Psyken bak fargen

11 hours ago 2



Kva gjer eigentleg fargar med oss?

– Det er fantastisk. Herregud, så spretne damer. Kjempeartig!

29 år gamle Eirin Nordnes Karlsen smiler når ho ser dei tre eldre damene gå forbi.

Paraplyane deira lyser opp den grå og regntunge oktoberdagen i Trondheim sentrum.

Det gjer noko med ho. Vonde kjensler tar ikkje like stor plass hos Eirin når ho ser fargar.

Derfor er ho opptatt av sjølv å vere ein fargeklatt i det elles grå bybildet.

damer med fargerike paraplyer

Fargar si eiga verkelegheit

Eirin har ikkje alltid vore like glad i fargar. Eller, ho har i alle fall ikkje alltid vore så bevisst å omgi seg med fargar.

Men dei siste åra har ho kledd seg annleis.

Denne oktoberdagen held ho ein signalgul paraply og har på seg ein rosa genser, ei raud jakke og eit skjerf i blått, raudt, lilla og oransje.

Eirin ser på en blå bygning

– Eg trur det er veldig viktig å komme seg litt ut, sjå på fargane som er ute. Og kanskje kle seg litt fargerikt, dersom ein har det tilgjengeleg.

– Eg trur det er veldig viktig å komme seg litt ut, sjå på fargane som er ute. Og kanskje kle seg litt fargerikt, dersom ein har det tilgjengeleg.

Eirin har lagt merke til at fargar rundt henne er med på å påverke korleis ho har det.

– Livet er jo tungt av og til. Da bruker eg fargar som ei slags trøyst for å få det litt betre med meg sjølv, og for å bli litt gladare, da, i kvardagen.

For Eirin signaliserer fargar kjensler, bodskap, minne og opplevingar. Det gir livet meining, seier ho.

– Fargar betyr ganske mykje for meg. Dei er jo med på å farge verkelegheita vår.

Eirin med paraply

Men er det slik som hos Eirin?

Kan noko så enkelt som fargar hjelpe oss med å få det betre psykisk?

Behageleg, aktivert, dominant

Fargekonsulent Thea Fremo Amundsen meiner det er viktig at vi har fargar rundt oss.

Til og med dei som ikkje kan sjå fargar, blir påverka, fortel ho.

– Fargar er elektromagnetisk stråling, så det treffer huda vår òg. Det er med på å lage eit behag.

Forskarar frå blant anna Sapienza University of Rome og The American College of Greece, har i ein liten studie sett nærare på korleis fargar påverkar oss.

Den ferske studien, som er publisert i tidsskriftet Virtual Worlds, såg på korleis deltakarane reagerte – både kjenslemessig og fysisk – når dei berre såg éin bestemt farge.

Forskarane såg på korleis femten ulike fargenyansar påverka dei, og brukte VR-øyretelefonar for å fylle heile synsfeltet til dei 36 som deltok.

Dei målte kor behageleg, kor aktivert og kor dominant deltakarane kjente seg, og såg på fysiske reaksjonar ved å spore pupillstørrelsen og sveitteresponsen.

Paraplyer i forskjellige farger
  • Dei varmaste fargane, raud og raud-lilla, framkalla den klart høgaste aktiveringa, altså at dei enten gav mest stress eller engasjerte mest. Lys grå og medium grå gav lågast aktivering.
  • Fargane blågrøn og blå blei vurderte som desidert mest roande og behagelege. Gul og medium grå fekk lågast skår her.
  • Både raud og blågrøn gav deltakarane den sterkaste kjensla av å ha kontroll.
  • Fargane som skapte sterkast fysisk reaksjon, og som fekk pupillane til å utvide seg mest, var svart og raud. Kvit og lys grå gav svakast reaksjon.

Da @nrknyheter spurde følgarane sine på Instagram om dei var opptatt av fargar, rann svara inn. Under kan du sjå eit lite utdrag:

– Burde vore pensum

Når vi er i omgivnader som ikkje har fargar, simulerer vi ofte den kjensla, spesielt om ein er sensitiv for omgivnadene rundt seg, meiner Amundsen.

– Det burde vore pensum i grunnskolen at fargar i omgivnadene våre påverkar korleis vi har det.

Amundsen seier vi opplever visse fargar individuelt, at nokre fargar blir opplevd ulikt frå ein kultur til ein annan, og at andre fargar gir ei meir universell oppfatning.

– Alle er fødde under ein blå himmel, derfor blir ikkje det opplevd så klaustrofobisk. Sola er gul, og den gir oss energi, seier ho.

Bilde viser farger i det elektromagnetiske spektrum

Farge er ei oppleving av lys med ulik bølgelengde og intensitet. Lys med bølgelengde på 700 nanometer blir opplevd som raudt, mens lys med bølgelengde på 400 nm blir opplevd som fiolett, skriv SNL.

Illustrasjon: COLOURBOX

Du kan kanskje kjenne på minne frå jula når du ser raudt og grønt. Men om du er i ein kultur som ikkje feirar jul, gir desse fargane deg kanskje andre assosiasjonar og kjensler, fortel Amundsen.

