Politiet skal gjera nye undersøkingar i spesiell sak

3 hours ago 2



Mann hadde to skot i hovudet

Bergenspolitiet har sagt at 89-åringen mest truleg tok sitt eige liv. No blir etterforskinga utvida.

 Elias Engevik / TV 2
SPESIELL SAK: Berre garasjen står att på branntomta i Hausdalen sør i Bergen. I eitt år har politiet etterforska saka dei meiner mest sannsynleg dreier seg om eit sjølvdrap. Foto: Elias Engevik / TV 2

Publisert 19.01.2026 09:20 Sist oppdatert 37 minutter siden

I januar 2025 vart ein 89 år gamal mann henta ut frå ein brennande einebustad i Hausdalen i Bergen.

Då brannmannskapa hadde fått mannen ut, var han død. Dei kunne sjå at han var skoten. 

Obduksjonen dagen etter viste at mannen var skoten to gonger i hovudet. Våpenet var hans eige; ei salongrifle med 22 kaliber.

Til TV 2 har politiet likevel sagt at det mest sannsynleg er snakk om sjølvdrap.

Mann skutt i hodet to ganger – politiet tror det var selvdrap

Skal etterforske meir

Den spesielle saka har fått stor merksemd etter at TV 2 omtala den i starten av januar. No blir etterforskinga av dødsfallet utvida.

Det skjer etter at politiet har hatt møte med Statsadvokaten. Det er dei som til slutt skal ta endeleg stilling til om saka skal leggast vekk eller ikkje.

– Vi har hatt møte med Statsadvokaten. Det vil bli gjort nokre nye undersøkingar utan at eg vil gå detaljert inn på det, seier politiadvokat Are Nygård Bergh.

 Lars Christian Økland / TV 2
MEIR ETTERFORSKING: Politiadvokat Are Nygård Bergh. Foto: Lars Christian Økland / TV 2

Han har tidlegare sagt til TV 2 at politiet ikkje vil dele for mange detaljar frå etterforskinga, sidan den framleis er open.

– Spesiell sak

Til TV 2 bekreftar statsadvokat Asbjørn Onarheim at han har hatt møte med bergenspolitiet om den spesielle saka.

Han vil ikkje svare på om det er han som har bedt politiet gjere meir etterforsking.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
STATSADVOKAT: Asbjørn Onarheim er statsadvokaten som skal ta den endelege avgjerda om kva som skjer med saka når den er ferdig etterforska. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Vi hadde ein gjennomgang og det var semje om at det skal gjerast meir undersøkingar, seier Onarheim og viser vidare til politiet for fleire spørsmål.

– Men det er jo ei spesiell sak, det er det inga tvil om.

Etterlatne: – Glad

Dei etterlatne etter 89-åringen har vore kritiske til politiets etterforsking av dødsfallet. 

Dei har stilt spørsmål ved om hypotesen om at nokon andre kan ha vore involvert, har vore godt nok undersøkt. 

Dei har til TV 2 lista opp ei rekke omstende ved åstaden som dei reagerer på.

– Eg er glad for at dei skal undersøke saka på alle måtar. For eg og min bror trur ikkje det er sjølvdrap, slik vi kjenner hans situasjon og omstenda i saka, seier dottera til 89-åringen.

Reagerer på skotskadane til nabo: – Sjokkert

Kripos: Kunne ikkje nå avtrekkaren

Brannårsaka er ikkje kjent. Den automatiske varslinga kom inn til brannvesenet midt på natta. Dei var på staden etter kort tid, men mykje av bustaden var allereie overtent.

89-åringen vart funnen på sitt eige soverom. Han hadde ikkje sot i luftvegane, noko som fortel at han truleg var død før brannen nådde soverommet der han vart funnen.

Ein rapport frå Kripos viser at 89-åringen ikkje kan ha nådd avtrekkaren på rifla med hendene sine, verken i ståande eller sitjande posisjon. 

Berekningane er gjort basert på kor i hovudet mannen er skoten, lengda på armane hans og storleiken på rifla.

Har gjort kartleggingar

Den låg att i ruinane og er ikkje mogleg å få DNA eller fingeravtrykk frå.

Politiet har tidlegare sagt til TV 2 at det er det totale bevisbildet som gjer at dei meiner 89-åringen mest sannsynleg har tatt sitt eige liv.

Politiet har gjort undersøkingar for å kartlegge kva køyretøy som har vore i området i aktuelt tidsrom, kva telefonar som har vore i dekningsområdet og avhøyrd sju personar.

– Ingen av vitna har gitt informasjon av betydning. Heller ikkje dei andre undersøkelsane har gitt opplysningar som underbygger at andre har vore involvert, har Bergh tidlegare sagt.

Vil be Kripos om meir hjelp

Politiadvokat Are Nygård Bergh har tidlegare sagt at heile etterforskinga skal bli sett gjennom av nokon med «nye auge». 

Ein sokalla «second opinion»-gjennomgang er vanleg å ha i større etterforskingar.

– Ein førespurnad om «second opinion» vil bli sendt til Kripos, men det er ikkje avklara om dei vil hjelpe oss med det, seier politiadvokat Bergh.

Trenger du noen å snakke med?

Hvis du trenger noen å snakke med, kan du benytte noen av disse lavterskeltilbudene:

Mental Helse Hjelpetelefonen: Ring 116 123. Tast 2 for foreldresupport og tast 3 for studenttelefonen på samme nummer. Tilbyr også chat: sidetmedord.no.

Mental Helse Ungdom: Chattetjeneste åpen hver dag klokken 18–21. Tjenesten er rettet mot unge voksne (18-35 år).

Kirkens SOS: Ring 22 40 00 40.

Kors på halsen: Ring 800 333 21. Tjenesten tilbys av Røde Kors og er for deg under 18 år.

Rådgiving om spiseforstyrrelser: De har både chattetjeneste og telefonlinje.

Akutt selvmordsfare? Ring 113 når det er akutt og står om liv. Ring legevakt på tlf. 116117 for øyeblikkelig hjelp.

Leve Landsforeningen for etterlatte ved selvmord: Tar imot henvendelser på epost: post@leve.no eller telefon 22 36 17 00 (hverdager 9-15)

Spillavhengighet Norge: Ring 4770200 eller skriv til kontakt@spillavhengighet.no.

Hjelpelinjen: Hjelp i forbindelse med penge- eller dataspill. Ring 800 800 40.

Read Entire Article