Planane om landets største oppdrettsanlegg blir redusert etter omfattande protestar

2 hours ago 2



Sjømatselskapet Hofseth har bestemt seg for å redusere dei omstridde planane for etablering av landets største landbaserte oppdrettsanlegg like ved verdsarvområdet på Sunnmøre.

Selskapet reduserer no produksjonsvolumet frå 100.000 tonn til rundt 30.000, stadfestar dagleg leiar Roger Hofseth i Hofseth International overfor NRK.

– Vi vil redusere for å tilpasse oss eit volum i håp om at styresmaktene kan godkjenne dette raskt, seier Hofseth.

Talet på arbeidsplassar er redusert frå 200-300 til rundt 120.

Roger Hofseth foran kontorene i Ålesund sentrum

Roger Hofseth i sjømatselskapet Hofseth.

Foto: Remi Sagen / NRK

Tommel ned frå Riksantikvaren

For det opphavelege prosjektet har møtt fleire kritiske røyster.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Riksantikvaren og Havforskningsinstituttet har meint at både fjorden og verdsarven står i fare, når avfall frå store mengder laks skal bli sleppt ut på eit punkt i fjorden.

– Verdsarvstatusen heng særs høgt, og det er berre dei mest verdifulle stadene i verda som blir skrivne inn på lista, sa Hanna Geiran til NRK våren 2024.

Også Klima- og miljødepartementet har rådd frå planane. Direktoratet for mineralforvaltning gjorde det same.

Nærings- og fiskeridepartementet har tilrådd godkjenning av planane, med vekt på auka verdiskaping og tilrettelegging for nye lønsame arbeidsplassar i distrikta, sjølv om prosjektet kan ha nokre negative miljøeffektar.

Det er på Indre Sunnmøre det store oppdrettsanlegget er planlagt.

Håper på fortgang

Det har i lang tid vore venta ei endeleg avgjerd frå Kommunal- og distriktsdepartementet.

Kommunestyret i Fjord blei orientert om endringane i planane tysdag ettermiddag. Politikarane har i all hovudsak støtta planane, for å skape arbeidsplassar på bygda. Ordførar Terese Jemtegård Moen (Sp) seier endringane ikkje er etter deira smak.

– Heile kommunestyret gir uttrykk for at vi hadde ønskt planane slik som dei låg føre i utgangspunktet, men eg vil tru at det å nedkalere vil gje dei betre sjansar, seier ho.

Også Hofseth seier han trur nedskaleringa gjer at dei vil få grønt lys.

– Det brukar jo å ta litt tid i dette kjære fedrelandet vårt. Vi treng å produsere meir berekraftig mat her i landet, og dette er eit fantastisk prosjekt, så eg håper dei ser det, seier Hofseth.

Publisert 30.06.2026, kl. 17.33 Oppdatert 30.06.2026, kl. 17.59

Read Entire Article