Vogn etter vogn står tomme og ubrukelege på eit spor på godsterminalen på Alnabru i Oslo.
Dei treng vedlikehald, men slepp ikkje til på den einaste verkstaden på Austlandet som er aktuell.
– Dette har kosta oss millionar av kroner i ekstra utgifter og tapte inntekter, seier Henning Aandal.
Han er dagleg leiar i selskapet Onrail AS og fortel at toga deira erstattar om lag 100.000 vogntog på vegen kvart år.
No går han langs ei kilometerlang rekke med vogner selskapet ikkje får reparert på verkstaden på Alnabru.
– Blir vi pressa ut, blir det fleire lastebilar på vegane. Det kan og føre til eit dyrare og dårlegare tilbod for den som kjøper varer på internett eller skal handle mat i butikken. For det er det vi fraktar med toga våre, seier Henning Aandal.
Tok opp konkurransen
Det privateigde selskapet Onrail AS begynte i 2022 å køyre godstog mellom Oslo og Åndalsnes på Raumabanen. Den trafikken hadde fleire selskap frå før gitt opp.
– Då gjekk det greitt å få vedlikehald i Oslo, seier Aandal.
I fjor overtok Onrail også rutene til Stavanger, Bergen og Trondheim frå det svenske selskapet Green Cargo.
Då fekk dei raskt fleire vogner som også skulle ha vedlikehald. Samtidig kom dei i direkte konkurranse med det dominerande selskapet på marknaden, statseigde CargoNet.
– Vi merka at ting endra seg. Vi slapp ikkje lenger til i verkstaden på Alnabru, seier Aandal.
– Det er heilt krise
Aandal seier det har fått alvorlege følgjer.
– I staden for å reparere vognene, må vi leige inn nye, og det er dyrt. I periodar har vi også vore nøydde til å køyre kortare tog og innstille avgangar. Det er heilt krise.
Jernbaneforskrifta slår fast at alle togselskap skal ha tilgang på verkstader og andre viktige tenester på jernbanen.
Likevel har Onrail fått avslag når dei har søkt om plass på verkstaden, seier Aandal. Til slutt klaga selskapet saka inn til Statens jernbanetilsyn, som overvaker jernbanemarknaden.
Jernbanetilsynet slår fast at Onrail har rett til ikkje-diskriminerande tilgang til verkstaden på Alnabru.
Tilsynet konkluderer foreløpig med at statleg eigde CargoNet må reknast som drivaren av verkstaden. Då er selskapet ansvarleg for å tildele plass også til konkurrenten Onrail AS.
Det er lett å bli forvirra:
- Statlege Bane Nor eig verkstaden.
- Bane Nor leiger verkstaden ut til det statseigde godstog-selskapet CargoNet.
- CargoNet har igjen har engasjert det statseigde selskapet Mantena AS til å drive sjølve vedlikehaldet.
Strid om ansvaret
Men kven har eigentleg ansvaret for at det private selskapet Onrail AS er bltt stengt ute frå verkstaden i over eitt og eit halvt år?
Alle dei involverte statlege etatane og selskapa peiker på kvarandre.
CargoNet meiner det er Bane Nor som har ansvaret, fordi Bane Nor eig verkstaden og infrastrukturen på jernbanen elles.
– Vi er leigetakar og kunde på verkstaden, vil tilbyr ikkje verkstedtenester, seier Marius Holm.
Holm er konserndirektør for marknad og kommunikasjon i Vy-konsernet, som eig CargoNet.
Bane Nor meiner derimot at CargoNet er den faktiske drivaren av verkstaden fordi det var dei som behandla førespurnaden frå Onrail om tilgang der.
– Vi hjelper dei gjerne
Mantena AS, som står for det praktiske arbeidet på verkstaden, seier dei gjerne driv vedlikehald også på Onrail sine vogner.
– Vi er positive til å tilby vedlikehaldstenester til alle aktørar på jernbanen, seier kontraktsjef Thomas Bakkejord i Mantena AS.
– Kvifor får ikkje Onrail vedlikehald her då?
– Vi i Mantena er avhengige av ein aksept for tilby vedlikehaldstenester til andre kundar.
– Aksept frå CargoNet?
– Ja.
– Ser etter løysing
CargoNet held fast på at det er Bane Nor som tildeler kapasiteten i verkstaden, og seier dei ikkje har stengt nokon ute.
– Men sidan det har blitt ein fastlåst situasjon og Onrail ikkje får tak i kapasitet til å halde ved like toga sine, så prøver å finne ei praktisk løysing på kommersielle vilkår. Målet er at begge skal kunne kan bruke verkstaden, seier Marius Holm.
Verken Bane Nor eller Statens jernbanetilsyn vil gi intervju før tilsynet har fatta endeleg vedtak i saka. Men tilsynet har altså varsla at dei vil pålegge CargoNet å finne plass også til Onrail sine vogner.
Men framleis er altså det private togselskapet utestengt frå vognverkstaden på Alnabru.
– Alle vil ha mest mogleg gods over på jernbane. Men det er ikkje lett å køyre godstog når det blir lagt ut slike snubletrådar for oss, seier Aandal.
Publisert 30.12.2024, kl. 05.19