– Politikarane kan ombestemme seg, men det er ikkje dermed sagt at det er gratis

2 weeks ago 7



Her er det ei så sterk og velgrunna forventning og når dei då berre ombestemmer seg, så utløyser det erstatningsplikt.

Det seier Anders Flaatin Wilhelmsen som representerer tre utbyggarselskap i retten.

Utbyggarselskap har saksøkt Trondheim kommune for over 2,55 milliardar kroner.

Det er absolutt ein del av demokratiet at politikarane kan ombestemme seg, men det er ikkje dermed sagt at det er gratis.

  • Kvifor er Trondheim kommune saksøkt?

    Tre selskap har saksøkt Trondheim kommune for over 2,5 milliardar kroner fordi dei ikkje får bygge bustader på eit jorde.

    Saksøkarane meiner dei med rette kunne forvente å få bygge ut området fordi politikarane i 2019 vedtok at det kunne brukast til utbygging.

    Derfor sette selskapa i gang med investeringar og planlegging av å bygge bustader, men i fjor haust vedtok politikarane at området ikkje kan byggast ut likevel.

    Saksøkarane seier at politikarane har lov til å ombestemme seg, men dei meiner det er erstatningspliktig i dette tilfellet.

    Kommunen avviser krava frå utbyggarselskapa.

  • Kven saksøker Trondheim kommune?

    Saksøkarane er Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS. 

    Kolbjørn Opsahl Selmer er styreleiar i alle dei tre selskapa.

    Utbyggarselskapa har lagt ned følgande påstand:

    i. Trondheim kommune betaler Overvik Eiendom AS erstatning fastsett etter retten sitt skjønn oppad begrensa til kr 1.911.000.000.

    ii. Trondheim kommune betaler Overvik Lokalsenter AS erstatning fasteatt etter retten sitt skjønn oppad begrensa til kr 322.000.000.

    iii. Trondheim kommune betaler Blekkan Utvikling AS erstatning fastsett etter retten sitt skjønn oppad begrensa til kr 322.000.000.

    iv. Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS tilkjennast sakskostnader.

  • Kan politikarane berre ombestemme seg for kva området skal brukast til?

    Begge partane i saka meiner at politikarane kan ombestemme seg.

    Trondheim kommune meiner dette ikkje er erstatningspliktig, medan utbyggarane meiner dei har rett på erstatning.

    Det har lenge vore ueinigheit blant dei politiske partia i Trondheim om kva området skal brukast til. Enkelte parti ville at det skal byggast ut, medan andre ville at det skulle brukast til landbruk og fleirtalet har variert mellom desse to standpunkta.

    Først var området definert som matjord, så vedtok politikarane at det skulle brukast til bustadbugging.

    Men i fjor vedtok eit einstemmig bystyre i Trondheim kommune at området skulle definerast som landbruksareal.

    Difor har utbyggarslskapa no saksøkt kommunen.

Årsaka til søksmålet er at utbyggarane var i gang med planlegging av bustadbygging på eit jorde aust i Trondheim.

Men så snudde politikarane og vedtok at området skulle vernast.

– Dei hadde tillit til at politikarane skulle stå ved vedtatte planar, seier Wilhelmsen i retten.

OVERVIK: Utbyggarane krev fleire milliardar for at dei no ikkje får bygge ut på deler av dette området aust i Trondheim.

Roger Myren, NRK

Meiner dei er offer for «rein politisk omkamp»

I 2013 vedtok politikarane at det potensielt kunne byggast bustader på jordet tilhøyrande Overvik gard i Trondheim.

Kolbjørn Selmer er styreleiar i alle dei tre selskapa som no har saksøkt Trondheim kommune.

– Det er fint å vere i gang. Eg håpar at saka blir godt opplyst, seier Selmer.

Året etter vedtok politikarane i kommuneplanens arealdel at området skulle byggast ut.

I dei følgande åra hadde utbyggarane hyppige møter med kommunen, seier advokat Wilhemsen i retten.

– Det har vore ein lang prosess som ikkje handla om ein skulle bygge ut eller ikkje, men om korleis ein skulle bygge ut.

Prosessen resulterte i at politikarane i Trondheim kommune vedtok igjen, i 2019, at området skulle brukast til utbygging av bustader.

Same år starta dei å bygge bustader på delar av området, nordre Overvik.

Boligutbygging Overvik

Bustadbygginga på nordre Overvik blei sett i gang i 2019.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Men to år seinare, samstundes som bustadane på området i nord stod ferdig, blei det vedteke at det ikkje skal byggast ut på resten av området likevel.

Området på søre Overvik skulle førast tilbake til landbruk, natur og friluftsliv.

Det var eit einstemmig vedtak i 2019 og så to år seinare snur dei heilt rundt og forbyr utbygging, seier Wilhelmsen.

