Psykolog åtvarar mot sjølvoptimalisering: – Ikkje spesielt menneskevenleg

2 hours ago 2



Velmeinande tips og råd har truleg aldri vore meir tilgjengelege.

Ifølge sosiale medium kan du bli litt lukkelegare om du teipar munnen når du søv, tek ein kald dusj når du vaknar, droppar den ultraprosesserte maten til lunsj og mediterer før du legg deg.

Psykolog Bjarne Hansen fryktar at dei velmeinande råda begynner å verke mot si hensikt.

– Vi har ein generasjon med ungdommar i dag som presterer betre enn nokon generasjon tidlegare, men rapporterer å ha det eigentleg verre enn nokon gong.

Til dagleg leiar han angstbehandlinga på Haukeland sjukehus. No opplever han at trenden med å optimalisere seg sjølv råkar eit heilt samfunn.

– Då har du i praksis noko som liknar på ein optimaliserings­pandemi.

Optimaliserer på alle nivå

Sosiale medium florerer med tips til korleis ein kan optimalisere dei fleste aspekt i livet.

– Forventningane og ideala våre er ikkje så veldig menneskevenlege, meiner Hansen.

Han opplever at mange som har føresetnadane for å ha det bra, likevel opplever å ha det dårleg. Årsaka? Eit sprik mellom forventingane til korleis ting burde vere og korleis ting er.

– Viss du tenker at all tida, pengane, talenta og moglegheitene du har skal omsetjast i best mogleg resultat. At du skal optimalisere på alle nivå. Då er du i utgangspunktet dømt.

Sjølvoptimaliseringa råkar spesielt den yngre generasjonen.

Portrettbilde av smilande kvinne med kort brunt hår

Ingunn Eriksen, ungforskar på Nova ved Oslomet.

Foto: OsloMet

Det bekreftar Ingunn Eriksen, som har forska på ungdom si psykiske helse ved Nova på Oslomet.

– Det kan vere positivt å sette seg tydelege mål og jobbe for å nå dei. Men det kan bli skadeleg når det skaper ei frykt for å miste produktiv tid.

«New year, new me»

Når det nye året står på trappene blir optimaliseringa høgaktuell.

– Det er ofte lite samanheng mellom nyttårsløfta ein set seg, og det som skjer dei neste månadane. Det veit jo alle treningssentera rundt i landet, seier Hansen.

Psykologen trur likevel ein form for nyttårsløfter kan vere både nyttig og givande.

– Det er ei fin tid for å reflektere, dagdrøyme og gå gjennom verdiane våre. Det har ein stor verdi å gjere opp status, prate om og kople oss saman over dei tinga.

Men han meiner det er viktig å ha eit realistisk bilde på vegen til måla.

– Viss du spring marathon og trur at du ikkje skal bli sliten, eller at det er feil å bli sliten. Det er då du får trøbbel.

  • To personer står sammen foran et moderne bygg dekorert med julelys og juletre. Den ene personen har på seg en oransje jakke, mens den andre har en lys grønn jakke. Omgivelsene inkluderer store vinduer som viser lys og juledekorasjoner. Atmosfæren tyder på en høytidsfeiring. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Marit Balsvik Winge / NRK

    Ole (50) og Signe (11)

    Ole:

    – Eg har ikkje nyttårsforsett, er ikkje noko god på det.

    – Eg trur absolutt at mange føler på presset om å konstant bli ein betre versjon av seg sjølv. Eg er redd mange tar det for langt.

    Signe:

    – Eg trur det kan vere positivt å ha nyttårsforsett, men at det kan gå for langt. Viss folk ikkje føler at dei er bra nok, og prøver å bli den beste versjonen av seg sjølv, også gløymer seg sjølv.

  • Bildet viser en kvinne som sitter på en brun sofa i et rom med en grå vegg. Hun har på seg en blomstrete kjole og ser mot kameraet. I nærheten står en kopp med en skje og det henger et kart på veggen bak henne. Omgivelsene gir inntrykk av et uformelt og vennlig miljø. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Marit Balsvik Winge / NRK

    Louise (25)

    – Det er heilt klart eit press om å bli den beste versjonen av seg sjølv. Presset er kanskje verst i sosiale medium, men eigentleg i samfunnet generelt. Du får eit indre press på deg sjølv om at: Shit, kanskje skulle eg ha sett meg nokre nye mål?!

