– Det er ikkje meldt om skader på personar eller anna infrastruktur enn jernbanesporet, opplyser operasjonsleiar Trond Volden.
Raset har gått mellom Hegra og Gudå på Meråkerbanen.
BaneNor opplyser at geologar er på staden og gjer undersøkingar.
– Banen vil bli stengd i noko tid framover, foreløpig er varigheita uviss, skriv dei på sin eigen nettstad.
Raset har gått over jarnbaneskjenene like ved Gudå i Meråker kommune.
Buss for tog
Henrik Forseth, pressevakt i SJ Noreg, fortel at dei ennå ikkje veit kor omfattande raset er.
– Per nå så avventar vi status frå Bane Nor som skal ut og kontrollere.
Han fortel at togselskapet planlegg for innstilte avgangar på Meråkerbanen ut dagen. Selskapet arbeidar no med å ordne buss for tog for sine reisande.
– Toget som var på tur til Storlien er blitt tømt og passasjerane er sendt vidare med buss.
For de reisande som var på veg frå svensk side til Trondheim var det vanskelegare å få tak i buss, fortel Forseth.
– På Storlien var det verre å få tak i buss. Der er det bestilt taxi til de reisande.
Publisert 07.11.2025, kl. 10.08 Oppdatert 07.11.2025, kl. 10.38















English (US)