  • Områdeplan for Overvik i Trondheim kommune

    Opprinnelig vedtatt områdeplan for Overvik i Trondheim kommune fra 2019

  • Kart over hvilke områder på Overvik i Trondhiem kommune som ble tilbakeført til natur-, landbruk- og friluftsareal i 2024

    Endret ommrådeplan for Overvik i Trondheim kommune fra 2024. De fire sørlegaste områda er no markert i raudt (NRK sine markeringar) for å illustrere at dei er sett av som landbruk-, natur- og friluftslivområde.

Og i 2024 vedtok politikarane vern av denne delen av området.

– Eit utslag av ein rein politisk omkamp. Det var ingen ny kunnskap eller nye faktiske forhold som tilsa ei endring, legg Wilhelmsen til.

Difor meiner utbyggarane at kommunen er pliktig i å betale erstatning.

Men kommunen er ueinig og påpeiker at det fleire gonger kom signal frå politisk hald, både lokalt og nasjonalt, om at jordvern og miljøomsyn kunne stogge utbyggingsplanane.

– Et slikt utviklingsprosjekt er i høgaste grad eit risikoprosjekt, seier advokat Ida Eieland i Trondheim kommune.

Området Overvik ligg aust i Trondheim kommune.

– Alle kostnader er relevante

Blant kravet på 2,55 milliardar kroner ligg kostnader knytt til utvikling av tomtene, prosjektarbeid, driftskostnader, etablering av infrastruktur og liknande.

Selskapa krev også tilbakebetaling for utgifter knytt til utbetalingar til fleire idrettsklubbar og organisasjonar, omdømebygging og reklamekampanjar.

I tillegg krev dei erstatning for utgifter for sesongkort, VIP-billettar, rafting på Geilo, iskulp i garderobe, samt turar til Planica og Svolvær.

Dette fekk kommuneadvokaten til å reagere:

– Alle kostnader er relevante. Hovuddelen av kravet er kjøp av tomter, svarar saksøkarane sin advokat.

– Det er vanskeleg for oss å utelukke kostnader dei har hatt i forbindelse med prosjektet, legg Wilhelmsen til.

Kommuneadvokat i Trondheim, Lars Marius Heggberget, seier at foreldingsfristen for alle krava var gått ut før selskapa varsla om søksmålet.

Og det som er nesten ekstraordinært, er at saksøkarane kliner til og krev all framtidig forteneste.

Heggeberget påpeiker at fleire av tomtekjøpa, som er størstedelen av kravet, blei gjort før 2019 då politikarane gav dei gjennomslag.

Bildet viser en rettssal med flere personer til stede. Kommuneadvokat Trondheim, Lars Marius Heggberget står foran en skrivepult og presenterer, mens andre satt rundt bordet følger med på dokumenter og skjermer. Tre utbyggerselskap har saksøkt Trondheim kommune fordi de ikke får bygge ut på området søndre Overvik i Trondheim.

Kommuneadvokat i Trondheim, Lars Marius Heggberget, legg fram kommunen sitt syn på saka i retten tysdag.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Meiner saka blir behandla på feil side av gata

– Det er eit grunnleggande demokratisk prinsipp at innbyggarane skal påverke retninga på arealutviklinga, seier kommuneadvokaten.

Det er sett av sju dagar for å behandle saka på tinghuset i Trondheim – rett over gata frå politikarane på rådhuset.

– Me er rett og slett på feil side av gata. Dette blir avgjort av bystyret. Det er ikkje tingretten som skal avgjere om det skal byggast ut på søre Overvik.

Rådhuset Trondheim kommune,
Trondheim tinghus

Rådhuset og tinghuset i Trondheim ligg på kvar si side av Munkegata i Trondheim

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Saksøkarane er grunnleggande ueinige i dei arealpolitiske vurderingane som både det førre og det noverande bystyret har tatt, seier Heggberget.

Kommunen avviser fullt og heilt kravet frå utbyggarane.

Arealpolitikk som all anna politikk, er dynamisk. Det ligg i korta at det kan endrast.

Ingen har rettskrav på utbygging

Heggberget påpeiker at politikarane i bystyret har gjeve selskapa delvis gjennomslag for å bygge ut på nordre Overvik.

– Men avgjorde at søre Overvik ikkje skal opnast for utbygging.

Kommuneadvokaten meiner at sjølv om utbyggarane hadde ei forventning om å kunne bygge ut, har dei ikkje krav på erstatning.

Advokat Anders Flaatin Wilhelmsen og kommuneadvokat Lars Marius Heggberget. Søksmål fra utbyggerselskap mot Trondheim kommune.

Advokat Anders Flaatin Wilhelmsen og kommuneadvokat Lars Marius Heggberget representerer partane i retten.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Dei meiner at forventningar på eit eller anna vis skal få rettsvern. Då er dei snublande nær å seie at forventningane gir dei rettskrav på utbygging.

– Ingen har rettskrav på utbygging. Utbyggarinteressa har ikkje erstatningsrettsleg vern i norsk rett, legg Heggberget til.

Publisert 11.11.2025, kl. 13.47 Oppdatert 11.11.2025, kl. 14.17

Read Entire Article