    – Eg hadde nyttårsforsett tidlegare, men ikkje i år. Eg har meir eit livsprosjekt. Å ta ting som det er, og vere litt snillare mot meg sjølv.

  • En kvinne sitter ved et bord i en kaf, iført en grå jakke. Hun holder en hvit kopp med begge hender og ser mot kameraet. Bakgrunnen viser tåke på vinduet og reklameskilt fra nærliggende butikker. Lysene fra utsiden lager en utydelig stemning inne i lokalet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Marit Balsvik Winge / NRK

    Lilli-Ann (70)

    – Eg trur det finst eit press frå samfunnet om å heile tida bli den beste versjonen av seg sjølv, spesielt for yngre. Vi er såpass opp i åra at vi ikkje tenkjer så mykje på det. Vi gjer så godt vi kan på vår måte.

    – Eg trur ikkje det blir noko nyttårsforsett. Vi får prøve å gjere så godt vi kan gjennom året. Og livet kjem med så mange ting, så vi må forhalde oss til det etter kvart.

  • En ung mann står foran en vegg i et kjøpesenter, iført en blå jakke og en lys skjorte. I bakgrunnen er det bilder av mennesker som shopper, samt flere søyledisker. Belysningen er sterk, noe som gir en lyst og livlig atmosfære i rommet. Det er også skilt synlige på veggene, men disse har ikke tydelig relevans til situasjonen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Marit Balsvik Winge / NRK

    Bjørn Tore (41)

    – Det er veldig mykje snakk om å bli den beste versjonen av seg sjølv. Men det påverkar meg ikkje meg så mykje. Eg prøvar å ha fokus på balanse, jobb, familie, fritid og sånn sett gjere det beste ut av det.

    – Ein kan gjerne ha eit nyttårsforsett. Det kan jo vere bra å legge nokre planar og mål, så lenge ein ikkje går altfor tungt inn i det då.

Urealistiske forventingar

Dei siste tiåra har det vore ein auke i psykiske helseplager blant ungdom, viser mellom anna Ungdata.

– Men det har sokke litt etter vi nådde toppen under korona i 2021. Likevel er talet på unge med psykiske helseplager framleis høgt, seier ungdomsforskar Eriksen.

Hansen meiner eit høgt tempo i samfunnet, sosiale medium og drøssevis med taktikkar for korleis vi kan ha det betre er årsakene.

– Ein behandlar ofte folk som at dei er pasientar, som at noko er feil dersom du ikkje har ein bra dag. Og det er kanskje ein like stor del av optimaliseringspandemien.

Han meiner ideen om å vere glad og lukkeleg heile tida er urealistisk, og slår eit slag for dei dårlege dagane.

Kanskje det er sånn at vi alle saman har gode og dårlege dagar, og at det er greitt.

Mann ser seriøst i kamera, med eit vatn, fjell og bygningar i bakgrunnen

– Om du alltid føler at du skulle ha brukt tida og pengane dine betre, ha kome lenger og greid meir. Då risikerer du å aldri greie å glede deg over det du får til.

Bjarne Hansen

psykolog og forskar

Foto: Laurita Fure Briceño / NRK

Foto: Laurita Fure Briceño / NRK

– Meir sløseri

Psykologen slår også eit slag for litt meir sløseri. Både med tid, pengar og tankar.

– Sløse gjer vi uansett, så kvifor ikkje gjere det med litt betre samvit.

Et menneske tak ei småkake frå ei glasskrukke pynta med eit rødt bånd. Kaken har en lys brun farge og inneholder synlige nøtter. Det er en juletema duk under glasskaret med motiv av julenisser. I bakgrunnen er det tegn på en uformell setting, med en annen hånd synlig. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)Ein mann sit ved eit bord og held ein kaffekopp og pratar. Ser ut til sida.

Hansen sløsar gledeleg vekk litt tid på ein kakebit og litt kaffepreik.

Laurita Fure Briceño / NRK

Hansen trur vi kan hjelpe kvarandre til å ha det betre dersom vi tillèt oss sjølv å ikkje fungere optimalt heile tida, og tør å vise det til andre.

– Når vi sjølv har ei veldig fin fasade og er opptatt av å optimalisere, så aukar vi forventingane hos andre. Ved å tørre å opne opp og vere litt sårbar kan ein ta ein for laget.

Hei!

Har du tankar om saka du har lest eller tips til ei anna sak? Då vil eg gjerne høyre frå deg!

Publisert 31.12.2025, kl. 11.05

Read Entire Article