Qussai fekk operasjon, men ikkje oppfølging

4 hours ago 2



Då Sohir Al-Najjar fekk telefonen om at ho og barna kunne reise ut av Gaza, var det snakk om timar.

11-åringen Qussai hadde blitt vald ut av Verdas helseorganisasjon (WHO) for medisinsk behandling i Norge, etter at splintar frå ein eksplosjon hadde øydelagd synet hans.

– Han var ute og leika, då noko han plukka opp frå bakken eksploderte. Ein lege i Gaza gjorde det han kunne, men Qussai måtte ut for å få ordentleg helsehjelp, fortel Sohir.

en trist kvinne i hijab

Sohir Al-Najjar får framleis pustevanskar når ho skal fortelje om eksplosjonen som tok synet til sonen.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Qussai og familien er seks av 100 personar som er henta til Norge gjennom Medevac-ordninga, og som kvoteflyktningar har dei rett på same helsehjelp som norske borgarar, også i primærhelsetenesta.

Familien kom til Oslo i april, med berre telefon og dei viktigaste dokumenta i hendene. Far og to søsken måtte bli igjen i Gaza.

en gutt retter på brillene sine

Qussai Al-Najjar kom til Oslo frå Gaza for ein augeoperasjon.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Sakna oppfølging

Qussai får behandlinga på Oslo universitetssjukehus som han blei henta hit for å få.

I tillegg treng han oppfølging i kommunale helsetenester. Han har eitt glasauge og eitt auge med 6 prosent syn, og skal no gradvis bli heilt blind før legane kan ta ut dei siste splintane.

Guten slit med å tilpasse seg det sviktande synet, han blir frustrert når han går på ting eller ikkje greier å henge med i leiken. Han blir også trist av at han framleis har splintane i auget.

fire glade brødre i en sofa

Brørne Hamze, Qussai, Adam og Anas.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Men oppfølginga utanfor sjukehuset kom ikkje. Sohir opplevde at dei blei etterlatne til seg sjølve.

Ho og barna fekk bu på eit desentralisert mottak på Holmlia. Mottaket blir drive av selskapet MD Solutions, men utan fast personale på staden, og er meint å vere ein midlertidig opphaldsplass.

Der blei familien buande i rundt eit halvt år.

Sohir har store traume frå krigen, og fortel at ho slit med å få det til å gå rundt utan ektemannen.

– Vi fekk inga hjelp etterpå. Barna slit med søvnen, og yngstemann ropar etter faren sin om natta, seier Sohir.

Frivillige slo alarm

Situasjonen til Qussai og familien er ikkje unik. Det blei tydeleg for dei frivillige på Helsesenteret for papirlause migrantar i Oslo i haust.

Senteret, som er leia av Kirkens Bymisjon og Røde Kors, har i løpet av hausten blitt kontakta av fleire frå Gaza, og blitt kjende med rundt 20 av dei.

– Vi valde å ta inn nokre av dei då dei har hatt behov for helsehjelp som vi har vurdert som heilt tvingande nødvendig, seier driftsleiar Linnea Näsholm.

alvorlig blond kvinne i t-skjorte med Røde Kors-logo

Linnea Näsholm er driftsleiar ved Helsesenteret for papirlause migrantar.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Mange av dei har hatt behov for legetilsyn, medisinar, psykisk helsehjelp, omsorgstenester, tannbehandling og sosiale tenester som klede og rådgiving om det norske helsesystemet.

I eit bekymringsbrev sendt til helsebyråden i Oslo i slutten av september, peikar Näsholm på ei uklar ansvarsfordeling mellom stat, kommune og bydel når det gjeld palestinarane.

Oslo kommune skal kartlegge helsetilstanden til alle som kjem gjennom Medevac-ordninga, medan asylmottak skal melde bebuarane inn i Helfo slik at dei får fastlege.

Ikkje varsla før september

Helsebyråd Andreas Salibu Korkunc (H) erkjenner ein kommunikasjonssvikt rundt flyktningane frå Gaza.

Bydel Søndre Nordstrand, der mottaket på Holmlia ligg, fekk melding om familiane i vår, men informasjonen nådde ikkje bydelsoverlegen før i september.

– Det har vore ein glipp mellom aktørane, noko som har ført til forseinkingar i kartlegginga, seier han.

Saliba Andreas Korkunc

Helsebyråd Saliba Andreas Korkunc (H).

Foto: Thomas Fure / NTB

Bydelsoverlege Anne Stine Garnes peikar på bydelen ikkje har hatt migrasjonssjukepleiar før i august. Dette skal ha ført til at helsekartlegginga tok lenger tid enn planlagt.

Bydelen understrekar likevel at det er mottaket som har ansvar for å hjelpe til i å søke om fastlege og kople på bydelen om det er behov for bydelstenester.

– Vi vil understreke at flyktningane har rett på nødvendig helsehjelp frå dei kjem hit, uavhengig av om helsekartlegginga er gjennomført, seier dei.

Hele familien poserer for et bilde. Barna virker glade, men moren ser trist ut.