Ho samanliknar fargar med musikk. Dei kan gi deg ei kjensle, skape eit minne eller gi deg nyting eller ubehag.

– Det er ein veldig stor del av korleis vi har det, men det påverkar oss jo i ulik grad.

Ho rår deg til å omgi deg med fargar, og har nokre tips på vegen:

Fargetips:

  • Knæsj er ikkje alltid nødvendig:

    Du treng absolutt ikkje bruke sterke fargar for at fargane rundt deg skal påverke deg, meiner Amundsen. Faktisk er det i mange tilfelle betre å bruke litt milde fargar, som til dømes i stova di, seier ho. – Hovudfargane er ofte ikkje så knæsje, for då kan det bli støyande for enkelte. Men med det sagt, er det jo mykje meir støyande med eit kvitt rom enn med eit knæsj raudt rom, for kvitt er refleksjonen av alle fargar.

  • Dra ut og kjenn:

    Ønskjer du å måle om i heimen? Då meiner Amundsen det kan vere lurt å dra ut i naturen og finne stader som gir deg den kjensla du har lyst til å kjenne på i heimen. Ho rår deg til å leggje merke til korleis fargane rundt deg påverkar deg. Liker du best fridomskjensla av å sjå ut mot havet? Eller kanskje du trivst best i ein mørk og tett skog?

  • Tilpass til bruken:

    Om du kan påverke fargane rundt deg, til dømes ved å måle om heime, er det lurt å tilpasse fargane til bruken, meiner ho: – Om du sit og les bøker eller høyrer på podkast, vil du kanskje tone det litt ned med noko blått og grønt, som er rolegare, meir harmonisk.

  • Utnytt sola:

    – Kva himmelretning er det her? Når står sola opp, og når går ho ned? Det er veldig gøy å bruke sola og lyset som element for å utnytte fargane til sitt ytste potensial.

  • Kombinasjon er nøkkelen:

    Og sist, men absolutt ikkje minst: Kombiner fargar. Lag dine eigne favorittkombinasjonar, det er ikkje noko fasitsvar her, meiner Amundsen. – Du skal kjenne at det er herleg å sitje i stova og få inntrykka.

Særleg viktig nå

Nå når det er mykje mørkt ute, er det spesielt viktig å omgi seg med fargar, meiner Kine Angelo.

Ho er fargeforskar og underviser i fargelære og fargebruk ved NTNU.

– Når vi har lite lys, er det slik at vi ser nesten alt i gråskala. Viss alt blir grått i omgivnadene, tenker synet vårt: «Å ja, det er fordi vi har lite lys.» Det er mangel på noko. Ting blir vanskelegare å sjå.

Angelo 2

Angelo har ekspertise innan fargesetting i arkitektonisk kontekst – både interiør og eksteriør.

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

Og ja, lys og fargar triggar lykkekjensla i oss, fortel Angelo. Det er når me har tilstrekkeleg med lys at me ser fargar, og det er dette som gjer at me får lykkekjensle av å sjå fargar, seier ho.

– Ser ein fargar, får vi det inntrykket i heile kroppen, at vi har det bra.

Angelo meiner det kan vere lurt å gjere som Eirin, særleg nå i desse gråvêrsdagane: Kle deg i fargar.

Ikkje berre gjer det noko med deg sjølv, at du kan bli i betre humør eller sjå friskare ut, men det kan også ha mykje å seie for andre, seier ho.

Genser og bukser i forskjellige farger

Angelo fortel om opninga av jubileumsveka Tråante i 2017, som var hundreårsmarkeringa for det første samiske landsmøtet i Trondheim i 1917.

Byen var fylt med menneske i fargerike samiske drakter. Trondheim blei rett og slett eit samisk, fargerikt sentrum denne dagen.

– Det var mørkt og kaldt, så kom dei i hopetal, og eg berre tenkte: «Yes, ver så god, «please», bli heile vinteren». Det var fantastisk, for alle andre gjekk jo i svart og grått.

En gruppe mennesker i klær

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Angelo trur og håpar at vi kjem til å sjå fleire fargar rundt oss i tida framover.

– Det går jo sikkert litt opp og ned, som med alt anna. Men så begynner det å bli spreidd meir kunnskap, sånn at det også finst fleire produkt, fleire moglegheiter. Så ja, eg trur det kjem til å gå meir og meir i det. Mykje vil ha meir. Vi ser tendensen.

  • Angelo har laga ein fargepalett for befolkninga i Trondheim for at dei skal oppmuntrast til å måle husa sine i fargar:

– Eg kjenner meg glad som får høve til å verdsette fargar og nyansar. Det berikar livet mitt ganske mykje, som eg igjen håpar kan vere til hjelp for andre òg, seier 29 år gamle Eirin.

Eirin smiler til kamera. Hun har på seg fargerike klær og står foran en rød bakgrunn.

Publisert 07.12.2025, kl. 16.52

Read Entire Article