«Prinsippet er enkelt: Når vegen er statleg, må også ansvaret vere statleg»

7 hours ago 1



Leserinnlegg
Bompengeopplegget på E39 behandles av fylkesutvalget i Agder fredag 24. april. Foto: Jarle R. Martinsen

Bompengeopplegget på E39 behandles av fylkesutvalget i Agder fredag 24. april. Foto: Jarle R. Martinsen

Oppdatert:ett minutt siden

I morgon fredag 24. april skal fylkesutvalet seie kva me meiner om bompengeopplegget på E39. Eg og Senterpartiet er heilt tydelege: Det er urimeleg at fylkeskommunen skal garantere for lånopptaket for ein staleg veg, sidevegsbom er urimeleg å etablere ovanfor innbyggarane våre, lågare takstar vil auke trafikkmengden og takstane må vere vedvarane låge, ikkje berre låge i ein prøveperiode.

E39 er ein statleg hovudveg, vedteken og prioritert av Stortinget. Likevel sit Agder fylkeskommune med garantiansvar for milliardlån knytt til utbygginga. Det er urimeleg. Dette er ei problemstilling Senterpartiet har åtvara mot i lang tid. Geir Pollestad tok tidleg kampen mot at fylke og lokalsamfunn skal bere økonomisk risiko for statlege vegprosjekt. Prinsippet er enkelt: Når vegen er statleg, må også ansvaret vere statleg.

Kristin Ljosland

Gruppeleiar og fylkesleiar i Agder Senterparti

Når fylkeskommunen må stille garantiar, går det utover viktige oppgåver som vidaregåande opplæring, kollektivtilbod og tannhelse. Dette er ikkje berekraftig. Difor er det viktig at me politikarar ber om eit revidert bompengeopplegg for E39 Kristiansand vest- Lyngdal vest, med mål om lågare takstar og redusert risiko, utan sidevegsbom! Å utgreie forlenga innkrevjingstid, passeringstak og auke statlege løyvingar er derimot nødvendige grep for å redusere belastninga for både fylkeskommunen og for trafikantane.

Prinsippet er enkelt: Når vegen er statleg, må også ansvaret vere statleg.

Men viktigast av alt: Staten må ta over garantiansvaret for gjelda i prosjektet. Det er urimeleg at fylkeskommunen skal fungere som økonomisk buffer for ei statleg vegstrekning. Dette vonar eg alle politiske parti vil arbeide for, og eg er glad for at Raudt, Ap og Frp støtta Senterpartiet i 2020, då vi fekk fleirtal for å flytte 154 milliardar i bompengelån, som ulike fylkeskommunar hadde garantert for. Eg vonar dei same partia vil støtte Sp i slike tiltak også framover – statleg veg, statleg ansvar!

Senterpartiet ventar at regjeringa følgjer opp, og at reduserte takstar kjem raskt – allereie i arbeidet med revidert nasjonalbudsjett for 2026. No er det på tide at staten tek ansvar for sine eigne vegar.

Kristin Ljosland,

Gruppeleiar og fylkesleiar

Agder Senterparti

Kjelde: «Staten overtar garantiansvaret for bompengelån på riksveier», https://www.nrk.no/rogaland/staten-overtar-garantiansvaret-for-bompengelan-pa-riksveier-1.15189758, 06.10.2020

Read Entire Article