Politimeld etter råkøyring med båt ved freda fuglefjell: – Vill vest her ute

1 month ago 29



Stadig fleire turistar kjem for å sjå på alle fuglane på Runde, som lundefugl og havørn.

Runde er Noreg sitt sørlegaste store fuglefjell, og fuglelivet her er freda. Det betyr at det ikkje er lov å uroe fuglane. Det bryr ikkje alle seg om.

– Det er vill vest her ute, seier fugleobservatør Ingar Støyle Bringsvor.

Råkøyrde gjennom fugleflokk

I juli blei han vitne til at ein båt råkøyrde gjennom ein flokk sjøfuglar i fuglefredingsområdet.

Han filma det som skjedde, og saman med organisasjonen Birdlife Noreg melde han båtføraren til politiet.

Kjem du i den farta, så er det stor fare for at du enten skadar fugl eller slår i hel fugl når du treffer dei med båten.

Fugleobservatør Ingar Støyle Bringsvor blir oppgitt over at folk forstyrrer fuglene på Runde.

Fugleobservatør Ingar Støyle Bringsvor blir oppgitt over at folk forstyrrar fuglane på Runde.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Samla fugleungar i ei bøtte

Knut Asle Goksøyr har drive campingplassen i 50 år og aldri hatt så mange gjester som i sommar. Han har merka ei endring blant dei som kjem.

Respekten er nok fallande, eller forståinga for naturen er fallande, vil eg seie.

Goksøyr har mange eksempel: På kanten av fuglefjellet har det vore arrangert bursdagsselskap, grillparty, og korøving. Folk drikk, knuser flasker og solar seg.

Tidlegare i sommar skjedde noko om gjorde han svært opprørt.

– Ei mor kom inn i resepsjonen med ei heil vaskebøtte med fugleungar som ho hadde samla saman med barna sine. Fugleforeldre vil ikkje ha tilbake ungar som har menneskelukt på seg, eller som har vore ute frå reirområdet i lengre tid.

Knut Asle Goksøyr har drive campingplassen på Runde i 50 år.

Knut Asle Goksøyr

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Lundebestanden nesten halvert

På midten av 1960-talet var det eit yrande dyreliv på Runde. Då var det store koloniar av dei rundt 70 ulike artane som hekka der. På det meste var det rundt 100.000 lundepar på øya, men mykje har endra seg.

Ifølge Norsk institutt for naturforsking er toppskarv, lomvi og krykke omtrent borte. Lundebestanden er nesten halvert sidan 1980, men no er bestanden på veg opp igjen.

No er det ungar i fem eller seks av ti reir, og det er ein ganske god sesong, seier Bringsvor.

En lundefuglkylling er straks klar til å forlate rede. Fugleobservatør Bringsvor måler og veier kyllingen for å kartlegge hvordan det går med bestanden.

Ein lundefuglkylling er straks klar til å forlate reiret. Fugleobservatør Bringsvor måler og veg kyllingen for å kartlegge korleis det går med bestanden.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vil ha oppsynsmann

Det er ikkje første gong nokon har blitt melde for å ikkje ta omsyn til fuglane. I 2019 måtte eit guideselskap betale ei bot på 100.000 kr for å ha køyrd ein båt inn i fugleflokk.

For kunne ha betre kontroll på kva som skjer i området, vil Birdlife Noreg ha ein oppsynsmann.

Vi ønsker at eit så sentralt fredingsområde som Runde blir prioritert, med fast tilsett personale i sesong, som kan vere til stades og gi rettleiing til turistar, og gripe inn når reglane ikkje blir følgde, seier saksbehandlar Alv Ottar Folkestad.

Slik var det før, men ordninga blei avvikla.

Havsulene dominerer på fuglefjellet på Runde

Havsulene dominerer i fjellsida.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kan ikkje love noko

Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kan dei ikkje love noko. Men dei er i gang med eit arbeid der dei ser på korleis vernet på Runde kan oppgraderast. Årsaka er at mykje har endra seg sidan fuglefredingsområde blei etablert i 1981.

Vi må sjå på det på nytt, både når det gjeld fugl, men òg når det gjeld ulike vegetasjonstypar som er trua, seier underdirektør Ulf Lucasen.

Når dei har komme fram til kva som treng meir vern, kan det komme nye reglar på øya. Eksempel kan vere fartsgrense på sjøen ved fuglefjellet, at det kan bli ulovleg å gå visse stader på fjellet, eller forbod mot å campe. Det er opp til regjeringa.

Alt for mange forstyrringar

Politiet opplyser om at dei ikkje har starta etterforskinga av råkøyringa i juli på grunn av ferieavvikling.

Fugleobservatør Bringsvor håpar det er siste gong han må melde folk til politiet.

Eg håpar at det får konsekvensar, først og fremst for dei som gjorde det. Men ikkje minst at terskelen for å gjere sånt blir mykje høgare. Slik som stoda er no, er det alt for mange forstyrringar her.

Informasjonsskilt ved fredningsområdet på Runde.

Folk flest held seg på stien på fjellet og følger reglane.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Publisert 06.08.2024, kl. 08.55

Read Entire Article