Prisveksten i Noreg var på 3 prosent i mai, samanlikna med mai i fjor.
Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Dermed klatrar prisane litt i mai, etter å ha vore nede på 2,5 prosent i april.
Noregs Bank er mest opptekne av kjerneinflasjonen når dei set renta. Den ser vekk frå straumprisar og avgiftsendringar. Den landa på 2,8 prosent i mai, og er eit knepp lågare enn den var i april.
Kjerneinflasjonen er lågare enn Noregs Bank sine eigne prognoser for mai, og er i ferd med å kome ned på målet på 2 prosent.