Saka oppsummert
- Politiet gløymde å ta blodprøve av ein drapstiltalt i Bergen.
- Den tiltalte skal ha vore psykotisk og trudde han var ein informant i ein global organisasjon.
- Han knivstakk ein mann etter å ha følt seg truga.
- Den tiltalte får no behandling og erkjenner knivstikka, men nektar straffskuld.
Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister.
– Det er veldig frustrerande at det ikkje blei gjort. Ein slik prøve skal takast både til gunst og ugunst for den tiltalte, sa den erfarne krimteknikaren i politiet til Hordaland tingrett.
Han hadde gått detaljert gjennom undersøkingane av drapsåstaden og den drapstiltalte då spørsmålet om funnet av MDMA-tablettane kom.
– Det er ein feil frå politiet si side. Ei misforståing, supplerte statsadvokat May-Britt Erstad om etterforskingsflausen.

Varslet eksen etter drap: «I killed that motherfucker»
Dette gløymde dei
Tabben skjedde i etterforskinga av drapet på ein 38 år gamal mann på Laksevåg i Bergen i januar i fjor.
I alt vart han råka av 15 knivstikk før han rømde ut av vindauget i loftsleilegheita, fall ned og vart liggande livlaus på altanen i etasjen under.
Ein 32 år gamal mann er tiltalt for drapet.

Han vart pågripen i leilegheita same kveld, pakka inn i heildekkande beskyttelsesdrakt og frakta til politihuset i Bergen for krimtekniske undersøkingar.
Så vart han send til legevakta for vidare undersøkingar. Då skjedde tabben: Det vart aldri tatt blodprøve av han.
Var han psykotisk?
– Det er uheldig, uansett, at det ikkje blir sikra blodprøve av ein i sikta i ei drapssak, seier statsadvokat Erstad til TV 2.
Men kvifor er det viktig at ein slik prøve blir tatt? I saker som handlar om rusutløyst psykose kan det vera avgjerande. Og her vart det altså funne MDMA-piller på rommet til den tiltalte.

Folk som i gjerningsaugeblinken har vore psykotiske, eller utilreknelege, blir dømde til tvungen psykisk helsevern. Dei kan ikkje få fengselsstraff fordi dei er sjuke.
Men er psykosen utløyst av sjølvpåført rus, kan ein likevel dømmast til fengsel.
I denne saka meiner rettspsykiatrar, statsadvokat og forsvararen at 32-åring var psykotisk då han knivstakk 38-åringen i leilegheita på Laksevåg.
Men statsadvokat Erstad og forsvarar Jørgen Riple seier til TV 2 at dei er samde om at den manglande blodprøven i denne saka, ikkje er av avgjerande betydning.
Trudde han var informant
For det kom tydeleg fram at den drapstiltalte lenge har levd i ei anna verkelegheit, då han starta si frie forklaring i tingretten onsdag.
På få år gjekk han frå å vera helikopterpilot i USA til å bli innlosjert i eit hus for bustadlause i Bergen.
– Eg er veldig lei meg for det som har skjedd. Men eg var ikkje meg sjølv, sa 32-åringen til retten.
Han fortalde at han gradvis vart sjukare psykisk frå 2021. Det byrja med eit tankekøyr under koronapandemien. Sakte, men sikkert, utvikla det seg til «stemmer i hovudet» våren 2022, sa han til retten.
– Dei fortalde meg at eg var spesialutvald til ein global organisasjon. I ein kamp mellom det gode og det vonde skulle eg gi dei informasjon. Dei brukte eit talsystem til å kommunisere med dei utvalde gjennom media, forklarte 32-åringen.

Drept i bygg som huser bostedsløse
Hevdar sjølvforsvar
TV 2 er kjent med at familien hans prøvde å skaffe hjelp til han etter at han kom tilbake til Norge frå USA.
Det tolka han som at den vonde organisasjonen hadde kontroll over dei og at dei prøvde lure han.
I talsystemet var talet «7» svært viktig. Det gjorde at han hausten 2023 flytta vekk frå familien og hamna i Bergen, byen mellom dei sju fjell. Utan arbeid og utan ein stad å bu.
Etter kvart sentrerte tankekøyret seg inn på 38-åringen som hadde rom vegg i vegg i leilegheita han fekk plass i.

9. januar 2024 trudde han at både 38-åringen og kvinna han hadde på besøk var ute etter å drepe han.
– Etter at eg hadde slått henne i halsen, ville han snakke med meg. Då sa eg ganske mange krenkande ting til han som sikkert gjorde at han mista kontroll. Han tok i alle fall strupetak på meg. Det var då eg byrja stikke han med kniven, forklarte 32-åringen.

Kvinne fryktet for livet: «Please, don´t kill me»
Får behandling i dag
Då han såg romkameraten forsvinne ut av vindauga, trudde han difor at han hadde vunne mot «den vonde organisasjonen».
Han la seg tilbake i senga på rommet sitt og sende melding til ekskjærasten: «I killed that motherfucker».
32-åringen får i dag behandling og medisin på eit sjukehus ein annan stad i landet.
– Eg har jobba masse med psykologar som seier at denne organisasjonen ikkje finst. At alt er i hovudet mitt. Så no skjønner eg meir og meir at det er noko gale med meg. At det er meg det er noko alvorleg gale med. Men eg er blitt betre no, sa han.
Han erkjenner altså knivstikka, men nektar straffskuld. Det er uansett tingretten som skal ta endeleg stilling til om han har skuldevne eller ei.
Rettspsykiatrane som følgjer rettssaka skal legge fram sine vurderingar av drapstiltalte i løpet av rettssaka. Den tvungne observasjonen i vinter enda med konklusjonen om at han var psykotisk.
Den tiltalte 32-åringen har norsk statsborgerskap, men er opphavleg frå Iran. Den drepte 38-åringen hadde mellombels opphaldstillatelse i Noreg og er opprinneleg frå Sudan.
Han etterlot seg kone, son og familie i heimlandet.