Radioprofil mista flyet på grunn av vêret: – Aldri stått så lenge i kø på ein stad før

2 days ago 11



Klaus Sonstad skulle rekke eit tidleg fly til England, men blei ståande bom fast på E6.

 Privat
GODT HUMØR: Klaus Sonstad blei ståande i kø på veg til Værnes fredag. Han tok opplevinga med godt humør då TV 2 snakka med han fredag morgon. Foto: Privat

Publisert 03.01.2025 09:08 Sist oppdatert 15 minutter siden

– Eg har aldri stått i kø så lenge på ein stad før!

Klaus Sonstad sin køyretur frå Trondheim til flyplassen på Værnes blei ikkje heilt som planlagt fredag morgon.

Radioprofilen og Liverpool-supporteren skulle rekke eit fly til England, der han skal sjå favorittklubben spele mot Manchester United på søndag.

NRK intervjua Sonstad om saka først.

Blei ståande i to timar

På E6 ved Ranheim, rett aust for Trondheim, stod trafikken heilt stille. Årsaka var ein buss som hadde køyrt seg fast.

Då køen omsider kunne bevege på seg igjen, blei det kaos på nytt. Ein trailer blei ståande igjen medan resten begynte å køyre. Det var heller ikkje brøyta ordentleg, så det låg snøskavlar i vegen, fortel Sonstad.

 Privat
KØ: Køa på E6 aust for Trondheim rikka seg ikkje på nærare to timar, fortel Sonstad. Foto: Privat

Han innsåg til slutt at han kom til å miste flyet frå Værnes, og snudde i ei rundkøyring. Då hadde han stått i køen i om lag to timar.

– Det at vi sto bom fast så lenge, det var uvant, seier han.

Han tok opplevinga med godt humør då TV 2 ringde han fredag morgon.

– Mens vi sat i bilen, så kjøpte vi nye billettar til seinare i dag når vêret får letta litt, seier Sonstad.

– Som om det ikkje har skjedd

Vel tilbake i Trondheim ser vêret ganske annleis ut, fortel han.

– No har det letta her. Når eg kikkar ut av vindauget, så er det som om denne morgonen ikkje har skjedd, seier han og ler.

STRØM: Strømmen gikk fredag morgen ved Malvik i Trøndelag. Foto: Stein Roar Leite / TV 2

Kraftige snøbyger

Meteorologisk institutt sendte ut oransje farevarsel for mykje snø i Møre og Romsdal, delar av Trøndelag og delar av Sogn og Fjordane.

Nokre stader er det varsla mellom 30 og 50 centimeter.

Dei kraftigste byene var på førehand venta sør i Trøndelag tidleg fredag morgon, mens ettermiddagen blir verst i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Ein periode på morgonen var all busstrafikk i Trøndelag innstilt. Litt etter klokka 08 melde kollektivselskapet AtB at trafikken var i gang igjen.

På grunn av vêret er ferjesambandet Anda-Lote på E39 i Nordfjord stengt. 

Fleire fjellovergangar er stengde eller har kolonnkøyring som følge av vêret. Sjå oversikta her:

Read Entire Article