Politiet sto ferjefast i tre timar

1 day ago 10



I ventetida sovna innbrotstjuven i huset der han braut seg inn.

 Renate YnnesdalTRØBBEL PÅ DEKK: Både ferjemannskap og politi undrast over kvifor hydraulikken på landgangen ombord ikkje funkar som den skal. Foto: Renate Ynnesdal
Søndag 1. juni kl. 21:43

Kortversjonen

  • Politiet sat fast i tre timar på ferja på veg til ein innbrotsstad i Gulen.
  • Ein rusa innbrotstjuv hadde ikkje dårleg tid.
  • Han vart funnen sovande i senga til huseigaren då politiet omsider kom fram.
  • Ferja hadde hydraulikkproblem, som ikkje var løyste søndag kveld.
  • Renate Ynnesdal (29) måtte også vente på ferja med sitt ettårige barn.
  • Ho gjekk ein del att og fram på dekk.

Ein politipatrulje frå Vest politidistrikt hadde ikkje sin mest effektive dag på jobb søndag.

På ferja mellom Leirvåg og Sløvåg ytst i Sognefjorden oppsto det trøbbel med hydraulikken. Landgangen gjekk ikkje ned. Og politibilen vart ståande bom fast på dekk i heile tre timar.

Innbrotstjuven funnen i senga

Bakgrunnen for ferjereisa til politiet var ei melding om eit innbrot i eit hus på andre sida av fjorden.

Ein noko rusa innbrotstjuv hadde rett og slett sovna inne i bustaden der han braut seg inn.

Huseigaren hadde oppdaga eit vindauge som var knust på inngangsdøra. I tillegg var altandøra øydelagt, ifølgje operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt si skildring til Bergens Tidende.

Den politiet trur er gjerningsmannen, ein rusa kar i 20-åra, låg i senga til huseigaren og sov, held operasjonsleiaren fram.

– Den einaste konsekvensen dette fekk for oss var at mannen som hadde brote seg inn, fekk sove litt ekstra, seier Kolltveit i politiet.

Kva skulle tjuven stele?

Det har førebels ikkje kome på det reine kva den sovande mannen i senga til huseigaren eventuelt freista å stele.

 m/s Storfjord trafikkerer strekninga Leirvåg-Sløåg i Gulen i Ytre Sogn i Vestland fylke.  Foto: Fjord1TRØBBEL-FERJA: m/s Storfjord trafikkerer strekninga Leirvåg-Sløåg i Gulen i Ytre Sogn i Vestland fylke. Foto: Fjord1

Renate Ynnesdal (29) sat også i bilen sin på dekk på ferja «Storfjord» i tre timar søndag. Ho hadde ein eittåring med seg, og byrja miste tolmodet. Timane gjekk. Vanskane med hydraulikken ombord tok tid.

– Overfarten mellom Leirvåg og Sløvåg tek vanlegvis ein 20 minuttars tid. Vi gjekk ein del fram og attende på dekk, seier Ynnesdal til VG.

– Ikkje så mykje anna å finne på - på ei ferje, seier småbarnsmora som vart ein del forseinka til eit familiebesøk.

Framleis ferjetrøbbel

Ho prisar seg lukkeleg over at dei hadde med seg mat og drikke på den langdryge overfarten.

Kva hadde du gjort ombord - ferjefast i tre timar?aHadde gjort som Renate - gått att og fram og oppnådd litt fysisk fostring på dekk.bHadde tømt den ubemanna kiosken for sveler og teke livet med ro.cHadde gjort som innbrotstjuven i Gulen - sove godt og lenge.dHadde lytta på ein av VG sine lange og gode podcastar.

Søndag kveld var det framleis trøbbel med hydraulikken på ferja, opplyser regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1 til VG.

– Det blir jobba med å løyse problemet. Skal oppdatere deg når eg veiot noko meir, skriv Kristoffersen i ei tekstmelding til VG i 19.30-tida søndag kveld.

Politiet opprettar sak om innbrotet i Gulen.

Les gjerne også denne ferjehistoria frå Vestlandet.

Read Entire Article