Prisveksten litt opp i mai: –Rentekutt i september høgst sannsynleg

20 hours ago 5



Dermed klatrar prisane litt i mai, etter å ha vore nede på 2,5 prosent i april.

Det var prisane på mat og straum som bidrog til å dra prisveksten opp i mai.

– Etter nedgang i matvareprisane som følge av ulike påsketilbod førre månad, har prisane nå gått opp igjen. Samtidig er auka straumpriser med på å løfte prisveksten, seier Espen Kristiansen, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.

Men Noregs Bank er mest opptekne av kjerneinflasjonen når dei set renta. Den ser vekk frå straumprisar og avgiftsendringar.

Den landa på 2,8 prosent i mai, og er eit knepp lågare enn den var i april.

Kjerneinflasjonen er lågare enn Noregs Bank sine eigne prognosar for mai, og er i ferd med å kome ned på målet på 2 prosent.

– Kjerneinflasjonen var nok ein gong lågare enn venta, og har vore det to månader på rad, seier sjeføkonom Kjetil Olsen i Nordea.

 Sjeføkonom i Nordea Kjetil Olsen.

Foto: Petter Larsson / NRK

– Det gjer sjansen for rentekutt i september høgst sannsynleg.

Men at Noregs Bank skal klinke til med rentekutt allereie neste veke, tviler Olsen sterkt på.

– Då må det i tillegg kome veldig dårlege signal frå det regionale nettverket på torsdag. Det må vere ein kombinasjon av svakare prisvekst og andre tegn på at det går dårlegare i norsk økonomi.

Men Olsen og Nordea er blant økonomane og bankane som har meint at vi ikkje vil sjå eit rentekutt verken i år eller neste år.

– Eg startar å tvile no. Vi trur likevel at norsk økonomi vil vise seg frå si sterke side gjennom sommaren. Prisveksten er framleis høg, og dermed er det ikkje opplagt at Noregs Bank skal kutte renta, seier Olsen.

– Vil dokke endre prognosene dykkar no?

– Førebels ikkje, vi held på den litt til. Vi trur veksten i norsk økonomi vil ta seg opp. Men eg må innrømme at akkurat no ligg det an til rentekutt i september, seier Olsen.

Publisert 10.06.2025, kl. 08.04 Oppdatert 10.06.2025, kl. 08.27

Read Entire Article