelsane for folk og næringsliv i fylket. Vi er nøydde å finne ei løysing slik at ikkje tilbodet blir forverra, seier Myklebust.

– I dag er ferjedrifta underfinansiert med 240 millionar, berre i Møre og Romsdal. Vi må få opp midlane til ferjedrifta slik at vi kan oppretthalde dagens nivå, legg han til.

– Er dagens tilbod for ambisiøst å oppretthalde?

– Ferjene er ein del av vegen, og bind saman Møre og Romsdal. Då må vegane vere mest mogleg opne. Det tilbodet som er i dag er ikkje for ambisiøst, det er heller for lite. Vi bør auke tilbodet, for det er så viktig for at samfunnet skal fungere, seier Myklebust.

Dette er dei føreslåtte kutta:

Kutta er lagt fram i tre forskjellige pakkar, høvesvis «A8.1», «A8.2» og «A8.3». Fylkestinget må først kutte i den første pakken, før det kan vurderast å kutte i neste pakke.

A8.1:

  • Festøya-Hundeidvika: Fjerne laurdagsruta
  • Hareid-Sulesund: Fjerne ein rundtur natt til alle dagar. Fjerne C-ferja i seks veker på sommaren
  • Magerholm-Sykkylven: Fjerne ein rundtur natt til alle dagar
  • Solholmen-Mordalsvågen: Fjerne ein rundtur natt til søndag
  • Aukra-Hollingsholmen: Fjerne ein rundtur natt til laurdag og søndag
  • Brattvåg-Dryna: Fjerne første og siste avgangar morgon og kveld, laurdag og søndag
  • Seivika-Tømmervåg: Fjerne B-Ferja laurdag frå september til mai

A8.2:

  • Magerholm-Sykkylven: Innstille tre rundturar for B-ferja søndag, og ein avgang måndag-laurdag
  • Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store Kalvøy: Legge ned anløp til Skår og Store Kalvøy
  • Sølsnes-Åfarnes: Innstille B-ferja laurdag og fjerne avgangar på kveldstid måndag-fredag
  • Edøya-Sandvika: Innstille B-ferja laurdagar frå mars til desember
  • Hareid-Sulesund: Innstille C-ferja ytterlegare to veker på sommaren
  • Eidsdal-Linge: Innstille B-ferja frå 1. til 14. mai

A8.3:

  • Festøya-Hundeidvika: Fjerne dei to siste avgangane måndag-fredag og søndag
  • Sæbø-Leknes: Fjerne enkeltavgangar laurdag og søndag
  • Magerholm-Sykkylven: Fjerne B-ferja laurdag. Fjerne avgangar på kveld måndag-fredag og søndag formiddag
  • Brattvåg-Dryna: Fjerne ein rundtur måndag-fredag
  • Solholmen-Mordalsvågen: Fjerne nattavgang heile veka. Fjerne dei to første avgangane måndag-fredag. Fjerne dei to første og siste avgangane på laurdag
  • Aukra-Hollingsholmen: Gå frå 30- til 40-minutts frekvens. Fjerne nattavgang hele veka. Fjerne dei to første avgangane måndag-fredag. Fjerne dei to siste avgangane laurdag.
  • Seivika-Tømmervåg: Fjerne første og siste rundtur måndag-fredag. Fjerne siste rundtur på laurdag.
  • Edøya-Sandvika: Fjerne første rundtur måndag-fredag. Fjerne siste rundtur laurdag. Fjerne B-ferja søndagar frå september til mai.
  • Volda-Lauvstad: Utsette første avgang måndag-fredag. Fjerne siste rundtur alle dagar.
  • Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya: Fjerne første rundtur laurdag og søndag. Fjerne nattavgang seks dagar i veka.
  • Årvika-Koparnes: Gå frå 30- til 40-minutts frekvens. Seinare oppstart måndag-laurdag. Redusert opningstid måndag-fredag og søndag.
  • Hareid-Sulesund: Fjerne fire første avgangar med B-ferja laurdag og søndag, og to siste avgangar laurdag. Fjerne to første og siste avgangane måndag-fredag med C-ferja. Fjerne C-ferja i romjul og påske.
  • Kvanne-Rykkjem: Fjerne enkeltavgangar gjennom heile opningstida, alle dagar.
  • Seivika-Tømmervåg: Fjerne B-ferja laurdag i juni, juli og august
 Kristian Haug Hansen / TV 2
LEIAR: Hans Olav Myklebust (Frp) er leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal. Han meiner ikkje at dagens ferjetilbod er for ambisiøst å oppretthalde. Foto: Kristian Haug Hansen / TV 2
 Kristian Haug Hansen / TV 2

KONSEKVENSAR: Kutt i ferjeavgangar vil få drastiske konsekvensar, meiner Per Otto Opstad, som er leiar i Midsund Næringsforum. Foto: Kristian Haug Hansen / TV 2

 Kristian Haug Hansen / TV 2

REAGERER: Adm.dir. Per Olav Mevold i Vikenco, som høyrer til på Aukra, reagerer på dei føreslåtte kutta. Foto: Kristian Haug Hansen / TV 2

Read Entire Article