Byen Luton er ein grå klatt i det grøne landskapet Bedfordshire, rett nord for London.
Ein gong var han kjend for hattemakarane sine, og uttrykket «mad as a hatter» – som best kan omsetjast med «klin sprø» – skal visst noko koma derfrå.
I filtproduksjonen til hattar vart det nytta kvikksølv, og kvikksølvforgifting gav merkelege symptom. Seinare vart Luton kjent for bilindustrien sin.
På 2000-talet vart den slitte industribyen også kjend for ekstremisme.
Det for lengst forbudte al-Mujahiroun-nettverket – som seinare spelte ei rolle for rekruttering til den sjølverklærte islamske staten (IS) – var aktive der.
Luton var også fødestaden til den antimuslimske gruppa English Defence League (EDL), som i nokre år gjorde mykje ut av seg både på internett og i gatene, og som oppnådde ei viss beundring i sjølverklærte «kontrajihadistiske» nettmiljø.
På eitt vis var EDL ein slags motreaksjon til Lutons ekstrem-islamistar.
Samstundes var det slett ikkje berre ekstreme islamistar organisasjonen gjekk til åtak på, men muslimar som sådan.
Ein heil del av medlemene hadde dessutan koplingar til hooliganmiljø, til ytre høgre-grupper som det ytterleggåande British National Party (BNP) eller begge delar.
Sentralt stod Stephen Yaxley-Lennon, som hadde vakse opp i bustadområdet Farley Hill, eit stykke utanfor sentrum. Han kalla seg sjølv «Tommy Robinson».
Namnet tok han frå ein tidlegare hooligan i Men in Gear-gjengen. Det var tilsynelatande ei slags hemn for at denne eigentlege Robinson hadde skrive bøker der han avslørte andre i miljøet.
Det var dessutan eit forsøk på å halda sin eigen identitet skjult.
Yaxley-Lennon hadde tidlegare vore medlem av BNP. Han var også tidlegare straffedømd, etter i fylla å ha overfalt ein politimann – som ikkje var i teneste.
Robinson hevda hardnakka å ikkje vera rasist, og freista også å markera avstand frå det gamle ytre høgre.
Medlemer av organisasjonen kombinerte på si side gjerne ein intens pessimisme på det britiske samfunnet sine vegner med antimuslimske og innvandringsfiendtleg haldningar, og med ein britisk nasjonalisme kledd opp i krossfararsymbolikk.
Rasisme var på ingen måte uvanleg.
For Robinson vart EDL uansett berre eit slags springbrett til ei vidare karriere på det britiske ytre høgre. I 2012 var han ei kort tid nestleiar i det heller mislukka British Freedom Party.
Det same året vart han elles dømd for å ha tatt seg inn i USA ulovleg, med eit pass som ikkje tilhøyrde han. Han vart også sikta i ei svindelsak, som han seinare også vart dømd i.
I 2013 braut han med EDL, samstundes som han åtvara mot høgreekstremisme og bad om orsaking for nokre av sin mest rabiate antimuslimske retorikk.
Snart vende han likevel attende til antimuslimsk aktivisme. Han freista å etablera ein britisk avleggar av den tyske antimuslimske organisasjonen Pegida.
Han skreiv for den canadiske ytre høgre-nettstaden Rebel News. Han fungerte ei tid som rådgjevar for Gerald Batten, som hadde teke over som leiar i UK Independence Party (UKIP).
Det fekk fleire sentrale medlem av partiet – inklusive frontfiguren Nigel Farage – til å forlata UKIP som ei synkande skute.
Farage har seinare gjort det tindrande klårt at Robinson ikkje er velkomen i hans nye parti, Reform UK.
Fyrst og fremst har Robinson dei siste åra freista å etablera seg som ein slags «uavhengig journalist».
Ikkje minst gjennom å setja søkjeljos på innvandrardominerte gjengar som dreiv med grooming og seksuell utbytting av unge jenter. Der har det britiske samfunnet vorte skaka av heilt reelle skandaler.
Men det gjekk raskt gale for Robinson. Han strunta i britiske reglar for omtale av rettssaker, og vart dømd for forakt for retten. Det gav han berre meir av ein heltestatus hjå ytre høgre, også internasjonalt.
Meir enn ein «uavhengig journalist» er Robinson likevel ein propagandist.
I 2018 beskylda han til dømes offeret i ei stygg mobbesak – ein tenårig flyktning opprinneleg frå Syria – for å tidlegare ha gått til åtak på to skulejenter.
Det var rett og slett ikkje sant, og førte i 2021 til ein injuriedom.
Sjølv om Robinson fyrst vedgjekk å ha vorte lurt i saka, har han seinare snudd om, og hevda tilsvarande i ein «dokumentarfilm» finansiert av den notoriske amerikanske nettstaden InfoWars.
Tidlegare i haust hamna Robinson i bråk fordi han delte ein uskuldig familievideo der to (svarte) menn leika med to (kvite) jenter i familien, med teksten: «Kva faen foregår her? Kor er foreldra?».
Delinga til Robinson sine hundretusenvis av følgjarar i sosiale media, førte til ein hetskampanje, og til at dei to mennene fullstendig grunnlaust vart skulda for pedofili.
Nettstaden Document har invitert briten til Noreg for å lansera bok. Ifølgje redaktøren Hans Rustad er Tommy Robinson intet mindre enn ein britisk nasjonalhelt.
Det røper vel noko, det også.

1 day ago
3












English (US)