Pirka i forklaringa til Kristiansen: – Det spurte du akkurat om

6 hours ago 5



Baneheia-saka:

GULATING LAGMANNSRETT (TV 2): Viggo Kristiansen var offensiv då Jan Helge Andersen sine forsvarar gjekk laus på hans versjon av mai-kvelden i Baneheia.

 Fredrik Varfjell / NTB
STILLER SPØRSMÅL: Advokatane Svein Holden og Celine Krogh Furnes har begynt på utspørringa av Viggo Kristiansen i Gulating lagmannsrett. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Publisert 29.04.2025 16:30 Sist oppdatert 3 minutter siden

I fjor vart Jan Helge Andersen (44) dømt til to års fengsel for drapet på Lena Sløgedal Paulsen (10) i Baneheia 19. mai 2000.

Dette drapet stod uoppklart etter at Viggo Kristiansen (45) vart reinvaska og frifunne etter å ha urettvis sona nær 21 år i fengsel for dobbeltdrapa i Baneheia.

Andersen har anka til Gulating lagmannsrett som i desse dagar behandlar straffesaka mot han. 

 Ane Hem / NTB
HELD PÅ FORKLARING: Rettsteikning av tiltalte Jan Helge Andersen i Gulating lagmannsrett. Foto: Ane Hem / NTB

Her har han repetert versjonen han har halde fast ved i 25 år: Viggo Kristiansen var på åstaden og var den mest aktive parten. Sjølv sat han stort sett med ryggen til før han vart truga til å drepe Stine Sofie Sørstrønen.

– Det er tøft og veldig tungt å vera her, sa Kristiansen då han starta si vitneforklaring tysdag.

Det var sett av 1,5 dag til hans forklaring, men tysdag ettermiddag var han ferdig.

– Han er glad og letta for å vera ferdig. Det er siste gang han må forholde seg til dei uriktige skuldingane frå Andersen, seier advokaten til Kristiansen, Brynjar Meling, til TV 2.

Viggo Kristiansen i retten: – Alt eg har gått gjennom siste 25 år, er takka vera han

– Vanskeleg å hugse

Det var statsadvokatane som starta utspørjinga av vitnet Kristiansen tysdag. Tema var mellom anna relasjonen mellom han og Andersen og kva han hugsa om sine bevegelsar kvelden 19. mai.

Fleire gongar svara Kristansen at det er vanskeleg å seie kva han tenkte og svara om forskjellig ting den gangen.

– Kva eg hugsar at eg har tenkt den gangen har blanda seg med det eg har fått vite og lest i ettertid og det eg har tenkt på i cella gjennom to tiår. Så det er vanskeleg å svare heilt sikkert.

Litt før 13.30 tok forsvaret til Jan Helge Andersen over utspørjinga og det vart ganske snart meir temperatur i rettssalen.

Svara tilbake

Forsvararane bora særleg i kvifor Kristiansen ikkje fortalde i dei første rundspørjingane den gongen at han faktisk var i Baneheia fredag 19. mai. 

Ifølge egen forklaring for å hente reservenøklar til bua hans, som Andersen hadde på seg.

 Ole Berg-Rusten / NTB
SYNFARING: Lagmannsretten på synfaring utanfor den mykje omtalte bua til Viggo Kristiansen på Eg i Kristiansand. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Du hugsar ikkje den gangen at du var i Baneheia, men kvifor hugsa du at Jan Helge Andersen kom til deg klokka 19.30 den kvelden?, spurte forsvarar Celine Krogh Furnes.

– Det var sikkert ein antakelse. Eg kan ikkje svare på kvifor eg sa dette for 25 år sidan.

Fornes pirka vidare i små forskjellar i vitnemålet til Kristansen i retten i dag og det han sa den gangen. Til dømes at han i dag sa at han fekk auge på Andersen på vestsida av Svarttjønn, medan han har sagt austsida tidlegare.

Seinare om kvifor han kom på at han var lenger inne i Baneheia og leita etter Andersen enn bommen som han tidlegare hadde sagt.

– Det spurte du akkurat om, men no berre formulerer du det på ein anna måte, repliserte Kristiansen.

 Christian Roth Christensen / TV 2
FRIFUNNEN: Viggo Kristiansen stilte opp til eit bilete for TV 2 etter frifinninga i Borgarting lagmannsrett for nokre år sidan. Foto: Christian Roth Christensen / TV 2

– Hadde ingenting å skjule

I vitneboksen var han offensiv då forsvaret til Jan Helge Andersen pirka i det han har forklart tidlegare.

– Ja, i dag bestemte han seg for at «dette er siste gangen, no mobiliserer vi», og svare på det han hugsar, seier Meling om korleis Kristiansen hadde førebudd seg på rettsdagen.

– Men han opplevde å bli betre behandla i dag enn i tingretten i fjor, legg Meling til.

Kristiansen pirka han gjerne tilbake. Også statsadvokatane var på vakt og gav beskjed om dei meinte det var manglande nyansar i spørsmåla frå forsvaret.

Kristiansen minna om at det som ung mann var ubehageleg å vera i politiavhøyr, men at han forsøkte å hjelpe politiet med å løyse saka før han vart pågripen i september 2000. 

 Fredrik Varfjell / NTB

Statsadvokatene: – Vi må bare beklage

Då falt «alt i grus» og han opplevde å bli «møtt av ein vegg» som ikkje ville høyre på hans versjon. Statsadvokaten minna om at han samtykka til å ta DNA-test.

– Eg var på mitt trygge. Eg hadde ingenting å skjule. Eg hadde ikkje vore med på dette. Eg sat i ein situasjon der eg ville hjelpe politiet mest mogleg.

Advokat Fornes ville likevel vite kvifor han ikkje var med på leiteaksjonen i Baneheia etter jentene.

– Eg hadde ingenting der å gjera, eg var berre barnet. Eller veslevaksen om det går an å seie. Det var vaksne folk som var med å leita.

Advokat Svein Holden, også forsvarar for Jan Helge Andersen, stilte også spørsmål om den aktuelle mai-helga i 2000. 

 Fredrik Varfjell / NTB
RETTENS LEIAR: Lagdommar Elisabeth Deinboll i Gulating lagmannsrett. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Då jentene vart funne drepne, lurte Holden på om Kristiansen tenkte over at Andersen hadde vore på joggetur i Baneheia den kvelden.

– Det kan eg ikkje svare på no. Eg hugsar ikkje.

Ved rettsdagens start minna lagdommar Elisabeth Deinboll om at ho kom til å følgje med på utspørjinga og sørge for at den ikkje spora av.

– Som rettens leiar vil eg våke over at dei spørsmåla du blir stilt, har ein relevans for det spørsmålet vi skal ta stilling til: Om vi kan sjå vekk frå Andersen sin forklaring i denne saka.

– Men Andersen har som tiltalt ein rett til å gi sin forklaring. I uskyldpresumpsjonen ligg det heller ikkje eit hinder for at andre aktørar får stille deg som vitne spørsmål som er eigna til å belysa Andersen si forklaring, sa Deinboll.

Read Entire Article