Prega etter kjempenedturen: – Eg er lei meg

3 days ago 9



– Det er kjipt at det skal gå slik, seier ein tydeleg prega Kristoffer Eriksen Sundal til NRK.

Dei norske herrane var lenge med i medaljekampen normalbakkerennet i OL. Sundal hadde best sjanse før finaleomgangen. Han var nummer tre halvvegs.

Men i sitt siste hopp landa han på 105 meter, og blei nummer 10.

– Det er rart as, det er kjemperart. Eg er lei meg. Eg har kjend på mykje meistring, men akkurat no er eg veldig lei meg. Men det går vel over om 45 minutt tippar eg, men det er idrett, seier Sundal.

– Det blei litt under det me hadde håpa på, seier NRKs hoppekspert Maren Lundby.

En skiløper sitter på snøen med hodet bøyd mot kneene, tydelig preget av følelser. To personer står i nærheten, en med en lysegrå jakke og en annen med en mørk jakke. Omgivelsene viser en sportsarena med et islagt område, og bakgrunnen har blå og gyldne elementer. Skiløperen har på seg en drakt med sponsorlogoer, inkludert en hjelm med gullfarge. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

SKUFFA: Kristoffer Eriksen Sundal låg godt an i starten av hopprennet, men enda på ein 10.-plass.

Foto: Matthias Schrader / AP / NTB

– Stilen blei viktig her, og det visste eg på førehand. Eg dreit meg ut i finalen, legg han til.

– Skia sklei fort fram då eg landa, prøvde å halde meg over men klarte ikkje det. Trefte bakken hardt. Det er surt å tenkje på at med ein fin landing så hadde eg hatt noko på pallen å gjere, forklarar han.

Johann André Forfang blei best av dei norske skihopparane med ein 9.-plass. Tyske Philipp Raimund vann. Ren Nikaido frå Japan og Gregor Deschwanden frå Sveits delte bronsemedaljen.

forfang

HYLLEST: Johann André Forfang mista faren berre dagar før OL starta.

Faksimile: skjermdump NRK TV / NRK

– Hadde forventa meir

Johann André Forfang har ikkje prega toppen av resultatlista i forkant av konkurransen, men i finaleomgangen hoppa han 103 meter.

– For min eigen del tek eg fram min desidert beste hopping i dag, så det er eg veldig fornøgd med. Eg har ikkje funne heilt ut av bakken her.

– Men me som nordmenn hadde forventa meir.

Forfang mista faren sin berre dagar før OL starta i starten av februar.

Då han venta på poengsummen viste han handflata til kamera. Inne i hansken stod det «pappa».

Regjerande verdsmester i normalbakken, Marius Lindvik, viste god hopping i prøveomgangen, men trefte ikkje då det gjaldt. Med hopp på 103,5 og 104,5 meter enda han på 12.-plass etter å ha vore nummer ni etter første omgang.

Lindvik

GOD: Marius Lindvik var best i prøveomgangen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Har slite denne sesongen

Lindvik blei utestengt i tre månader etter fjorårets skandale i VM i Trondheim. Noreg blei tatt for juks. Lindvik og lagkamerat Forfang har heile tida sagt at de ikkje kjente til manipulasjonen med hoppdressen.

Sidan hoppskandalen har det norske herrelaget slite sportsleg. Det har resultert i ein kvote på berre tre utøvarar, og ingen nordmenn har vore på pallen i verdscupen.

Den norske hoppgjengen har alt fått ei gullmedalje i meisterskapet:

Tysdag er det blanda lagkonkurranse i OL-byen Predazzo.

Publisert 09.02.2026, kl. 20.48 Oppdatert 09.02.2026, kl. 21.45

Read Entire Article