Frivillig Elena Marie Vares, Adam, tolk Tarik Omer Sawas, Sohir, Hamze, Anas, Qussai og Ikhlas.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Ueinig

MD Solutions, som driv mottaket som Sohir og barna har budd på, fortel at det har vore fleire praktiske hinder for at deira tilsette har kunna møte dei evakuerte sine behov.

Dei evakuerte mangla mellom anna gyldig ID, noko som gjorde det vanskeleg å melde dei til fastlege.

– Vi har kontakta tallause legekontor i Oslo og omland for å høyre om dei har moglegheit til å ta imot pasientar utan ID. Til slutt har mottaket fått eit fint samarbeid med eit legekontor i nærområdet, seier driftsleiar Bely Medic.

En blomst teipet til veggen

I oktober fekk familien leilegheit i Oslo. Veggpryden er ein blomster.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Han er ueinig i at bebuarane frå Gaza ikkje har fått den hjelpa dei skal ha frå mottaket.

– Det meiner eg er heilt feil framstilling.

UDI, som har det overordna ansvaret for drifta av asylmottaka, seier at kommune har plikt til å tilby nødvendig helsehjelp, medan mottaket skal legge til rette for dette.

– Det er urovekkande at personar som Norge har vald å evakuere frå Gaza og den ekstremt dramatiske konteksten der, har gått månadsvis utan tilgang til helsehjelp og heller kjem til oss, seier Näsholm ved Helsesenteret.

Ikkje godt nok

NRK har bedt regjeringa svare på om dette held mål.

Justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) og helseminister Jan Christian Vestre (Ap) er blant fleire ministrar som tidlegare har rost samarbeidet om Medevac.

Dei begge fått spørsmål som dei lar statssekretær Joakim Øren svare på, på vegner av regjeringa.

Joakim Sevrin Tranvåg Øren

Statssekretær for justis- og beredskapsministeren, Joakim Øren (Ap).

Meiner regjeringa at dette er godt nok?

– Vi kjenner ikkje til detaljane i denne saka utover det NRK her skriv, men om det er slik at desse personane ikkje har fått den helsehjelpa dei har krav på, er det ikkje godt nok, seier han.

Han legg til at asylmottaka er nøkterne, men skal vere forsvarlege, og at han opplever at tilsette på mottak og UDI har strekt seg langt for dei evakuerte.

– På grunn av situasjonen i Gaza, har det ikkje vore mogleg å ha kontakt med dei som skal bli evakuerte på førehand på same måte som normalt med kvoteflyktningar. Det har ikkje vore mogleg å informere skikkeleg om kva dei kjem til og kva dei kan forvente.

et lite palestinsk flagg vises frem

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Gode hjelparar

No har familien flytta inn i ei leilegheit på Hovseter i Oslo. I oktober fekk dei permanent busetting.

På besøk er Tarik Omar Sawas, ein nabo frå mottaket på Holmlia som dei siste månadane har operert frivillig som tolk for familien.

Qussai sit i sofaen med veslebror Adam og Sohir. Han kikkar ut på verda gjennom eit par briller med tjukke glas.

Dei fekk han av tre tilsette på Brilleland Vinterbro, som bestemte seg for å gå saman og spleise for å hjelpe familien.

en gutt med briller smileren liten gitt ser opp

Qussai (11) og Adam (7) i den nye leilegheita på Hovseter.

Ksenia Novikova / NRK

Det meste dei har av vinterklede, mobiltelefonar og sengetøy, har dei fått frå privatpersonar, seier Sohir.

Ho, som alle dei evakuerte frå Gaza som har vore på mottak, har fått eit klesskift, kjøkkenpakke og basisutbetaling for seg og barna. Ho har også kunna søke om ekstra middel.

Men det dei har fått utbetalt, er ifølge Sohir ikkje nok til å dekke alle behov for familien på seks, som kom til Norge utan stort meir enn kleda dei gjekk i.

Inngangsparti som viser mange sko

Sko til mor, barn, journalist, fotograf, tolk og to gjestar.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Tre privatpersonar fekk nyss i situasjonen deira i vår, og oppretta Spleis.

– Vi hjelper dei også med å søke om familiegjenforeining, og har tatt barna med ut på aktivitetar slik at dei ikkje berre sit inne på asylmottaket, seier Elena Maria Vares, ei av pådrivarane bak.

Ho har tatt hand om fleire familiar og einslege frå Gaza.

en kvinne i hijab og to små gutter ser på en mobiltelefon
en kvinne som gråter

Elena Maria Vares passar på barn og mor.

Ksenia Novikova / NRK

Sohir ser varmt på henne.

– Det er Elena og dei andre frivillige som har bore oss heile denne tida, seier ho.

Vares seier at ho gjer det med glede, men at det ikkje bør vere opp til privatpersonar og frivillige å hjelpe menneske som har blitt evakuerte til Norge.

– Eg synst det er ein skam at folk som allereie har vore gjennom eit helvete skal bli stua vekk på eit asylmottak i mange månadar, og at det har vore opp til privatpersonar å ta vare på dei, seier ho.

Interessert i det nyaste på utanriksfronten? Høyr redaksjonens podkast:

Publisert 09.11.2025, kl. 11.47

Read Entire Article